Einvegskøyrd Stakkevollveg, detaljregulering av Åsgårdmarka, scooterløyper og meir

Valet er over, men politikken tar ikkje pause. På torsdag er det møte i byutviklingskomiteen i Tromsø med fleire store og viktige saker på dagsorden. Den det kanskje blir mest diskusjon om er korleis den framtidige Stakkevollvegen skal sjå ut.

Sakslista er denne. Eg skal skrive litt om nokre av sakene:

PLAN 1725 – DETALJREGULERINGSPLAN FOR ÅSGÅRDMARKA, 118/1, -1561 M.FL. NY BEHANDLING

 Fremlegg

PLAN 0256 – KOMMUNEDELPLAN FOR VANN OG AVLØP

 Fremlegg

REVIDERT FORPROSJEKT TP3 STAKKEVOLLVEGEN – JUSTERING AV PROFILVALG

 Fremlegg

PLAN 1841 – DETALJREGULERING FOR BREIVIKA HAVN NORD ENDELIG VEDTAK

 Fremlegg

MINSAK – SNØSCOOTERLØYPER OG FRIKJØRING

 Fremlegg

MINSAK – INNBYGGERFORSLAG – FARTSREDUKSJON I 50-SONEN LANGS SOLSTRANDVEGEN

 Fremlegg

KVITFJELL OG RAUDFJELL VINDKRAFTVERK – SØKNAD OM PLANENDRING, EKSPROPRIASJON OG FORHÅNDSTILTREDELSE – KOMMUNENS UTTALELSE

 Fremlegg

Åsgårdmarka

Den store saka om Åsgårdmarka har vi hatt tidlegare. Eg har skrive om denne saka her. Denne gongen trur eg ikkje det blir noko særleg til diskusjon. Detaljreguleringa ser ut til å vere i tråd med tidlegare planar. Det kan vere nokre småting vi må sjå på, men ikkje noko stort. Har du innspel så kom gjerne med dei.

Kommunedelplan vann og avløp

Dette kjem til å bli ei stor sak. Korleis vi sikrar trygt vatn til folk i Tromsø er heilt grunnleggande. Denne saka er ei saka som fastset dei heilt overordna rammene for korleis ein ny plan skal sjå ut. Eg reknar ikkje med store diskusjonar her. Det er imidlertid eit godt, men litt tørt dokument om vatn og avløp som er godt å lese for å få oversyn over saka.

Stakkevollvegen, justering av profilval

Dette er ei viktig sak for utviklinga av byen vår. Utviklinga av området mellom Hansjordnesbukta og rundkøyringa i Breivika vil bety svært mykje for byen vår.

Kommunestyret har tidlegare sagt at denne vegen skal regulkerast med fire felt. To køyrefelt og to kollektivfelt i samt sykkelveg og fortau. Dessverer viser det seg at verkelegheita ikkje heilt vil føye seg etter kommunestyret sitt vedtak. Det er ikkje plass til å gjere det slik vi helst vil. I saksframlegget skriv administrasjonen:

Arealmessig er det ikke plass til å sikre tilfredsstillende forhold for syklistene og samtidig etablere to kollektiv- og to bilfelt. Vedtatt profilvalg gir heller ikke rom for noen form for grønnstruktur langs Stakkevollvegen. Dette vil igjen få stor betydning for opplevelsen av strekningen i et svært viktig byomformingsområde. En 4 feltsprofil, uten innslag av grønt, vil framstå som en stor barriere på de bygde omgivelsene.

Administrasjonen foreslår derfor denne profilen på vegen:

Foreslått vegprofil

Eg er skeptisk til denne løysninga av to grunner. Det eine er at eg er usikker på om vi får god nok framkommelegheit for bussane. Stakkevollvegen er ein veg som har rushtrafikk i begge retningane. Vil vi klare å gje bussane nok fordel samanlikna med bilane med berre eit kollektivfelt? Skal vi klare å nå målet om at all veksten i persontrafikk skal komme med buss, sykkel og gåing så trur eg at bussen må vere minst like rask som personbilen. Det er eg i tvil om vi får til med denne løysninga. I eine retninga vil jo bussen stå og stampe i same trafikken som bilane. Fortaua blir litt smale, og vanskeleg å vintervedlikehalde med vanleg utstyr.

