Tag Archives: Val

Goliat rekk ikkje bli konfirmant

Medan fornybare energikjelder varnesten evig, er oljeressursane ei kortvarig glede. Goliatfeltet utanfor Finnmark rekk ikkje bli konfirmert før det er tomt. Dette er saman med klimaendringane og behovet for ny industri i Nord-Noreg grunnen til at SV i dag la fram ein plan for korleis vi kan skape minst 5000 nye arbeidsplassar i nord basert read more »

Isen smeltar raskare enn vi vil tru

Torsdag 13. august hadde BBC ein reportasje som er skremmande. Vi har høyrt om at havisen i Arktis smeltar, vi har høyrt om isbrear på Grønland som kalvar og sprekk, men til no har i alle fall eg oppfatta at Antarktis har vore ganske stabilt. Det er ikkje lenger tilfelle. BBC skriv på nettsidene sine read more »

Dansande president

Jacob Zuma dansar, og tilhengjarane hans dansar. Til og med den største opposisjonsleiaren Helen Zille og leger i streik dansar. Alle dansar i dette landet, og ein kan ikkje alltid vete om dei er sinte eller glade når dei dansar. Men det er ingen tvil om at partileiaren for Democratic Alliance, den kvite Helen Zille read more »

Mindre fridom i 2008

Freedom House er ein amerikansk organisasjon som måler fridomen i verda. Dei måler fridom i form av politiske rettar og ytringsfridom. Målt etter desse kriteria var verda i 2008 mindre fri enn foregåande år. Det er tredje året på rad at pila peikar nedover. Eit av dei landa som skårer dårlegare år for år er read more »

Veljarane avgjer valet

VG får seg til å skrive i dag at «Venstre kan avgjøre valet». Om det er Årebrotten sjølv eller VG sitt vanvittige utsagn veit eg ikkje. Eg er i alle fall lykkeleg over at korkje Venstre eller Sponheim avgjer valet. Det er opp til veljarane. Så kan kanskje Venstre måtte velje mellom regjeringsalternativa – det read more »

Fem like

Kva er det mest spesielle med det komande ordførarvalet i Arkangelsk? Jau, fem av kandidatane har det same namnet. Dei heiter alle Sergei Moiseev. Ein kan sjølvsagt spekulere i korfor dette skjer, men ein av dei sterkaste kandidatane ved valet heiter nettopp Sergei Moiseev og er leiar for ein organiasjon som heiter «Folkets kontroll». Guvernøren read more »

SV

Vondt i magen

Sjelden har eg vore så spent, bekymra og nervøs som no. Det er tre dagar igjen til valet. Eit val som vil avgjere om dette landet skal styrast av høgresida eller venstresida. Om kursen blir i retning meir rettferd eller meir privat rikdom. Eg kjenner at eg gler meg til valvaka, at eg gruver meg read more »