Ny videoblogg om sonderingar og økonomi i Tromsø kommune

Teksten er sånn ca den same som i videoen.

Det er ei stund sidan førre videoblogg, og skal eg vere heilt ærleg er det ikkje fordi eg manglar ting å snakke om, men fordi eg slit med å snakke om det på ein morsom og interessant måte. Så då scrollar eg heller gjennom TikTok i timesvis. For det finst ikkje noko enklare måte å kaste bort timar på ein tiktok. Dei av dokker som ikkje har prøvd, vit at dokker kjem til å oppleve mange fleire timar i livet dokkar enn oss andre.

Men, dette skal ikkje handle om tiktok, det skal handle om politikk. Og då må eg nesten starte med det som skjedde og skjer på Hurdalssjøen.

Visste du forresten at Hurdalssjøen har eit yrande bade, båt og strandliv når det ikkje er regjeringsforhandlingar og sonderingar? Og at innsjøen var ei viktig ferdselsåra før i tida. Alt i følgje Hurdalinfo.no

OK nok funfacts og utanomsnakk.

Kven har skulda, kven vann og kven tapte?

Som dokker alle veit braut SV sonderingane på Hurdalssjøen, vi kjem derfor etter alle solemerker til å få ei regjering som består av Ap og Sp. Eg synst det er veldig trist for landet. Eg trur og meiner jo at SVs politikk er det som er best for Noreg.

Det er sjølvsagt mykje vi ikkje veit om det som skjedde under sonderingane, men dersom det vi har høyrt er rett er det det ganske trist. Ap og Sp ville ikkje vere med på eit meir rettferdig skatteopplegg om og kunne finansiert gratis SFO og gratis/billigare tannhelsebehandling. Når du kombinerer det med manglande gjennomslag for viktige klimagrep så er det jo ikkje rart SV måtte gå ut.

Så kunne vi sjølvsagt diskutert i det vide og det breie kven som har ansvaret, om Jonas er ein dott, dust, sleip eller klok. Det trur eg ikkje vi blir noko klokare av. Det som er heilt sikkert er at miljø og klima tapte, og at dei som ønska seg eit meir rettferdig Noreg tapte.

Det mest irriterande for meg er likevel at det blir mykje vanskelegare å vere sint på den nye regjeringa enn det var å vere sint på den gamle. Eg liker jo Ap og Sp – i alle fall litt. Det er mykje enklare å vere sur og sint på Høgrefolk enn på Ap og Sp folk. Men eg stålset meg for det som måtte komme og skal vel klare å bite tennene saman og vere sint og sur på den nye regjeringa og når det trengst.

Så er det mykje som skal vedtakast i Stortinget framover, og i Stortinget er SV den enklaste vegen for ei Ap/Sp-regjering og få fleirtal gjennom eit samarbeid med SV. Eg er heilt sikker på at SV kjem til å bruke den moglegheita til å sikre ein betre politikk for klima og rettferd. Eg er og heilt sikker på at om AP/SP vel å samarbeide med sentrum eller høgresida så kjem det til å straffe seg for dei partia.

Økonomien i Tromsø koommune

Men det får vere nok nasjonale ting, det er jo trass alt i Tromsø ting verkeleg skjer. Så skjer det nok mange artigare ting i Tromsø enn at kommunen legg fram økonomirapport 2. Eg håper i alle fall det! Men kommunen si økonomirapportering er viktig.

Hovudtalet som det er viktig å få med seg er at kommunen går med et overskott på 51 millioner kroner i 2021 dersom prognosen held seg ut året.

Men det hovudtalet er sjølvsagt ikkje heile historia. Realiteten er at utgiftene har auka ganske kraftig fra 2020 men heldigvis har også skatteinngangen vore god. Det betyr at sjølv om vi har opna opp Kvaløysletta sjukeheim og styrka fastlegane i Tromsø så klarer vi fremdeles produsere et lite overskott.

Framleis har vi dei same utfordringene som vi har sett i lengre tid. Mangel på eigna bustader og mangel på institusjonsplassar gjer at vi får dyrare løysingar innanfor helse- og omsorg og når vi kombinerer det med mangel på viktig fagpersonell som sjukepleiarar så må vi leige inn og kjøpe tenester for ganske mange millionar. Eg har derfor stor tru på at den strategien vi har valt, med å satse mykje på bustader og omsorgsbustader i Tromsø, er rett veg å gå men dessverre tar det tid å kjøpe eller bygge nye omsorgsbustader.

