Hangouts

Tillit og fellesskap

I kveld klokka 2130 kan du sjå meg og Torgeir Knag Fylkesnes live på youtube, eller vere med å diskutere tillit og fellesskap på hangout. Vi tar utgangspunkt i dei sju punkta som Fylkesnes diskuterer på bloggen sin:

  1. Samarbeid, ikke konkurranse

Samarbeid mellom borgere, ansatte og folkevalgte er bedre en konkurranse og kommersialisering.

  1. Faglighet, ikke detaljstyring

Fagligheten skal være styrende, ikke detalj- og målstyring ovenfra

  1. Mer tid til borgerne, mindre til kontroll

Tid til borgerne og frihet til å gjøre jobben, istedenfor skjemavelde og kontroll.

  1. Behov, ikke butikk

Borgernes behov må være bestemmende for velferd, ikke hva som lønner seg.

  1. Borger, ikke bruker

Aktive borgere gir bedre velferd enn passive brukere og kunder.

  1. Oppfølging, ikke rangering

Støtte til læring og helse er målet, ikke å redusere barn til en karakter og eldre til en diagnose.

  1. Utvikling, ikke innstramming

Ansatte med gode lønns- og arbeidsvilkår, offensiv satsing på kompetanseheving og velferdsteknologi, ikke kutt i bemanning og pensjon.

Bli med på hangout, eller sjå sendinga her (du kan og sjå opptaket om livesendinga er over):

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard

På onsdag 5. mars klokka 2100 har eg fått med meg Audun Lysbakken på ein hangout on air. Vi har tenkt å snakke om kystopprøret, arbeidstid for lærarane, situasjonen i Ukraina og litt om kva vi skal gjere i SV for å få fart på meiningsmålingane. Men, vi vil gjerne ha dine spørsmål og dine framlegg til tema. Så skal vi gjere vårt beste for å svare.

Hangouten er over for denne gong, men sjå gjerne opptaket av direktesendinga.

  • Vi snakkar om Yalda og amnesti for asylbarna her
  • Kystopprøret/Kystaksjonen her
  • Arbeidstida til lærarane her
  • Ukraina, her
Hangouts,Skole

Diskuter skolepolitikk!

No er direktesendinga på Youtube og Google plus med Thomas Nordgård og Torgeir Knag Fylkesnes i samtale om skolepolitikk over, men du kan sjå opptaket her. Dei er innom karakterar, arbeidstid og kva som er politikarane si rolle. Det er vel verd å bruke ein liten halvtime på. Nordgård er leiar i Utdanningsforbundet i Troms, medan Fylkesnes er Stortingsrepresentant for SV

Standard

Direktesendinga er over, men du kan sjå opptaket nedafor

I kveld klokka 2130 kan du sjå og delta i ein hangout on air med meg og Torgeir Knag Fylkesnes. Vi skal diskutere korfor det gjekk så galt med SV i valet og korleis framtida til partiet ser ut. Du er hjateleg velkomen. Du kan naten følgje hangouten her på bloggen, eller bli med på Google+, her. Kom gjerne med kommentarar før og undervegs, vi er og opne for å ta med folk inn i sjølve livesendinga om du skulle ønskle det.

Eg har tidlegare skrive litt om analyserapporten og korfor det gjekk galt med SV her.

Hangouts,Ikkje politikk

Sju ting å tenke på før du bruker Hangout on Air

Hangout on Air (HoA) er eit ganske nytt tilbod frå Google, som eg ikkje har sett brukt så mykje i Noreg. Eg synst det er eit kjemespennande nytt medium som har eit enormt potensiale i politikk, marknadsføring og undervisning.

Kva er Hangout on Air

Hangout on Air er i botn ein videosamtale med opptil ti deltakarar. I utgangspunktet liknar det litt på skype sine videosamtalar. Det som gjer HoA spesielt er at samtalen kan vere offentleg. Det betyr at du kan ha ein samtale som alle andre i verda kan sjå på. Ditt eiga talkshow! Samtalen blir sendt live på Google+ og på youtube. Det betyr at du og kan embedde/bygge inn videoen på bloggen din eller ei anna nettside.

Eg har gjort nokre forsøk med å bruke dette i politisk samanheng. Eg har invitert stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (og andre) til å diskutere politikk og andre til å kommentere og spørje undervegs.

Eg synst sjølv dette har fungert godt, og har fått fine tilbakemeldingar. Men, eg trur vi framleis har eit stort utviklingspotensiale. Under har eg bygd inn nokre av samtalane eg har hatt. Ta gjerne ein titt.

Ut frå dei erfaringane eg har gjort så langt har eg nokre tips å dele

Sju tips

  1. Test alt på førehand, spesielt er det viktig å teste at gjestane dine er pålogga og kan bli med. Det er seriøst stressande å drive naudhjelp på telefon rett før sendinga skal starte for å få folk med.
  2. Bruk tid på førehand å fortelje om hangouten slik at du faktisk får folk til å sjå på. Det er litt trist å vere åleine
  3. Som vert er det viktig å gjere seg godt kjent med mekanikken. Du skal helst vere i stand til å delta i ein intelligent samtale, samstundes som du følgjer med på spørsmål og kommentarar frå fleire kjelder. Det klarer du ikkje utan å ha gjere deg godt kjent med korleis ting foregår på førehand.
  4. Sjekk at bakgrunnen der du sit ikkje skaper feil assosiasjonar eller at det ser ut som merkelege ting stikk ut av hovudet ditt.
  5. Tenk nøye gjennom kva du faktisk skal snakke med folk om, og sørg for at dei du skal snakke med og kjenner temaet. Det er grensar for kor spennande ting som berre er improvisert er.
  6. Sjå i kameraet, og ikkje på skjermen framfor deg. Dette er noko eg stadig syndar mot, og det er ikkje bra.
  7. Vere budd på at ikkje alt går etter planen. Sendinga er jo live trass alt.

 

Eg blir glad om du bidrar med eigne tips i kommentarfeltet, og svarer gjerne på spørsmål om du har det.

 

Standard