Pappaperm, snåsamannen og blasfemi

I dag er første dagen av pappapermisjonen min. Eg skal vere heime med den fantasiske dottera mi i tre og ein halv månad. Kjenner eg meg sjølv rett blir i alle fall første del av permisjonen flott. I den perioden eg er heime er eg sjølvsagt ikkje fylkesråd. Wenche Cumming vikarierer for meg, du kan kontakte ho på wenche.cumming@tromsfylke.no.

Det er fleire ting eg har tenkt eg burde skrive om på dene bloggen, men så langt har eg vore i tvil om korleis eg skal gjere det. Snåsamannen har saman med andre skapt ein debatt om helsepolitikk. For meg er det sjølvsagt viktig, og i den grad folk blir betre er jo det flott. Så kan ein diskutere i det vide og det breie om det er placeboeffekten eller ana som slår til. Det som uansett er problematisk er kva dette seier om statusen til vitskapane i samfunet vårt. Vi kan vel alle vere samde om at vitskapane og den vitskaplege metoden har vore ei lykke for oss. Det har gjeve oss auka livskvalitet, det har gjeve fleire menneske høve til å leve gode liv, og har blant alt ana gjort denne bloggen muleg. Kva seier det så om samfunnet vårt at så mange trur på noko som det har vore forska mykje på, og der ein aldri har funne vitsdkaplege prov for at det hjelp? Tvert i mot, har det blitt ganske så ettertrykkeleg bevist at healing og anna ikkje hjelp. Tvilsvarande er det slik at 25 prosent av det norske folket ikkje trur på evolusjonsteorien. Kva slag framtidsperspektiv gjev dette oss? Er dette byrjinga på slutten til den vitskaplege æraen i verdas historie? Eg har inntrykk at vitskapane står svakare enn på lenge, ikkje berre i Noreg, men i store delar av verda. Kva meiner du?

Eg blir og litt bekymra for den nye blasfemiparagrafen som det ser ut til at regjeringa kan foreslå. Du kan jo ta ein titt på dette innslaget på NRK. Eg er glad for Bård Vegard sitt svar. Eg blir litt bekymra fordi religionskritikk ofte har opphavet sitt i vitskapen. Tenk berre på Galileo Galilei. Skal denne typen oppgjer med djupe religøse kjensler ikkje lenger vere lovleg? Korleis skal vi då bringe verda vidare. Samstundes finst det gode grunnar til å forby hatfulle ytringar. Men det må vi vel kunne gjere utan å kople det til religionskritikk? Men i all min prinsippielle motstand mot at blasfemi skal vere straffbart er det verd å ta med seg det Henrik Lunde skriv i Aftenposten.

SVs arbeidsprogram: Velferd

Dette er kanskje det kapitlet i programmet som skaper mest debatt. Her finn ein både juryordninga og dissensen om underlivsundersøking på jenter. Eg er direkte usamd med ein del som står i dette kapitlet, vi kan for eksempel ikkje frede alle sjukehusa. Det beste i kapittelet er satsinga på ein tannhelsereform.

Fleire av oss får heldigvis (eller dessverre?) råd til å sette oss i ein slik om SV får bestemme: Foto: Wikipedia Commons
Fleire av oss får heldigvis (eller dessverre?) råd til å sette oss i ein slik om SV får bestemme: Foto: Wikipedia Commons

Tidleg i programutkastet blir det slått fast at dei tilsette er den viktigaste faktoren for gode velferdstenester. Det er eit godt og riktig utgangspunkt for ein diskusjon. Det er dei tilsette som utgjer velferdstenestene og deira medverking er naudsynt for å utvikle dei vidare.

I avsnitta om sjukehus er det mykje å diskutere. Komiteen skriv at SV vil jobbe for at ingen lokalsjukehus skal leggast ned og at dei skal tildelast nye oppgåver. Eg veit ikkje heilt kva komiteen har tenkt på her. Kanskje finst det nye oppgåver å legge til lokalsjukehusa, men eg tviler. Svært mykje medisinsk behandling er blitt så spesialisert at det er utopisk å tenke seg at vi skal kunne ha kompetanse sprett over alt. Mange sjukdomar er slik at overlevingsmulegheita er mykje større om du kjem til eit spesialisert miljø. Vi kan ikkje ofre liv på lokalsjukehusa sitt alter. I den andre enden er det ein del som skjer på lokalsjukehusa som med fordel kan flyttast ut til primærhelsetenesta og distriktsmedisinske senter. Det vil gje eit meir lokalt helsetilbod enn lokalsjukehusa er i dag og vere med på å bygge viktig kompetanse i kommunehelsetenesta. Det viktigaste vi kan gjere for å løyse utfordringane i og med sjukehusa er å satse på primærhelsetenesta. Det er ikkje dette programmet tydeleg nok på.