Det vi også ser er at det er større etterspurnad etter kommunale tenester. Barn og unge har utfordringer, kanskje i etterkant av pandemien, som gjer at vi må sette inn større ressursar på spesialpedagogikk. Vi ser og at vi har mange som treng ein til ein tiltak. Det er dyrt.

Kommunedirektøren understreka og dette poenget i hans presentasjon av økonomirapporten.

Samtidig er det jo helt fantastisk at vi innanfor ein trang kommuneøkonomi faktisk klarer å gje dei gode tilboda og samtidig leverer eit lite overskott som buffer mot framtidig renteoppgang.

Oppsummert kan vi seie om den kommunale økonomien i Tromsø at det er trabgt, det er altfor liten buffer mot fremtidige renteutgifter men det er stabilt og eg trur vi er på veg i rett retning.

Lang liste over saker i kommunestyremøtet 28. april

Kanskje synst du eg burde skrive meir om andre ting enn kommunestyret i Tromsø på denne bloggen? Eg er i så fall litt samd med deg i det, men det er no Tromsø og tromsøpolitikken eg er mest opptatt av, så då blir det jo slik. Uansett er det klart for eit nytt kommunestyremøte.

Det førre kommunestyremøtet vart avlyst pga av coronasituasjonen så mange av sakene som skal opp denne gongen har eg omtalt i eit tidlegare innlegg som du finn her. Men nok innleiing la oss gå over til sakene som skal opp. Du finn forresten heile sakslista og lenke til saksframlegga nedst i dette innlegget.

Atomubåtar

Eg tenkjer at den største faren knytt til anløp av atomubåtar er terror av ulikt slag, men vi veit og at vedlikehald er forbunden med større risiko. Det som uansett er heilt sikkert er at kommunen ikkje er klar til å handtere eit uhell, ulykke eller anna hending med eit reaktordrevet fartøy. Det har kommunedirektøren bekrefta både overfor formannskapet og i media. Eg meiner derfor det er fullstendig uforsvarleg av forsvaret å tillate anløp av reaktordrivne fartøy før det som eit absolutt minimum er på plass.

I tillegg meiner eg at det er feil å tru at anløp av reaktordrivne fartøy i Tromsø aukar norsk tryggleik. Tvert i mot meiner eg at det fører til auka spenning mellom Russland og NATO. Eg trur på ingen måte at vi står ved inngangen til ein krig, men auka spenning aukar og faren for uhell. Det må vi ta med oss.

Eg tenkjer kommunestyret i denne saka bør som eit minimum gjere to ting. Det første er at vi må få ei avklaring frå justisdepartementet på hamneloven. I hamneloven §27 loven står det: «Plikten [til å ta mot fartøy] gjelder ikke dersom mottak av fartøyet kan innebære en risiko for miljøet eller for sikkerheten.»

Ei naturleg lesing av dette må jo vere at kommunen gjennom Tromsø Havn kan nekte å at mot reaktordrivne fartøy. Dessverre er ikkje Samferdselsdepartementet som fagdepartement samd i dette. Det må derfor avklarast av lovavdelinga i Justis.

Det andre er at det uansett må vere uaktuelt å motta reaktordrivne fartøy til Grøtsund før beredskapsplanverket er behandla i kommunestyret og vi er sikre på at vi er rusta for eit uhell. Det er vi ikkje no. Den nøyaktige ordlyden i det vi bør vedta må vi diskutere fram mot kommunestyremøtet.

Her kan du laste ned den usladda versjonen av forsvarets ROS-analyse.

Fastlegeordninga i Tromsø

 Vi har store utfordringar med fastlegeordninga i Tromsø. Vi slit med å rekruttere folk, vi slit med å få nok legar til legevakta og arbeidsbelastninga for mange fastlegar er så høg at det er problematisk. Administrasjonen skriv i sitt saksframlegg:

Det er en samlet oppfatning fra både fastlegene og kommunen at dersom ikke tiltak iverksettes raskt, vil det være stor risiko for at fastleger sier opp sine avtaler. Det vil også skape store utfordringer med å få besatt hjemler eller skaffe vikarer, og vil føre til at fastlegetjenesten og den akuttmedisinske beredskap v/Legevakten ikke klarer å opprettholde forsvarlig tilbud for Tromsø kommunes befolkning innen utgangen av 2021.

