Demokrati og næringsutvikling

Det politiske demokratiet i vår del av verda er utvikla over eit par hundre år. Demokrati vil seie at vi har ein viss grad av innverknad på kva vi gjer dei to tredjedelane av livet vårt vi ikkje er på jobb. Gjennom fagrørsla og lover som arbeidsmiljølova har vi også fått noko å seie om dei sju-åtte timane i døgnet vi er på jobb. Det er likevel liten tvil om at jobbtida er den tida på døgnet vi kan bestemme minst over sjølv.

Å få større innverknad på arbeidstida vår er ei av dei viktigaste utfordringane venstresida har i åra framover. Korleis skape eit større økonomisk demokrati, ikkje berre på verdsbasis i kampen mot dei store multinasjonale selskap, men også i vår eigen kvardag og i vår eiga arbeidstid.

For å nå eit slikt mål finst to hovudliner. Det eine hovudlina er eit krav om rettferd og krav på å eige si eiga tid. Den andre hovudlina vil vere at ei omorganisering av arbeidslivet vil vere økonomisk effektiv.

Det vil sjølvsagt finnast mange måtar å organisere økonomien på som kan oppfylle krava til demokrati. Felles for mange av desse organisasjonsmåtane er at dei krev ei stor omvelting i samfunnet: for slik det er nå oppfyller ikkje samfunnet vårt det grunnleggjande demokratikravet – ein mann, ei røst. Ei mogleg organisasjonsform kan vere fullstendig offentleg eller statleg eige av næringslivet. Det kan vi nok slå fast at vi ikkje kjem til å oppnå i denne stortingsperioden. Eit anna alternativ kunne vore at dei tilsette kjøpte aksjar i eiga bedrift og over tid kunne ta ein del av kontrollen over bedrifta. Sjølv om det kunne vere ein strategi som gav oss større innflytelse over bedriftene, oppfyller det ikkje kravet til demokrati, og gjennom arv eller sal kan styringa med bedrifta lett forsvinne ut av arbeidarkollektivet.

Ei av dei få organisasjonsformene som over tid har vist seg effektiv, og vist seg i stand til å ta vare på eit fungerande bedriftsdemokrati er kooperativet eller samvirkelaget. Då tenkjer eg ikkje på det vi kjenner som Forbrukarsamvirket eller Samvirkeorganisasjonane i landbruket der det er kundane som i utgangspunktet eig og styrer bedrifta, men på ulike former for samfunns- eller arbeidareigde kooperativ. Eg skal kome tilbake til dette.

Men ei organisasjonsform som ikkje kan tilby anna enn demokrati har ikkje mykje framtid i dagens samfunn. Kva meir enn demokrati kan då kooperativet tilby? Om vi ser på ein del klassiske eksempel kan vi kanskje få eit bilete av dette. Det som ofte blir framheva er Mondragon området i Spania. Dette er ein del av Baskerland og var eit økonomisk ganske nedtrykt område på 50-talet. I denne situasjonen tok den katolske kyrkja initiativ for å stifte kooperativ for å hjelpe økonomien i området.

At dette vart gjort delvis for å bryte ned kommunistane og syndikalistane si sterke stilling i området er ei anna historie. Desse første kooperative utvikla seg i løpet av ganske kort tid til eit økonomisk framgangsrikt system av kooperativ som dreiv avansert industri. No er det mykje å kritisere kooperativa i Mondragon for, men samstundes har dei klart ein par ting. Dei har vist seg å vere meir robuste enn private bedrifter i nedgangstider. Spesielt har det blitt lagt merke til at langt færre mista arbeidet innafor den kooperative rørsla enn utanfor. Dette heng delvis saman med at folk bytta arbeid til andre kooperativ i samarbeidssystemet, og delvis saman med ein større grad av solidaritet.

Kooperativa som instrument for robust næringsutvikling ser vi eksempel på i mange delar av verda. Kanada har mange gode døme, spesielt frå små kystsamfunn og frå delstaten Saskatchewan. I Saskatchewan vann i 1947 det kooperative partiet delstatsvalet. Under positive ideologiske og til dels gode økonomiske stimuli voks kooperativ fram svært fort. Dei gjorde seg særleg gjeldande i mindre bygder som var avhengige av landbruket. Mange av desse kooperativa var medlemskooperativ som forbrukarsamvirket, men mange var også arbeidar- eller samfunnskontrollerte kooperativ. Noko av det mest spennande som skjedde i Saskatchewan var framveksten av kooperativt jordbruk. Dette viser potensialet som finst berre vilkåra er til stades.

Meir relevant for norske samfunnstilhøve er ein del av fisketilverkingskooperativa på Newfoundland. Fogo Island kooperativet blir ofte trekt fram. Medlemmane i dette kooperativet var både fiskarane som leverte der og dei som arbeidde i kooperativet. Dette er ulikt dei fleste fisketilverkarkoopertiva som vi fekk i Norge etter andre verdskrigen, der det i all hovudsak var fiskarane som var medlemmer. Fogo Island kooperativet og dermed lokalsamfunnet overlevde dei krisane som la mange av småsamfunna langs kysten av Newfoundland øyde. Gjennom at store delar av lokalsamfunnet var medeigarar i fiskebruket, skjedde det at fiskarane leverte lokalt, sjølv om prisane var lågare – fordi dei visste at dette ikkje førte til høgare privat profitt, men til arbeid for dei andre i samfunnet. Likeins delte ein på arbeidet på landsida. Dette førte også til lågare overskott i bedrifta, samanlikna med kva som ville skjedd om berre dei raskaste og flinkaste hadde hatt arbeid. Men det førte likevel til at dei aller fleste familiane hadde inntekt – om ikkje anna tente dei nok til å kvalifisere til arbeidsløysetrygd.