Men misforstå meg ikkje, eg vil ikkje lokalsjukehusa til livs, eg vil at vi skal vere pragmatiske. Derfor kan vi ikkje frede sjukehusstrukturen. Dersom vi skal bygge eit helsevesen med høgare kvalitet innafor ei kostnadsramme i kan leve med kan vi ikkje utelukkande basere oss på kor det vart bygd betongklossar i ei tidlegare tid med andre kommunikasjonar og ein heilt anna kunnskap og teknologi på sjukehusa. I tillegg er det ingen tvil om at vi har for mange sjukehus på det sentrale austlandsområdet og at dette tar for mykje ressursar.

Eg forstår at komiteen går inn for å endre styringsstrukturen for sjukehusa. Dagens modell er ikkje god nok. Dessverre hadde ikkje regjeringa guts til å gjennomføre ein regionreform som ville gjort det muleg å tilbakeføre sjukehusa til eit regionalt styringsnivå. Då blir ei strengare departements- og direktoratsstyring einaste alternativet. Eg har sansen for at Stortinget skal vedta ein nasjonal helseplan á la Nasjonal transportplan, men er i tvil om dette er nok til å få kontroll med økonomien i sjukehusvesenet.

Tannhelsereform
Noko av det raraste med Noreg er at tennene ikkje er ein del av kroppen. Eg er derfor hoppande lykkeleg for at programutkastet er tydeleg på at dei no skal bli. I programmet skriv komiteen:

SV vil foreslå en tannhelsereform som innebærer at tannlegebehandling som er medisinsk nødvendig i størst mulig grad er underlagt de samme betingelser som sykehus- og legebehandling. SV vil begrense egenandelen til 2.500 kroner per år for nødvendig tannlegebehandling. Det tilsvarer egenandelstak 2, som noe av tannlegebehandlingen går under allerede i dag. De som går jevnlig til tannlegen og har normalt god tannhelse vil med en reform betale omtrent det samme som i dag, mens de som i dag ikke kontakter tannlege vil få begrenset sine kostnader til 2500 kroner for nødvendig tannbehandling med en slik ordning. For en del grupper er det nødvendig at tannhelsetjenesten er helt gratis. SV vil foreslå at ungdom opp til 23 år får gratis tannhelsetjeneste. For å hindre for høye kostnader ved ordningen vil SV innføre prisregulering på tannhelsetjenester gjennom nasjonale takster, i kombinasjon med refusjonsavtaler for tannleger som inngår i ordningen.

Dette er ein god start på ein tannhelsereform i landet. Og kanskje blir fleire glade etterkvart.

Eg er meir i tvil om forslaget om å innføre turnusteneste for tannlegane. Dersom dette grunngjeve i at utdaninga per i dag ikkje er god nok kan eit slikt forslag vere greitt, men slik er det ikkje argumentert i programutkastet. Det er rett og slett ikkje argumentert for dette. Eg har ein mistanke om at det skal vere ein måte å få tannlegar ut i distrikta på. Det har eg sansen for, men er litt i tvil om at det vil fungere slik. Turnusteneste på lik linje som for legane står det, det betyr eit opplæringsinnhald. Det tviler eg på om vi kan gje i dei ditriktsområda som slit mest med tannlege per i dag. Det vil ikkje vere kapasitet til å drive opplæring utan at det går ut over pasientbehandling – ja kanskje er det ikkje ein eldre og erfaren tannlege som kan rettleie. Dersom vi meiner at det skal vere pliktår for tannlegar så får vi heller seie det. Ein spade for ein spade.

Underlivsundersøking
Den første dissensen i dette kapittelet handlar om obligatorisk underlivsundersøking for alle – både jenter og gutar. Dette punktet har skapt ein stor offentleg debatt. Sjå for eksempel livet leker eller Audun Lysbakken begge med tilhøyrande debatt. Eg må innrømme at eg er i sterk tvil om kva eg skal meine. Eg trur det eg meiner vil avhenge av kor ingåande ein slik undersøkelse av jentene skal vere. Eg trur på argumenta rundt avmystifisering av kjønnsorgana, og dersom undersøkinga er av ein ikkje djuptgåande natur trur eg at det er eit godt framlegg. Eit viktig innlegg i debatten finn eg i Tidsskrift for den norske legeforening nr 18/2007:

For det andre er det grunn til å tro at legers kunnskap om de normale anatomiske forhold i anogenitalområdet er mangelfulle. Dette er også dokumentert i flere internasjonale studier. I en amerikansk studie fra 2000 der leger ble bedt om å identifisere genital anatomi fra et bilde, kunne bare 72 % korrekt identifisere urinrørsåpningen, 62 % jomfruhinnen og 79 % de store kjønnsleppene (15). I en tilsvarende undersøkelse av barneleger fem år senere var situasjonen noe bedre, med korrekt identifikasjon av de ovennevnte strukturer i henholdsvis 84 %, 71 % og 89 % av tilfellene (16). Sett i lys av de siste 15 års praksis er det liten grunn til å tro at forholdene ved norske helsestasjoner og poliklinikker er bedre. Dette kan ha som konsekvens at sykdommer i jenters underliv blir diagnostisert feil eller på et for sent tidspunkt. Etter våre erfaringer er det ikke sjelden at jenter får diagnosen residiverende urinveisinfeksjon når de egentlig har såkalte labiale synekier. Denne tilstanden blir ofte henvist som «hymen imperforata» eller «vaginalatresi», noe som også illustrerer mangelfulle anatomikunnskaper. Vi har dessverre også sett flere eksempler på at barn har fått diagnostisert seksuelle overgrep på grunn av feilaktig tolking av «forandringer» i underlivet, med derpå følgende feilaktige dommer.

Kriminalitet og jus
Dette er gode kapittel, sjølv om eg meiner at vi må diskutere straffa si betydning meir. Straffa skal virke preventiv, dvs føre til at andre ikkje forbryt seg eller at handlinga ikkje blir gjentatt. Det er kanskje det viktigaste. I eit slikt perspektiv blir sjølvsagt habilitering og rehabilitering av fangane viktig og naudsynt for å forhindre ny kriminalitet og for å føre forbrytarane tilbake til samfunnet. Men, treng vi ikkje og ein diskusjon og hemn som eit reelt og relevant motiv ved utmåling av straff? Eg er ikkje sikker, men eg trur at hemn må vere ein del av straffeforfølginga. Det er ikkje pent, det er kanskje ikkje så sivilisert som vi skulle ønske oss, men eg trur det må vere ein del av pakka.

Den andre dissensen i dette kapittelet handlar om juryordninga. Fleirtalet i komiteen går inn for å erstatte juryen med ein utvida meddomsrett der lekmenn og fagdommarar sit i lag og dømer. Hovudargumentet for ei slik ordning er at dagens jury ikkje grunngjev korfor dei svarer ja eller nei til skuldspørsmålet. Eg meiner at det vere muleg å finne ordningar som gjer at også ein jury kan grunngje avgjerda si, utan å la fagdommarane få meir makt. Eg trur det framleis er rett og riktig at ein skal dømast av sine likemenn. Det at ein skal dømast av sine likemenn betyr og at vi må gjere noko med korleis jurymedlemmar blir valt ut. Eg trur at ei grunngjeving kan skje gjennom at ein fagdommar er bisittar i juryen, sekretær om du vil og ut frå det som skjer i juryen skriv ei grunngjeving som juryen må akseptere. Det vil kanskje løyse nokre av utfordringane med den ordninga vi har i dag, utan å kaste ungen ut med badevatnet.

Alt i alt er dette eit kapittel som kan gje oss mange gode debattar. Det er viktig, og gode politiske standpunkt til slutt.

Fleire innlegg om forslaget til nytt arbeidsprogram finn du her

Derfor må skatten opp

Dessverre er det slik at sakte, men sikkert må skattenivået i Noreg og alle andre industrialiserte land bevege seg oppover. I alle fall er det slik om vi ønsker at velferdsnivået skal halde seg på omtrent same nivå som i dag. Korfor spør du kanskje, jo eg skal prøve å svare.

Det er ein stor skilnad mellom det meste av offentleg produksjon og det meste av privat produksjon. Den eine store skilnaden er at over tid vil tilførsel av kompetanse og kapital auke produktiviteten i privat sektor, meir enn i offentleg sektor. Det handlar ikkje om at offentleg sektor er mindre effektiv, men det handlar om kva som blir produsert.

Før eg går vidare vil eg berre nemne at det som kjem no er arketypisk, det vil vere unnatak, og eg meiner at effektiviseringspotensialet i offentleg sektor er høgt. Då var det sagt, så er kanskej sjansen for å bli misforstått redusert litt.

