Tag Archives: Video

Varmen gjer det kaldt

Denne underlege utviklinga kan vi få om isen i Arktis held fram med å smete. Det antyder i alle fall NOAA (National Oseanic and Atmospheric Administration) i videoen du kan sjå under her. NOAA peiker på at vi ser store endringar i klimaet i Arktis og at desse vil få verknader langt utanfor arktiske område. read more »

Ny matteundervisning?

Eg skulle gjerne høyrt kva norske lærarar tenkjer om denne videoen. Er det å slå inn opne dører, er det han seier feil, eller er det noko vi kan lære her?

Vulkanutbrot

Det passa vel bra med ein video frå Eyjafjallajökul. Denne videoen er frå utbrotet i mars.

Slutt på boka

Denne artige vesle filmsnutten fann eg på IKT i læring. Den er verd å bruke nokre minutt på. Sjølv om eg må innrømme at norsk bokbransje sitt forhold til e-bøker irriterer meg. I går fann eg ei bok eg hadde lyst til å lese. Eg søkte ho opp på nettet og var klar til å read more »

Restane etter oljealderen

  På tysdag var eg og besøkte restane etter oljealderen. Eller rettare, eg besøkte ei bedrift som høgger opp gamle oljeplattformar. I løpet av dei nærmaste åra skal meir enn 500 gamle installasjonar i Nordsjøen fasast ut. Det må skje på ein miljømessig forsvarleg måte. Intallasjonane inneheld både tungmetallar, kjemikaliar og lågradioaktivt avfall som må read more »

Jeg bor i Lofoten her er lufta klar og ren

Hayek vs. Keynes

Denne vesle videoen gjev ei artig innføring i økonomisk teori. Verd å ta ein titt på, sjølv om eg tvilar på at økonomane sitt liv er like lettliva som ein kan få inntrykk av her. Takk til Paul Chaffey og A fistful of Euros for tipset om videoen.

Den beste forklaringa på det dei gjer i CERN

Denne videoen er den beste forklaringa eg har sett på kva dei eigentleg driv med i CERN med den nye maskinen som skal gjenskape Big Bang og som det var snakk om skulle føre til slutten på verda (Large Hadron Collider). Sjå, nyt og bli klokare.