Kommunepolitikk

Skal vi øyremerke inntektane frå Tromsø Parkering?

I følgje Nordlys tok Aps Gunnar Wilhelmsen til orde for å øyremerke inntektane Tromsø Parkering til å bruke dei i sentrum. Dette vil eg advare sterkt mot.

I ein situasjon der Helse- og velferdssektoren står overfor tøffe tak og nedstyring av verksemda, der skolane og barnehagane i alle fall ikkje har meir pengar enn dei treng, blir det heilt feil å unnta ein slump pengar frå den generelle prioriteringa vi må gjere i Tromsø.

Det kan godt tenkast at vi bør bruke meir pengar på å utvikle Tromsø sentrum. Men dersom vi skal gjere det må vi gjere det i open diskusjon med det vi treng å bruke pengar på i eldreomsorgen, i skolane, og til brøyting.

Tromsø kommune har ca fem millionar i inntektar frå Tromsø Parkering kvart år. Desse fem millionane er ikkje annleis enn dei andre pengane vi har. Vi må ikkje binde oss opp i korleis vi skal bruke dei.

Standard
Politikk,Troms og Tromsø

Det er framleis flyktningekrise

I dag var det ei viktig markering på torget i Tromsø og fleire andre torg i landet vårt. For sjølv om det ikkje lenger er så mange som bankar på døra vår er behovet for hjelp like stort som før.

I flyktningleiren Moria som er bygd for 2300 sit 7000 menneske og frys, tidvis utan vatn, ofte utan straum og nesten utan framtidshåp. Dette er menneske som er i ferd med å bli øydelagd av at vi, i Noreg og resten av Europa ikkje tar ansvar for å hjelpe Hellas og Italia som no tar mesteparten av byrda.

Moria er berre ein av fleire leiar på dei greske øyane, for ikkje å snakke om alle i Tyrkia, Libanon osb.

Aldri har det vore fleire på flukt i verda og samstundes har vi ei norsk regjering som lukker auga medan dei gjev skattelette til dei som har mest.

Eg er glad og stolt over å vere ein av dei som i dag sa: Noreg må ta eit større ansvar.

Les og denne uttalelsen som årsmøtet i Tromsø SV vedtok på torsdag.

Meir om markeringa i dag her.

Standard
Kommunepolitikk

Kor skummelt er eit samisk namn?

Det er mange ting eg ikkje forstår, noko av det aller mest uforståelege for meg er at så mange er redde for samiske namn på bydelar og bygder i Tromsø.

For:

  • det er ingen som tvinger deg å bruke det samiske namnet om du ikkje vil.
  • det norske namnet er der framleis – det er fritt fram å bruke det, noko dei aller fleste vil gjere
  • ingen kjem til å kreve at du skal gå med kofte og joike det samiske namnet
  • nokre tromsøværingar er dette viktig for identiteten
  • mange av oss er det fint å vite at vi tar vare på og utviklar det samiske – sjølv om vi ikkje forstår samisk

Kanskje er norsk språk truga, men det er ikkje av det samiske, det er i så fall av engelsken. Kanskje er det heller der Bodil Ridderseth Larsen og andre burde bruke energien sin?

Og, er verkeleg sjølvtilliten på vegne av det norske så liten for mange at den blir truga av eit samisk namn på Skittenelv?

Standard