Snøkvit glede

Det gler meg stort at det ikkje blir noko oljeutvinning på Snøkvit utanfor Finnmarkskysten. Korfor det spør du kanskje, vil ikkje eg ha arbeidsplassar? Jau, eg vil gjerne ha arbeidsplassar, men ikkje arbeidsplassar som er tvilsame økonomisk og meir enn tvilsame økologisk.

Eit uhell ved oljeutvinning er svært mykje meir alvorleg enn eit uhell med utvinning av gass. gass har det med å fordampe fort, medan olje har det med å legge seg i fjære og på fuglar – og bli verande der ei stund.

I tillegg er det jo slik at dette landet vårt ikkje slit med for små inntektar frå oljeverksemda. Vi er i den heilsprøe situasjonen at vi har meir pengar enn vi kan bruke. Då finst det ikkje fornuft i å pumpe opp meir klimaøydande olje for å salte pengane ned på børsen i Ny York eller London.

Vi må bruke kapital og investeringar til å skape anna og meir miljøvenleg industri i dette landet.

Så sjølv om oljedirektoratet gjennom tvilsamt press fekk oljeselskap til å utreide olje på Snøkvit er eg glad for at operatørane fann ut at dette skulle det ikkje brukast meir pengar på.

Valet og alt det der

Eg har i lengre tid tenkt at eg skulle skrive noko om valet. Det har ikkje vore heilt enkelt å finne ut kva det skulle vere. Eg kunne få ut frustrasjonen min. Men eg veit ikkje om det er så interessant. Eg kunne sagt kva eg tenkjer om statsrådar, valkampen og partiet (både SV og andre), men det kunne fort blitt for interessant.

No sit vi i forhandlingar, dvs. vi skulle gjerne vore i forhandlingar. I går fekk vi meldinga om at Senterpartiet tok sekken med seg og rusla over grensa og snakkar med Frp og Høgre. Det er litt med Senterpartiet som med NATO, ein kan aldri vere heilt trygg på om ein kan stole på dei.

Eg lurer no svært sterkt på om kva senterpartiet sine veljarar i Troms tenkjer no. Tenkjer dei kanskje på at distriktspartiet vil samarbeide med parti som går inn for fritt skoleval i fylket, og dermed nedlegging av fleire vidaregåande skolar? Eg ville tenkt på det. Eg ville tenkt på kva det vil seie å sleppe marknadsliberalistane lause på eit såpass sårbart samfunn som distriktstroms er. Forhåpentlegvis vil også dei som styrer i Senterpartiet tenkje på dette, og besinne seg.

Klima i endring

Den siste veka har vi mottatt meldingar om at Nordvestpasasjen er isfri og at store flaumar rammar Afrika. Dette er for å seie det enkelt, ikkje daglegdagse hendingar. Igjen blir det tydeleg for oss at endringane i klimaet er den største utfordringa vi står framfor.

Meiningsmålingsinstituttet inFact melder at nordlendingane er dei som er minst opptatt av klimaendringane. Lat oss no gjere dette til skamme. Eg vil utfordre alle kommunane i Troms til å la lokale klima- og energiplanar bli første store saka for dei nye kommunestyra. Slik kan vi bidra på vår måte til å løyse dei store utfordringane landet og verda står overfor.

11 millioner til videregående skole

Troms fylkeskommune har fått 11,2 millionar frå Kristin Halvorsen. Desse pengane meiner Troms SV bør gå til dei vidaregåande skolane. Dette vil gje oss muligheit til å sette i gang ombygginga av Kongsbakken og gje lærarane eit ekstraordinært kompetanseløft. Ei ytterlegare styrking av fagdidaktikken vil styrke den vidaregåande skolen i Troms.

SV vil utvikle de videregående skolene i Troms

Den vidaregåande skolen i Troms er det viktigaste fylkeskommunen driv med. Det å gje ungdom i Troms ein god start på yrkesliv og studiar er heilt avgjerande for å skape eit godt samfunn. Derfor prioriterer SV skolen svært høgt.

Arbeidet med å få ned fråfallet vil ha høgaste prioritet frå SV. For å få dette til må vi ha betre rettleing for elevane, og i vi må ha eit betre samarbeid med grunnskolane. Det er ingen tvil om at mykje av fråfallet startar allereie i grunnskolen, og overgangen mellom grunnskolen og vidaregåande er heilt sentralt. Men den viktigaste ressursen i skolen er lærarane. SV har fått gjennomslag for å auke pengebruken til etterutdanning for lærarane med ein million i 2007. Dette er berre ein start. Vi vil satse stort på lærarane framover. Det betyr etterutdanning, men det betyr ikkje minst at vi skal få til ordningar der lærarane kan hospitere i næringslivet eller i forskningsmiljø i kortare eller lengre tid for å oppdatere seg. Dette vil gje skolen betre kunnskap om det som skjer i samfunnet rundt skolen, og det vil gje lærarane ny entusiasme og stå på vilje. Vi håper på de støtte ved fylkestingsvalet slik at vi kan få til dette.