Det vi ofte ser i mindre samfunn er det fenomenet Tor Jonson innførte i norsk språkbruk – bygdedyret. Bygdedyret eller janteloven tyder i korte trekk at det finst normer i små samfunn, anten dei små samfunna er på bygdene eller er ein av dei mange subkulturane i byane, som set sperrer mot individuell foretaksomheit, kreativitet og initiativ. Dette er ei sperre mot individuell etablering av ny næringsverksemd. Denne sperra blir mest akutt i små samfunn fordi du kanskje ikkje har høve til å velje eit miljø som vil stø deg i arbeidet for din ide og di bedrift. Men om denne kreativiteten og dette initiativet kan bli kanalisert inn i ei kooperativ form der heile samfunnet deltar i næringsetableringa så kan vi snu det negative til noko positivt. Den nye bedrifta i si kooperative form kan dra vekslar på heile lokalsamfunnet medan ho er ny og som veikast. Det kan bere mang ei bedrift over den første kneika. Samstundes har då bygda etablert ein økonomisk reiskap for eiga utvikling. Ho har vist at det går an å få til noko, og kooperativet er blitt ein arbeidsplass der dei som jobbar, potensielt kan styre sin eigen kvardag. Gjennom at ikkje berre dei som jobbar i bedrifta, men også andre i bygda eller velforeininga kan bli medlemmar i kooperativet, blir kooperativet også i stand til å inkorporere både negative og positive ytre ringverknader på ein heilt anna måte enn ei privat bedrift kan.

Føresetnader for å etablere kooperativ
Med alle desse positive eigenskapane, korfor er ikkje kooperativ vanlegare i økonomien vår? Det er ikkje noko enkelt svar på dette spørsmålet. Det er likevel eit par faktorar som peiker seg ut og som må løysast om vi ønskjer å bruke kooperativet aktivt både for å demokratisere økonomien og som eit instrument i næringsutviklinga i mindre samfunn. Det aller viktigaste poenget er kanskje ideologien og kva samfunnet tenkjer om denne måten å organisere økonomien på. Kooperativ eller samvirkelag er eit ideologisk belasta uttrykk, og kanskje ikkje det første ein ung og kreativ person tenkjer som har lyst til å starte ei snerten databedrift. Det vil seie at om vi ønskjer å demokratisere kvardagen vår, tydeleg må selje inn kooperativet sine føremonar. Og, desse føremonane er ikkje så vanskeleg å selje. I enkelte delar av næringslivet er partnerskap av ulikt slag vanleg. Denne måten å organisere seg på blir nok i stor grad valt for å gje folk like rettar. Men i slike selskap må ein tene rettan til innverknad, den kjem ikkje automatisk. Kanskje må vi gje kooperativa betre økonomiske føresetnader i ein oppstartsfase, anten gjennom skattesubsidiar eller ved tilskott frå mellom anna SND-systemet (som det no knapt nok er noko att av etter at høgreregjeringa har slått til) for å få større vekst innafor denne sektoren.

Det andre store problemet er at i eit reint arbeidareigd kooperativ til liks med dei fleste andre arbeidareigde bedrifter, er det ein synleg tendens til at dei tilsette tar ut for mykje i løn. Dette er ein kortsiktig tankegang som fører til at bedrifta ikkje kan forsvare kapitalslitasjen og dermed over tid får problem med effektivitet og konkurranse med andre bedrifter.

Derimot ser vi at ein del føresetnader hjelper for å føre til etablering av nye og suksessfylte kooperativ.

Frå forsøk på å danne kooperativ ser vi at det er to hovudføresetnader som gjer det enklare å få kooperativ til å fungere. Den eine føresetnaden er at det finst kunnskap og kapital lokalt, og den andre at det finst andre kooperativ å samarbeide med og lære av. Ingen av desse føresetnaden er oppfylt i Norge i dag.

Den politiske utfordringa har derfor to hovudsider. Det første er å få vedtatt ei lov om samvirkelag og kooperativ som legg opp til og oppfordrar til danninga av kooperativ der styringa ligg i lokalsamfunnet og mellom dei som arbeider i bedrifta. Det betyr at vi må bryte med delar av den kooperative tradisjonen i Norge som i all hovudsak har fokusert på forbrukarkooperativ. Den andre hovudutfordringa er å gjennom SND eller tilsvarande system å stille til rådvelde kapital og kunnskap på ein slik måte at det blir mogleg for lokalsamfunn og entreprenørar å ta til seg kunnskapen og nytte kapitalen utan å bli bunden til eit statleg system og bli avhengig av dette.

Klarer vi å få dette til å fungere har vi i alle fall tatt eit lite steg i retning demokrati og utvikling av lokalsamfunn.

One Reply to “Demokrati og næringsutvikling”

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.