Den andre grunnen til at eg er skeptisk er om sykkelvegen er brei nok. Vi ønsker oss ein kraftig auke i sykkeltrafikken. Denne sykkelvegen skal ha tovegstrafikk. Eg trur det blir trangt. Særleg fordi det vil bli sykla med ulik hastigheit. Det vil vere ungar som skal til skolen og folk som syklar raskt til jobb i same områda. Nokre har el-sykkel, andre duvar roleg langs strekninga. Då vil det bli forbisyklingar etc. Eg tippar at det blir smalt med tre meter for trafikk i begge retningar. Det vil fort bli slik at syklistane vil bli pressa ut i køyrebanen. Det vil vi helst unngå.

Vegvesenet si løysning er å einvegskøyre Stakkevollvegen for andre enn bussane. Altså same profilen, men med to kollektivfelt og eit køyrefelt som er regulert for ei retning. Det gjev bussane den fortrinnsretten dei skal ha, men vil gjere tilgjengelegheita med bil til forretningane langs Stakkevollvegen vanskelegare, og kanskje vil noko av trafikken spreie seg ut i bustadgatene ovafor Stakkevollvegen. Umiddlebart synst eg likevel det høyrest ut som den beste løysninga, og trur eg kjem til å gå for den i komiteen. Det løyser ikkje utfordringa med lite plass i sykkelvegen. God eforslag tar eg mot med takk.

Det må kombinerast skilting som gjer at vi får trafikken inn i tunnelen og ikkje opp i bustadfelta, men det lar seg gjere.

Det hadde vore enklare om rushen gjekk stort sett berre i ei retning langs vegen. Då kunne vi hatt eit felt som endra køyreretning etter rushet. Men det er vanskeleg å få til her.

Eg tenkjer og at ideen om ein sykkelbane over vegen kan vere verd å ta fram igjen.

Denne saka blir nok ikkje endeleg avgjort i komiteen. Eg tippar det blir diskusjonar innad i alle partia (også i SV) heilt fram mot kommunestyremøtet for å prøve å finne ei god løysning.

Eg vil gjerne ha dine innspel.

Detaljregulering Breivika Havn nord

Reguleringskart Breivika havn Nord

Dette er ein viktig plan for Tromsø. Den opnar for 165 oppstillingsplassar for buss og at Eimskip og Fiskernes Agnforyning kan flytte nordover. Det gjev oss igjen store sentrumsnære område der dei flyttar frå.

Hovudproblemet med denne planen er at det at vi må ha ein samanhengane bussoppstillingsplass gjer at vi ikkje får trekt hovudvegen til Skattøra nedanfor dagens veg heilt fram til Ringvegen. Det betyr at hovudatkomsten til området blir gjennom ei ny rundkøyring i krysset Nordøyavegn-Stakkevollvegen, og at vi ikkje maktar å redusere støybelastninga for dei som bur i Mekanikervegen. Eg har dessverre ikkje ei betre løysning å foreslå for området, men om nokon har det så sei i frå.

Scooterløyper og frikøyring

Dette er ei sak vi har fått via innbyggarinitiativ. Dersom 300 innbyggarar ber om det må kommunestyret ta opp ei sak og avgjere den. Underskrivarane på saka vil at vi skal legge til rette for scooterkøyring i Tromsø gjennom scooterløyper og frikøyringsområde for scooter.

Frikøyringsområde har ikkje kommunen lov til å opne, og eg ville uansett stemt mot det.

Eg er i tillegg svært skeptisk til å opne område i Tromsø for køyring med scooter. Eg skjønner at det er triveleg med scooter, men for meg er det nok viktigare at vi sørgjer for å redusere støybelastninga på friområda våre i størst mogleg grad. Administrasjonen har foreslått at vi skalgreie ut om det er mogleg å etablere scooterløyper i kommunen. Eg har enno ikkje bestemt meg for om eg skal stemme mot no, eller avvente ei utgreiing. Det er jo kanskje ikkje heilt utenkjeleg at det finst område i kommunen der vi kan ha ei scooterløype utan å komme i konflik med naturverdiar eller friluftsbruk av området?