La oss samanlikne ein bilfabrikk med ein skole. Dersom du tilfører ein bilfabrikk meir kapital og kompetanse vil produksjonen auke. Nye maskinar vil gjere at det blir produsert fleire bilar for kvar som jobbar i fabrikken. Kanskje produserte fabrikken to bilar per tilsett i 1980, idag produserer fabrikken 100 bilar per tilsett (desse tala er fiktive og har ingen ting med røyndomen å gjere med mindre eg har usannsynleg flaks, men dei vil illustrere poenget mitt). I denne fabrikken har altså produktiviteten gått opp. Alle er nøgde, kapitaleigarane får større profitt og forhåpentlegvis har arbeidarane fått høgare løn. I skolen har det ikkje skjedd noko tilsvarande. I 1980 utdanna kvar lærar 15 elevar. Fram til i dag har vi tilført kunnskap og kapital i skolen, men framleis vil kvar lærar berre utdanne 15, eller kanskje 16 elevar. Ikkje fordi læraren ikkje er effektiv, men fordi skolen (som sjukeheimar ol.) ikkje kan bli erstatta av teknologi. Eleven treng ein person som rettleiar og førebilete.

Dersom då læraren (som får løna si frå det offentlege – altså frå skatten) skal ha same lønsutvikling som dei som arbeider i bilfabrikken må altså dei som eig fabrikken og dei som arbeider i fabrikken betale meir i skatt no enn dei gjorde i 1980. Både kapitaleigaren og fabrikkarbeidaren vil likevel sitte igjen med mykje meir i dag enn i 1980. Dette synst eg er greitt å forstå. Dersom vi skal ha gode skolar og gode sjukeheimar (bransjar der produktiviteten ikkje kan aukast kraftig gjennom innsprøyting av kapital) må dei bransjene der produtivitetsveksten er stor betale meir.

Då blir det interessant å sjå, korleis har utviklinga i skattenivået i Noreg vore mellom 1980 og i dag? Eg har ikkje funne tal heilt tilbake til 1980, men i 1992 var det offentlege sin andel av fastlands BNP (i følgje NHO ) 61,4% i 2004 var dette redusert til 57,7%. I følgje finansdepartementet har skatteandelen vore omtrent den same i heile perioden frå 1980 til 1997. Det offentlege har ikkje fått den auka inntekta som trengst for å halde oppe kvaliteten på velferdstenestene.

I den same perioden har skolane blitt nedslitte, det har vore konstant krise i helse- og omsorgssektoren og vegane er blitt nedslitte. Tilfeldig? Neppe! Offentleg sektor er rett og slett underfinansiert.

Oppdatering 24.08.08

Skattedebatten har starta, sjå VG og Dagbladet

Helse Sør-Øst får for mykje

Det sluttar aldri å forundre korleis det som skjer på det sentrale austlandsområdet får større vekt enn det som skjer i resten av landet. I løpet av denne vinteren har det vore mykje skriveri om dei økonomiske problema i Helse Sør-Øst, mens resten av landet i stor grad har blitt ignorert. Det vi veit, er at Helse Sør-Øst får nesten 800 millionar meir enn behova tilseier, medan dei andre helseføretaka får tilsvarande for lite.

Regjeringa nedsette i desember 2006 eit offentleg utval under leiing av professor Jon Magnussen med oppgåve å gjennomføre ein brei fagleg gjennomgang av fordelingsmekanismane i dagens basisløyvingar til dei regionale helseføretaka. Formålet var å kome fram til eit system som er så enkelt og rettferdig som mogeleg.

Utvalet sitt forslag til inntektsfordeling skal sikre at dei fire regionale helseføretaka er i stand til å tilby innbyggjarane likeverdig tilgang til spesialisthelsetenester. Forenkla sagt vil ei fordeling ut frå forslaget til utvalet kompensere for reelle regionale skilnader i behov og kostnader. Dette utgangspunktet viser då at Helse Nord, Helse Midt og Helse Vest ha ein større del av løyvingane enn med dagens modell. Dette vil bidra til realisering av Regjeringa si målsetjing om gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av personleg økonomi og bustad. Dessverre har vi ikkje likeverdige tenester i dag. Vi kan ikkje leve med ei skeivfordeling av eit sentralt velferdsgode som helsetenester er.

I utgreiinga kjem det fram at det er regionale skilnader i den delen av konsultasjonar som blir utført av private kontra offentlege spesialistar/sjukehus, men det mest interessante her er det totale talet konsultasjonar per 1000 innbyggjarar. Desse tala viser at Helse Nord har det nest lågaste tal konsultasjonar på 1188 per 1000 innbyggjar, mens Helse Sør-Øst har det høgaste talet konsultasjonar på 1305 per 1000 innbyggjarar. Dette har blant anna samanheng med tilbodsstruktur, dvs. kvar spesialistane er lokaliserte og avstand frå befolkninga til desse.

