Ein ny vår for Skånland vidaregåande skole

Eg er stolt over at vi no har fått til ei satsing på Skånland vidaregåande skole. Og eg er glad for at dette blir godt mottatt på skolen og av Utdanningsforbundet. Eg ser fram til å følgje utviklinga ved Skånland framover. Så skjønner eg av innlegget til Jan Arne Haugland i Utdanningsforbundet at dei tilsette ved Skånland vgs og skånlandsamfunnet ikkje enno har lagt bak seg dei bruduljane skolen har vore gjennom den siste tida, og er bekymra for konsekvensane av samanslåinga med Heggen vgs. Eg vil derfor slå fast at det ikkje finst ein einaste løynt tanke om å legge ned Skånland vidaregåande skole.

Hadde det vore slike tankar ville vi ikkje satsa på skolen gjennom å gje skolen det nye tilbodet innafor service og samferdsel med vekt på reiseliv. Eg er overtydd om at Skånland får eit godt samliv med Heggen innafor den nye regionskolen ? eit samliv som vil styrke begge partar. For å få det til er det avgjerande at alle partar har tru på det vi gjer og blir gode til det vi gjer.

Frå SV si side var det ikkje noko ønske om å slå saman skolane i fylket. I det fylkesrådet vi no er med vart det eit kompromiss der dette var noko vi måtte godta. Vi lever godt med dette, fordi vi no legg premissane for desse samanslåingane og dermed sikrar oss mot nedbygging av dei minste avdelingane innafor dei nye regionskolane. Garantiar skal ein vere forsiktige med, men eg kan i alle fall garantere at det ikkje finst planar om nedbygging eller nedlegging av Skånland vidaregåande. Skolen er ein viktig institusjon i ETS-kommunane, for ungdomane der og for det markasamiske miljøet. Eg har ingen planar om å ta vekk ein så viktig institusjon.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version