Fartsreduksjon på Solstrandvegen

Detter er også eit innbyggarforslag. Forslaget går ut på å sette ned fartsgrensa frå 50 til 30 kmt på Solstrandvegen. Administrasjone har gått gjennom forslaget og sett på dei ulike delane av Solstrandvegen og foreslår fartsreduksjon mellom Sommarfjøsvegen og Storbakken. Det synst eg verkar som ei rimeleg løysning.

 

Eg vil gjerne ha dine innspel på sakene.

 

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Kupp i Tromsø!

Det var ei underleg forestilling i byutviklingskomiteen i Tromsø i går. Høgre og Frp gjorde sitt aller beste for å kuppe ei av dei aller viktigaste beslutningane vi skal ta i Tromsø framover.

Same dagen som vegvesenet la fram sitt faglege råd for kvar den nye Kvaløyforbindelsen skal gå gjekk Frp og Høgre inn for å vedta plasseringa av den nye traseen. Dei vil altså at dette skal bli avgjort allereie i kommunestyret på komande onsdag utan at folk i Tromsø skal få tid til ein skikkeleg diskusjon om kva som er den beste løysninga for Tromsø og Kvaløya. Det dei foreslår er minst to milliardar dyrare enn brualternativet. To milliardar som sannsynlegvis må betalast av billistane i Tromsø. Sanneleg har Frp og Høgre god råd på andre sine vegne.

Dette kan knappast kallast anna enn eit kupp, og vil vere med på å gje det borgarlege byrådet eit endå tristare ettermæle.

Eg har sans for Vegvesenet sitt framlegg om ei ny bru. Det vil opne for at vi kan tilrettelegge godt for kollektivtrafikk og sykkel. Kanskje burde minst eit felt på ei av bruene bli kollektivfelt. Det vil vere med på å gje ein viktig fordel for bussen og sørgje for at bussen kjem raskt fram. Men, det kan vere gode argument mot som må fram. Vi treng denne diskusjonen no, slik at ikkje Kvaløyforbindelsen blir ei ny E8-sak.

Her kan du sjå vegvesenet sin presentasjon av sitt alternativ.

Betre transport i Tromsø

Den viktigaste transportutfordringa vi har i Tromsø er, korleis kjem vi oss frå A til B på ein rask og billig måte samtidig som vi tar vare på miljøet. Både det store miljøet i form av klimaendringane, og det lokale miljøet i form av vegstøv og jordvern.

SV meiner at det ikkje kan vere tvil om at å få fleire til å bruke buss, å få fleire til å gå og få fleire til å sykle er ein viktig del av løysninga.

Bilde av ein tromsøbuss
Vi treng fleire og raskare bussar i Tromsø.Foto: calflier001/WikimediaCommons
  • Vi må få til eit enno betre busstilbod. Vi må vere trygge på at bussen kjem når han skal komme, vi må ha ein buss som går oftare, og i rushtida treng vi fleire direktebussar. I SV ser vi og for oss at vi bør opprette eit offentleg eigd busselskap for å drive bussan ei Tromsø når dagen anbud går ut og nye kontraktar skal skrivast.

  • Vi må legge betre til rette for dei som syklar. Vi treng eigne sykkelvegar langs dei viktigaste rutene. Det må vere sykkelvegar der syklande og gåande ikkje er saman. Når du syklar til og frå jobb skal det helst gå fort. Då er det ikkje alltid trygt å blande gåande og syklande. Langs dei viktigaste sykkelvegane må syklistane få forkøyrsrett der sykkelvegen kryssar bilvegen. Eit døme kan vere langs vestsida av Tverrforbindelsen. I alle avkøyringane frå Tverrforbindelsen har i dag syklistane vikeplikt. Det reduserer kraftig farta og tryggleiken til syklistane ned Tverrforbindelsen. Her bør vi skilte slik at bilane får vikeplikt for dei som syklar. I tillegg er det fleire og fleire som skaffar seg el-sykkel. El-sykkel er ei fantastisk oppfinning for ein bakkete by som Tromsø. Legg vi skikkeleg til rette for sykkel kan vi verkeleg auke sykkelbruken.

