Ingen evigvarande kvotar

Det går rykte om at fiskeriministerens strukturutval kjem til å foreslå evigvarande kvotar i fiskeria. Dette vil vere eit slag mot kystsamfunna og mot Nord-Noreg. I dag veit vi at det går føre seg ei omsetting av kvotar. Denne omsettinga er knytt til sal av båt, og sjølve kvotesalet må godkjennast av fiskeridirektoratet. Det skjer så godt som aldri at direktoratet seier nei. Det er likevel eit stort steg å gjere kvotane evigvarande og i realiteten flytte eigedomsretten til ein av dei viktigaste ressursane vi har i Noreg frå fellesskapen til private kvoteeigarar.

Dersom kvotane blir private og evigvarande blir dei og eit spekulasjonsobjekt på ein heilt annan måte enn i dag. Det vil vere fristande for folk å investere i kvotar og leige desse ut til fiskarar. For det vil berre vere eit tidsspørsmål i ein slik samanheng før kravet om at berre aktive fiskarar kan ha ein fiskerett forsvinn ut av lovverket. Vi risikerer då at storparten av kvotane vil bli eigd og kontrollert frå Oslo Børs og ikkje frå dei lokalsamfunna der fiskaren bur og som er avhengige av fisken. Dette vil igjen føre til ei storstilt strukturrasjonalisering der kapitalen kan ta ut mykje meir profitt. Dette betyr ikkje at vi skal attende til berre sjarken og støa, men at det er dei aktive fiskarane og dei aktive fiskerisamfunna langs kysten som skal nyte godt av dei ressursane som finst i havet. Alternativet er at hovudtyngda i norsk fiskerinæring vil bli i ein fire til fem større fiskevær langs kysten, medan dei andre i beste fall sit att med smular frå kapitalens bord.

Det burde vere sjølvsagt for ei raud-grøn regjering å seie nei til dette framlegget, men det er skuffande at LO står i spissen for å gje kapitalen større kontroll med lokalsamfunn og løn og arbeidstilhøva for norske fiskarar. Dette framlegget må stoppast av ein tydeleg nordnorsk opinion.

One Reply to “Ingen evigvarande kvotar”

  1. Dette er eit svært viktig og godt innlegg, Pål Julius. Dette må kyst-SV markere seg på, og om nødvendig protestere offentleg mot regjeringspartnerar som vil privatisere denne fellesressursen. Stå på!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.