Ingen evigvarande kvotar

Det går rykte om at fiskeriministerens strukturutval kjem til å foreslå evigvarande kvotar i fiskeria. Dette vil vere eit slag mot kystsamfunna og mot Nord-Noreg. I dag veit vi at det går føre seg ei omsetting av kvotar. Denne omsettinga er knytt til sal av båt, og sjølve kvotesalet må godkjennast av fiskeridirektoratet. Det skjer så godt som aldri at direktoratet seier nei. Det er likevel eit stort steg å gjere kvotane evigvarande og i realiteten flytte eigedomsretten til ein av dei viktigaste ressursane vi har i Noreg frå fellesskapen til private kvoteeigarar.

Dersom kvotane blir private og evigvarande blir dei og eit spekulasjonsobjekt på ein heilt annan måte enn i dag. Det vil vere fristande for folk å investere i kvotar og leige desse ut til fiskarar. For det vil berre vere eit tidsspørsmål i ein slik samanheng før kravet om at berre aktive fiskarar kan ha ein fiskerett forsvinn ut av lovverket. Vi risikerer då at storparten av kvotane vil bli eigd og kontrollert frå Oslo Børs og ikkje frå dei lokalsamfunna der fiskaren bur og som er avhengige av fisken. Dette vil igjen føre til ei storstilt strukturrasjonalisering der kapitalen kan ta ut mykje meir profitt. Dette betyr ikkje at vi skal attende til berre sjarken og støa, men at det er dei aktive fiskarane og dei aktive fiskerisamfunna langs kysten som skal nyte godt av dei ressursane som finst i havet. Alternativet er at hovudtyngda i norsk fiskerinæring vil bli i ein fire til fem større fiskevær langs kysten, medan dei andre i beste fall sit att med smular frå kapitalens bord.

Det burde vere sjølvsagt for ei raud-grøn regjering å seie nei til dette framlegget, men det er skuffande at LO står i spissen for å gje kapitalen større kontroll med lokalsamfunn og løn og arbeidstilhøva for norske fiskarar. Dette framlegget må stoppast av ein tydeleg nordnorsk opinion.

Global eller nasjonal?

Den siste tida har vi sett ein liten debatt mellom det såkalla globalvenstre kontra nasjonalvenstre. Globalvenstre (Erling Fossen og kumpanar) blir kalla lyseblå av mellom andre Audun Lysbakken som representant for det nansjonalvenstre. Denne debatten er interessant nok som ein akademisk øvelse, men utan relevans for røyndomen i Norge, i alle fall slik eg forstår han. (Du kan lese meir om debatten om debatten mellom globalvenstre og nasjonalvenstre på bloggen til Audun Lysebakken: http://www.rettvenstre.no/)

Det som er ein mykje meir relevant debatt er ein debatt mellom oslovenstre og lokalvenstre. Slik eg opplever verda er den viktigaste debatten på venstresida i dag om makta skal ligge i Oslo eller utover det ganske land der folk kjenner korleis deira kvardag er.

Eg opplever Erling Fossen og Audun Lysbakken til å stå i same tradisjon. Ein tradisjon der ein trur at dei viktigaste debattane står rundt kafeborda i hovudstaden, der ein trur at det kan lagas tein sams mal for korleis landet skal sjå og — verst av alt — at ein trur at landet kan styrast gjennom lov på ein slik måte at det blir juristane si lovforståing som avgjer fordelinga av knappe ressursar og ikkje dei folkevalde poilitikarane.

Det er kanskje sjølvsagt etter dette at eg oppfattar meg sjølv i ein annan tradisjon. Ein tradisjon der vi trur at det er lokalt at løysninga finst. Denne motsetnaden rir SV som ei mare. Eit godt døme på dette er debatten om nye regionar. På den eine sida står dei av oss som trur at det viktige er at vi arbeider for eit samfunn med mindre ulikskap, utan utbytting der kvart einskild menneske får bruykt heile seg. Vi trur ikkje at det er viktig at løysninga på korleis vi skal komme dit treng vere heilt lik over heile landet. Tvert i mot ? like løysningar fører så alt for ofte til ulikt resultat. Og det må då vere resultatet som er det viktige ikkje at vi gjer det likt i heile landet?

Eit typisk døme på korleis venstresida (om ho er nasjonal eller global) trur at alt kan styrast frå Oslo og vere felles er landsstyret i SV sitt vedtak om at det og i framtida skal sitte eit gjeng med kulturbyråkratar i Oslo å avgjere kva kultur det er viktig å sende ut til oss stakkars folk utanfor Byen med lågare kulturell bevistheit. Eg siktar då til at SV framleis vil ha RIKSteatret og dei andre såkalla R-ane som skal underhalde og opplyse oss framfor å bruke desse pengane på å utvikle kreativitet og profesjonell kunst rundt i heile landet.

For tida er dette den viktige debatten. Skal avgjerdane takast lokalt eller i Oslo?

Exit mobile version