Noko av det viktigaste som kjem fram i utvalet sitt arbeid er at nyare data og analysar klårt viser at sosial ulikskap burde telje meir med i inntektsfordelinga. Så lenge det ikkje blir korrigert for reelle behovsskilnader, vil ein heller ikkje få ei korrekt fordeling av inntekter mellom helseføretaka.

Utgreiinga til utvalet gjev ein god dokumentasjon på at geografiske ulikskapar i behov og kostnader til no ikkje har vore inkorporert godt nok i inntektsfordelingsmodellen. Dette har gjeve seg utslag i at helsetilbodet i nokre delar av landet har vore betre enn i andre delar av landet. Slik kan vi ikkje ha det i framtida, og det betyr at vi må omfordele ressursar frå Helse Sør-Øst til dei andre helseføretaka. I Noreg har vi fritt sjukehusval. Så lenge helse Helse Sør-Øst har eit betre tilbod enn dei andre helseføretaka vil det vere med på å flytte pasientar frå dei andre helseføretaka til Helse Sør-Øst. Kvar gong ein pasient vel å benytte seg av sitt frie sjukehusval og reise til eit anna sjukehus, er det avsendarsjukehuset som må betale heile rekninga. Når Helse Sør-Øst får meir pengar enn dei burde hatt samanlikna med dei andre helseføretaka vil dei og jamt over og ha kortare ventetid. Det vil føre til at pasientar vil velje seg bort frå Helse Nord, Helse Midt eller Helse Vest. Ikkje berre må desse pasientane då måtte reise lenger enn andre, men det vil og tappe helseføretaka for pengar – pengar som vil gå til å gje innbyggjarane i Helse Sør-Øst sitt område eit betre tilbod enn i andre delar av landet. Over tid kan dette bidra til å utarme kompetansen ved dei andre sjukehusa og dermed i enno større grad skeivfordele tilgangen til gode helsetenester. Spesielt tydeleg kjem dette til å bli fordi utvalet legg opp til at helseføretaka som sender pasientar frå seg skal betale heile rekninga.

Utvalet har påvist ein klår samanheng mellom klima og ressursbehovet innanfor somatikk. Dette kriteriet åleine ville dersom det vart brukt fullt ut i modellen gje ei omfordeling på ein milliard kroner frå Helse Sør-Øst til dei andre helseføretaka, særleg Helse Nord. Ettersom dette er eit nytt kriterium har det i utvalet vore diskusjonar rundt bruken av dette. Som eit kompromiss enda ein opp med å ta inn kriteriet med 20 % av reell verdi. Klima tel dermed for 200 millionar av den totale omfordelinga på 781 millionar kroner frå Helse Sør-Øst. Verken befolkning eller helseføretak kan gjere noko for å førebyggje regionale klimaskilnader, og det er naturleg at ein gradvis aukar bruken av klimafaktoren opp til i første omgang 50 % og seinare 100% av faktisk kostnad. Alternativet er at folk i Nord-Noreg skal ha dårlegare tilgang til helsetenester enn folk i resten av landet.

Helseføretaka sit på mykje kapital knytt til sjukehusbygningar og utstyr. Utvalet har ikkje vurdert det reelle behovet, men slår fast at skilnadene skal utliknast over 20 år. Det betyr at utvalet ikkje har tatt omsyn til at ein i delar av landet har ei spreidd befolkning og dermed treng fleire sjukehus og meir utstyr i forhold til folketalet enn andre delar av landet. Det er derfor openbart at vi må ha ein ny gjennomgang av kapitalstrukturen i landet. Kapitalbehovet kan aldri bli likt mellom helseregionane. Dersom alle skal ha eit sjukehus i nærområdet sitt så er det ikkje i Helse Nord at kapitalen (les: talet på sjukehus) må reduserast. Den reduksjonen må komme i det sentrale austlandsområdet.

Eg meiner at utvalet sin modell vil vere eit første steg i retning av å rette opp noko av skeivfordelinga mellom landsdelane. Kriteria i modellen framstår som vel velgrunna, og må følgjast opp, og føre til ei reell omfordeling mellom helseregionane. Dersom utfordringane knytt til kapital og klima blir retta opp vil vi nærme oss eit rettferdig system, med eit likeverdig helsetilbod i alle delar av landet. Det kan nok vere eit visst behov for overgangsordningar, men eg vil likevel understreke at dokumenterte skilnader i behov og kostnader må leggjast til grunn dersom vi skal få eit rettferdig system. I motsett fall vil det vere ei bevisst prioritering som gjer at innbyggjarar i Helse Sør-Øst får eit betre helsetilbod enn i resten av landet.