Konsekvensane dersom vi skulle velje å ikkje gjere noko er ganske alvorlege. Igjen for å sitere saksframlegget:

Dersom kommunen velger å ikke gjennomføre tiltak rettet mot fastlegene nå, vil situasjonen forverres ytterligere allerede i 2021. Det vil føre til ytterligere rekrutteringssvikt, og flukt fra fastlegestillinger med ubesatte hjemler som konsekvens. Det er sannsynlig at flere fastleger kommer til å bli sykemeldte eller slutte, og det vil bli enda vanskeligere å rekruttere eller skaffe vikarer. Legevakta har allerede ukentlige problemer med å få dekt vaktene. Disse utfordringene vil bli enda hyppigere og det er sannsynlig at det vil resultere i at det vil være dager uten lege på legevakt/akuttmedisinsk beredskap. Kommunen vil fremover i større grad måtte leie inn fra vikarbyråer, hvilket også er vanskelig, betydelig dyrere og kan medføre en tjeneste med dårligere kvalitet. Kommunen vil ikke lykkes med satsningen på tidlig innsats, selvstendighet og egenmestring.

På denne bakgrunnen har administrasjonen lagt fram forslag på fem tiltakspakker for å avhjelpe situasjonen. Tiltaka går på mange ting, men det viktigaste er kanskje rekruttering av fleire fastlegar  og dermed lågare arbeidsbelastning samt tilskott for å behalde dei eksisterande legane. Samla kostar dette kommunen ca 100 millionar fordelt på fire år.

Det er mykje pengar i den situasjonen kommunen er. Det er og problematisk at kommunen må inn å subsidiere det som i utgangspunktet er ei statleg ordning. I dag må over 80% av kommunane inn med ulike ordningar for å sikre tilgang på fastlegar. Det betyr og at det blir ein slags konkurranse mellom kommunane, noko som aukar kostnaden for alle.

Uansett, eg trur ikkje vi har noko val, men vil gå inn for denne ordninga.

Mange private forslag

Det er heile seks private forslag i dette kommunestyremøtet. Tre av dei skulle eigentleg opp førre gong. Det er eitt forslag frå Arbeidarpartiet om hendinga på Utøya og regjeringskvartalet den 22. juli. Dei foreslår mellom anna ein minnestad i Tromsø og at 22. juli-hendinga må inn i skolane i samband med fagfornyinga som foregår. Eg synst det er gode forslag og vil støtet dei. Terrorhendingane den 22. juli var eit høgreekstremt angrep på den norske staten og på Arbeidarpartiet og ei av dei mest alvorlege hendingane i Noreg etter krigen. Det må vi minnast og ta på alvor. Det kan skje igjen om vi ikkje er på vakt.

Barbara Vögele i MdG foreslår eit forsøk med å gjere Skippergata bilfri i sommarferien. Eg liker dette forslaget. Eg har lenge tenkt at det hadde vore fantastisk å kunne redusere til to felt gjennom Skippergata og kunne utvide Jaklins plass og få litt meir liv i det som er ei ganske fin gate. Eg tenkjer at det aller meste av den trafikken som i dag går gjennom Skippergata anten kan gå inn i tunellen i Hansjordnesbukta eller opp Elevgata også over Storgatbakken.

Jarle Heitmann i Ap har eit forslag som heiter: «Tiltak mot hat og trusler rettet mot folkevalgte» Forslaget viser til at 4 av 10 folkevalde har blitt utsatt for hatfulle ytringar eller truslar. Dette er ei utforsdring for demokratiet. Vi veit og at kvinner i større grad blir utsatt for slike ting. Det er eit problem for å sikre at alle kan delta i lokalpolitikken.

Trollvassbu

Dokker har heilt sikkert sett diskusjonen om Trollvassbu i media. Eg skal ikkje ta stilling til kven som har rett av Turlaget og grunneigaren i saka som er for retten no. Men eg meiner at Trollvassbu er  viktig for folk i Tromsø og vi må sørge for at bua framleis skal vere tilgjengeleg. Derfor meiner eg at kommunen må inn å ekspropriere tomta slik at den vil vere tilgjengeleg for skolar og alle andre.

Fleire saker

Det er fleire andre ganske store saker i kommunestyremøtet. Men denne bloggposten er blitt lang nok. Lurer du på noko eller har innspel til saken eg har sagt noko om eller dei andre kom med dei.

Heile sakslista til kommunestyremøtet

Piggdekkavgift er ikkje hyggeleg, men det er naudsynt

Det er ikkje artig å be folk betale meir. Eg er derfor lite fornøgd med å vere med på å innføre piggdekkavgift. Men eg meiner at det er heilt naudsynt og at vi i realiteten ikkje har noko val.