  • Ein av grunnane til at mange vel å bruke bilen er at vi synst det er utrygt å la ungane gå eller sykle til skolen langs utrygge skolevegar. Spesielt vinterstid kan det ofte bli trangt og uoversiktleg. Lagar vi trygge skolevegar reduserer vi trafikken (det i seg sjølv gjer skolevegen tryggare), vi gjev ungane våre gode vaner og betre helse. Tromsø treng ei storsatsing på trygge skolevegar.

Kvaløysambandet er viktig, men uansett korleis vi snur og vender på det så kjem det ikkje eit nytt kvaløysamband i morgon. Derfor blir satsinga på buss og sykkel heilt sentralt for å redusere belastninga på Sandnessundbrua og Giæverbukta. Nå ein person vel buss eller sykkel framfor bil blir det betre plass på vegen for dei som må bruke bilen. For Kvaløya treng vi verkeleg eit godt vintervedlikehald som legg til rette for sykling og fleire direkteruter med buss til Breivika og Sentrum, ruter som ikkje må gjennom rundkøyringa i Giæverbukta to gonger på kvar tur. Det kan og vere fornuftig å vurdere å einvegskøyre brua i dei verste periodane. Når eit nytt samband til Kvaløya kjem må vi og gjere noko med Giæverbukta og Tverrforbindelsen. Desse tre heng saman og må sjåast i samanheng for å få ei god trafikkavvikling. Og, for at det ikkje skal vere tvil, SV meiner vi treng eit Kvaløysamband.

Dersom ikkje byrådspartia med Frp i spissen hadde tulla det til med ny E8 på austsida kunne vi vore i gang med bygginga av ny E8, og det trengst. SV si haldning er at vi vil bygge vegen der det går raskast å sette i gang med bygginga. Framleis er det vestsida, men det kan endre seg. Det må vere slutt på å ri kjepphestar. Det er på tide å bygge vegen.

Det som er heilt sikkert er at vi ikkje får til eit stort løft for vegar og bussar i Tromsø utan større inntekter. Vi kjem dessverre ikkje utanom bompengar eller rushtidsavgift. Drivstoffavgifta er dessverre ikkje nok. Dersom vi no er litt smarte og samarbeider i Tromsø kan slike avgifter føre til ei stor statleg satsing. Vi kan ikkje greie dette løftet åleine, men vi får det heller ikkje til om vi ikkje bidreg sjølv.

Bybane i Tromsø?

Ein bybane i Tromsø hadde gjort seg, her frå London. Foto: David Iliff/Wikimedia Commons

Det er klart vi skal ha bybane i Tromsø. Vi treng ein måte å transportere folk på som ikkje slepp ut CO2, som ikkje krev store areal til vegar og som ikkje skaper svevestøv. Ein bybane er kanskje ein del av løysninga på dette.

iTromsø har ei sak i dag om at byutviklingsetaten i Tromsø syslar med slike planar. Ein bybane mellom sentrum, Gieværbukta/Langnes og Breivik.

– En slik bane vil riktig nok ikke bli lønnsom før om noen år. Men dersom vi bygger ut byen «riktig» med tanke på en baneløsning, kan det være en fordelaktig løsning, sier Per Hareide, kontorsjef ved byutviklingskontoret i kommunen.

Eg har stor tru på ei baneløysning, særleg dersom vi etterkvart koplar Kvaløya og Tromsdalen på banen. Men ein tradisjonell bane løyser ikkje det store problemet med kollektivtrafikken. Det problemet er at den er kollektiv. Bilen derimot er individuell. Den går når eg vil, og den går dit eg vil. Skal vi bygge ein bane for framtida må vi bygge ein bane som kombinerer det beste med bilen, med det beste med kollektivtrafikken.

Det betyr at vi må bygge ein bane som ikkje har store vogner, men små vogner. Ein bane som er heilautomatisert. Ein bane utan tidtabellar. Ein bane der eg sender ein SMS fem minutt før eg skal reise, og når eg kjem til haldeplassen står vogna og ventar på meg. Dei tekniske løysningane for dette finst – om vi vil. (Eg har skrive om ei mogleg løysning før her på bloggen.)

