Notar tar frå dei svakaste

Notar i Tromsø skal starte opp med utleigemekling. Dette er eit pilotprosjekt som etterkvart skal bli lnadsomfamnande. Denne meklinga vil føre til at prisane på å leige bustad i Tromsø vil auke. Notar skal tene pengar på meklinga, og dei skal vere med på å finne rett marknadspris for utleiga. Det vil ikkje vere urimeleg om dette fører til auka pris til dei som er leigetakarar. Notar skriv då og i si eiga reklameavis: «Notar hever boligprisene ved å profesjonalisere utleie»

Konsekvensane av dette vil vere store. Det er i dag slik at det i stor grad er dei som i utgangspunktet har dårleg råd er dei som leiger bustad heller enn å kjøpe seg ein plass å bu. Dei som ikkje har råd til dei låna som er naudsynte for å kjøpe i dagens marknad er dei som vil måtte betale for Notar sitt produkt. Eg er spesielt bekymra for korleis dette vil slå ut for elevar og studentar. Dersom prisane aukar vil fleire måte jobbe ved sida av studiar og skole. Eg er redd dette vil få konsekvensar for den faglege utviklinga, progresjon og muligheita til gode resultat. Dette er ikkje ei utvikling SV ønsker.

Vidare er det problematisk at ein eigedomsmeklar tilbyr dette produktet. Det er ein sannsynleg konsekvens at dette vil vere med på å auke prisen på bustader med utleigeeiningar. Dersom Notar blandar eigedomsmeklinga si, med å tilby denne tenesta til dei som kjøper hus gjennom Notar. Dette vil vere generelt prisdrivande i marknaden, føre til at færre kan kjøpe seg ein bustad, og at fleire må leige og dermed vere prisgitt dei auka prisane i marknaden som dette produktet vil føre til.

I Bladet Tromsø den 25. juli seier Notar at tenesta deira vil koste 10% av utleigesummen. Vi kan slutte av dette at vil vil med stor sjanse få ein auke i utleigeprisane i Tromsø på minimum 10%. Når vi ser dette i samanheng med at dette vil vere prisdrivande også i marknaden for kjøp og sal av bustader er det mykje som tyder på at finansdepartementet bør sjå på om det er fornuftig å tillate at eigedomsmeklarar har høve til å drive med utleigemekling. Bustadprisane i Tromsø er høge nok som det er. SV vil kjempe mot alle endringar som er med på å drive prisane enno høgare.

Eg er kjent med at forskriftane til den nye lova om eigedomsmekling er ute på høyring no. Eg har derfor sendt brev til finansministeren og bede om at departementet og finansministeren tar ei grundig vurdering av om det vil vere fornuftig å nytte desse forskriftene til å skilje rollene, slik at eigedomsmeklarar ikkje kan drive med mekling og andre tenester knytt til utleige.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.