Omtrent 3900 menneske i Tromsø bur slik til at dei kan bli utsett for helsefarlege mengdar svevestøv – støv som i all hovudsak kjem frå piggdekk som slår mot asfalten. Vi kan ikkje ha det slik at mange i Tromsø blir sjuke av lufta dei pustar. I alle fall ikkje når vi faktisk kan gjere noko med det.

Dei viktigaste tiltaka vi no skal innføre er ikkje piggdekkavgifta. Dei viktigaste tiltaka er hyppigare og betre reingjering av gatene og vegane våre. Betre vintervedlikehald slik at det ikkje blir store støvdeponi når snøen smeltar. Betre ventilasjon i tunellane slik at vi får støvet vekk. Salte med ein type salt som bind støvet slik at det ikkje svever av garde.

Men det alle desse tiltaka har til felles er at dei kostar pengar. 36 millionar i første omgang fordi vi må kjøpe ein del nytt utstyr, etterkvart ca 24 millionar i året. Det må til for å få ned mengda helseskadeleg støv.

Og, det er ingen plassar å finne desse pengane i kommunekassa om vi ikkje tar dei anten frå skolane, frå barnehagane eller frå helse og omsorg.

Dette er verkelegheita. Eg liker det ikkje, men slik er det.

I tilegg så veit vi at piggdekkavgift vil føre til at fleire vel piggfrie dekk. Dersom ikkje fleire vel å køyre med piggfrie dekk så vil sannsynlegvis dei tiltaka vi må sette i verk bli enno dyrare.

Så, det er ikkje for å vere jævlege vi vel å innføre piggdekkavgift. Det er ikkje fordi vi liker å plage folk med avgifter. Det er ikkje for at det skal bli vanskelegare å komme seg opp og ned bakkane i Tromsø vi innfører piggdekkavgift.

Det er for å sikre helsa til familiane som bur i område med store mengder støv. Det er for å hindre at dei 980 kiloa med støv som blir sliten vekk frå Stakkevollvegen kvar dag i piggdekksesongen skal hamne i lungene til barn i Tromsø.

Det er valet. Ei avgift som du kan unngå ved å køyre piggfritt. Eller ei luft som er skadeleg for mange av innbyggarane i Tromsø.

Eg veit kva eg vel – kva vel du?

Viktig støtte – men vi burde stille krav til bedriftene

Det er fantastisk og viktig at Stortinget no gjev kontantstøtte til bedrifter som slit. Vi må gjere det vi kan for at vi skal komme ut på andre sida av denne koronakrisa med eit næringsliv som kan produsere det vi treng, som kan selje oss det vi treng, som kan skape verdiar og arbeidsplassar. Ja om noko har denne krisa lært oss at vi treng meir produksjon i Noreg og at vi har gjort oss alt for avhengige av internasjonale verdikjeder der vi plutseleg er utan det vi treng i krisetider.

Men når vi – det norske samfunnet – skal bruke 50 milliardar i månaden på å støtte næringslivet vårt er det for meg fullstendig uforståeleg, på grense til galskap at vi ikkje set strenge vilkår for korleis denne støtta skal brukast.

  • SV har foreslått har det ikkje skal vere lov å ta ut utbytte til privat berikelse når du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet har sagt nei
  • SV har foreslått at du ikkje skal kunne seie opp folk så lenge du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet seier nei.
  • SV har foreslått at leiarløner og godtgjering til styremedlemmer ikkje skal kunne auke meir enn lønsveksten i samfunnet medan du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
  • SV har foreslått at kontantstøtten skal gå til seriøse bedrifter – dei som har fast ansatte, ikkje er dømt for arbeidslivskriminalitet osb – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
  • SV har foreslått at vi skal ha reglar mot at kontantoverføringane til bedriftane ikkje skal førast ut av landet – det synst ikkje regjeringa og stortingsfleirtalet er greitt.
  • SV har foreslått at vi skal få vite kven som mottar kontantstøtte – den informasjonen meiner regjeringa og stortingsfleirtalet at vi ikkje treng.

Det er heilt tydeleg at den regjeringa vi har er ei høgreregjering. Ei regjering som først og fremst er opptatt av at kapitalen og kapitaleigarane skal få sitt og vel så det. Dei er ikkje opptatt av samfunnet og vanlege folk. Det at dei får fleirtal for dette saman med Frp er ikkje overraskande, det partiet har aldri vore opptatt av folk flest.

Her finn du voteringsoversikta i Stortinget slik at du kan sjekke kven som stemte for kva.

Og her er alle forslaga i saka.