Dette betyr at vi må bygge ein bane som er skilt frå anna trafikk, anten i eigne trasear, opphengt eller i tunellar. Eg har litt sansen for tunellar, med heisar opp til viktige knutepunkt.

Så er det liten tvil om at finasieringa av dette ikkje blir lett å få på plass. Kommunen og fylket flyt ikkje over av mjølk og honning – det gjer derimot staten. Eg trur det er større sjanse for å få på plass statleg finasiering om vi lagar eit konsept som ikkje er prøvd mange gonger før. Verdas første metro/bybane opna i London i 1863.

Eg trur det er på tide å ta neste steg i utviklinga. Kanskje kan det skje her i Tromsø.

Svevestøvet

Det er sjølvsagt ikkje overraskande at det kjem oppslag i media om store mengdar svevestøv i Tromsø. Det kjem av at vi held oss med eit svært ineffektivt transportsystem.

Her om dagen høyrte eg på eit podkast frå freakonomics. Der sa dei noko som eg visste, men kanskje ikkje har tenkt så mykje over. I USA er 80 prosent av passasjerkapasiteten i bilane ubrukt. Dette er sjølvsagt lite effektivt – å køyre rundt med så mykje ledig kapasitet.

Dette heng saman med svevestøvet i Tromsø. Ein av hovudårsakane til svevestøvet er biltrafikken. Tenk kor mykje vi kunne redusert mengda svevestøvet i byen og andre utslepp om vi kunne gjere transporten vår meir effektiv.

Det er fleire måter vi kan gjere det på. Det enklaste er å gjere bilkøyring dyrare, slik at fleire vel effektive transportmåtar som føtter, sykkel eller buss. Men vi kan og effektivisere systemet gjennom å fylle opp bilane slik at vi utnyttar kapasiteten til bilane våre betre.

Vi kan gjere dette på fleire måtar. Eg synst kommunen i samarbeid med NAF og miljøorganisasjonane burde sette opp eit system som gjer det enklare å dele bilturane. Det bør bli enkelt å ta med folk som skal same veg som deg. Fyll vi opp bilane blir det mindre trangt på vegane, raskare å kome fram og det blir mindre forurensing.

Dersom vi kombinerer dette med eit system med vegprising der du får rabatt om bilen er full av folk, heller enn ein person og matpakka hans så trur eg vi kan ende opp med eit mykje meir effektivt og eit billigare transportsystem.

Korleis spare 200 millionar?

Faksimile frå iTromsø - busskrise
Faksimile frå iTromsø - busskrise
Korleis skal Nobina unngå å kutte i folk og framleis køyre 200 millionar billigare enn andre?

Vi har fått eit nytt busselskap i Tromsø – Nobina heiter det. Selskapet skal køyre 200 millionar billigare enn konkurenten. Korleis får ein til det? Ved å kome for seint.

For, bussaner kostar omtrent det same for alle selskapa.

Dieselen har omtrent same pris for alle

Verkstadkostnader er vel nokonlunde like.

Då gjenstår berre ein plass å spare. På dei tilsette. På bussjåførane. Du sparer pengar ved å ha færre folk. Få dei til å køyre meir. Få dei til å ta færre pausar. Kanskje redusere løn eller pensjon.

Det ser ut som det er akkurat det som er i ferd med å skje i Tromsø. Bussane til nyselskapet går ikkje. Dei går for seint, og folk frys medan sjåførane blir utslitte. Sjåførane har ikkje lenger nokre minutt på endehaldeplassen som gjer at dei kan få ruta til å gå opp, eller ta ein liten pause. Då forplantar forseinkingar seg utover dagen. Då blir sjåførane slitne og sjuke. Det blir endå færre sjåførar. Problema blir større.

Det var ikkje vanskeleg å spå at dette ville skje når bussane vart sett ut på anbod.

Lat oss håpe det blir betre, og at arbeidstilhøva for sjåførane blir betre. Men kvar kan då selskapet spare 200 millionar?

Kom gjerne med dine spådomar i kommentarfeltet

Sjå og iTromsø og Nordlys