Store tap – små sigrar

Eg har nettopp vore på fylkestinget i fem dagar. Eit fylkesting er ein kombinasjon av siger, tap og til tider lange kjedelege debattar.

Det er sjølvsagt sigrane som gjer at eg held ut, og finn det halvvegs meiningsfullt å bruke så mykje tid på politikk. Kva sigrar fekk eg og resten av SV gruppa då i løpet av dei fem dagane på Finnsnes. Som eit lite mal apropos, når du bur på hotell i fem dagar ein plass blir det eit ganske stort problem når det berre finst ein restaurant og ein pub på ein stad. vel, nok om det ? sigrane våre:
1.Busselskapa i Troms vil no bli pålagt å bruke mellom fem og ti prosent biodiesel. Eit lite og forsiktig, men viktig steg i retning av eit betre miljø og mindre klimagassutslepp.
2.Fylket skal no jobbe med å finne måtar vi kan sørgje for at ingen i Troms skal vere tvungen til å ta opp behovsprøvde lån medan dei går vidaregåande skole. Vidaregåande skole er neste obligatorisk i dag, og det er fortvilande at nokon skal vere tvungen til å måtte låne pengar for å fullføre. Vi veit og at dei som har lån frå vidaregåande skole er overrepresenterte i inkassokøen til Lånekassa.
3.Vi stoppa nedlegging av to vidaregåande skolar og fekk til ei kraftigare satsing på ein desentralisert skole i Troms — med spesiell vekt på distribuerte klassar. Det betyr mellom anna bruk av tovegs lyd/bilete og ei og anna samling i undervisninga. Dette har vi allereie god erfaring med i Troms i mindre målestokk.

Det er sjølvsagt meir enn dette, men dette var det viktigaste denne gongen. Så får vi heller prøve å komme over dei store tapa. At AP, SP og Frp innførte stykkprisfinansiering i skolen og slo saman mange vidaregåande skolar i Troms.

Du kan lese meir om forslaga og vedtaka på www.tromsfylke.no under møtejournal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version