Categories
Skole

Juks på nasjonale prøvar

Mange av oss var ganske imponert over dei gode resultata Oslo kommune oppnådde i dei nasjonale prøvane. Høgre og Frp politikarane i byen har stolt fortalt om korleis deira konservative skolepolitikk gav gode resultat. Og noko rett har dei heilt sikkert gjort i Oslo.  Men no viser det seg at fleire osloskolar gav dei dårlegaste elevane fri. Kanskje det er litt av forklaringa?

Categories
Skole Utdanning Vidaregåande

Traurig av Universitetet

I dag har eg fått vere med på utdanningsmessa i Lenvik. Det er spennande å gå rundt å sjå på alle tilboda som ungdomen får. Eg kjenner litt av den kriblinga i kroppen eg sjølv hadde då eg skulle velje kva eg skulle bli. No har eg ikkje blitt det, men det er ei anna historie. Det er og spennande å sjå korleis dei ulike institusjonane prøver å gjere seg lekre for ungdomen. Ungdomskulla bli mindre så det er viktig å tiltrekke seg ungdomen. Eg vart derfor skuffa over Universitetet.

Uit

Eg synst ikkje denne standen er spesielt velegna for å tiltrekke seg ungdomen. Universitetet må då kunne gjere det betre enn som så!? Lite informasjon, lite liv, rett og slett dåreleg marknadsføring spør du meg.

No var ikkje dei andre høgskolane og universiteta så mykje betre (heldigvis for Universitetet)  men dei vidaregåande skolane var betre. Sjå for eksempel denne standen frå Senja vidaregåande skole:

senja vgs

Kanskje ikkje verdas beste, men definitivt meir tiltalande enn Universitetet sin stand.

Categories
Politikk

Nazisvin

Harstad Tidende ringte og ville ha meg til å kommentere ei lite hyggeleg sak. Leiaren i Troms SU hadde blitt dømt til å betale 6000 kroner i bot får å ha kalla politiet nazisvin (les saka i HT her).

Denne typen sak opnar opp for ein del interessante diskusjonar og spørsmål. Det interessante er ikkje om dette var klokt. Det var det ikkje. Like openbart er det at politiet ikkje er i nærleiken av å fortene ein slik karakteristikk. Det interessante spørsmålet er om det bør vere lovleg eller ikkje lovleg å uttrykke noko slik?

Eg meiner at politiet bør tåle meir enn andre, både når det gjeld slengbemerkningar og kallenamn. Akkurat slik eg som fylkesråd bør tole meir enn andre. Korfor er det slik? Jo, fordi politiet er eit maktapparat, og eg som fylkesråd har og makt til å forandre livet til folk, både til det betre og til det verre. Dei som har makt må og tole meir enn andre.

Vi kan ikkje forvente at all kritikk skal kome i lesarbrev eller velformulerte innlegg på anna vis. Og då er det slik, at retten til å kritisere makta og maktutøving må vere ekstremt vid. Det er derfor vi har ytringsfridom, for å kunne ytre seg mot makta – også med tåpelege slengbemerkingar.

Categories
Politikk

Afghanistan, frå vondt til verre?

Det som skjer i Afghanistan no er ille. Det er tydeleg at den strategien NATO har i landet ikkje hjelper. Taliban får stadig større fotfeste. Det må no vere klårt for alle at det ikkje finst ei millitær løysing. Taliban er ei fæl rørsle. Dei har eit kvinnesyn som ikkje likna noko, men dei blir dessverer av mange oppfatta som ein legitim representant for dei 40% av det afghanske folket som er pasjtunarar. Det må vere klårt at det ikkje kan bli fred i Afghanistan før pashtunarane føler seg inkludert i styret. Det er derfor heilt naudsynt at Taliban blir tatt med i forhandlingar og blir ein del av ei fredsløysning.

Vi må i alle høve gjere noko med den norske politikken. Eg vil oppmode alle om å signere dette oppropet til den norske regjeringa.

Categories
Fylkesting Skole Vidaregåande

Den «nye» skoledebatten

Både kunnskapsministeren og statsministeren har tatt initiativ til ein ny og open debatt om framtida til skolen. Den norske skolen har to store utfordringar – eller skal vi våge å kalle det problem?  

Det første er at skolen er med på å gjenskape og til dels forsterke skilnadene i samfunnet, det andre er at elevane ikkje har gode nok resultat når dei er ferdige i skolen.

La meg starte med ei åtvaring. Skal vi kunne løyse desse problema, må ikkje dette bli ein debatt om klasserom eller ikkje slik vi har sett til no. Eg trur i liten grad at det er arkitektur som avgjer korleis skolen fungerer. Like lite som vi løyser utfordringane i skolen gjennom å utelukkande å ha klasserom, løyser vi problema med opne løysingar. Det vi treng er ein arkitektur som legg til rette for ei tilpassa undervisning. Noko skal foregå i klasserom, noko i små grupper, noko i opne landskap og noko i auditorium. Vi må for all del ikkje låse oss til ein måte å tenkje på. Ein klasse er ikkje lik ein annan klasse, like lite som ein elev er like ein annan elev.

Fleksibilitet

For å kunne tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine føresetnader treng vi fleksibilitet. Vi treng lærarar med fagleg autoritet, motivasjon og tid til å finne dei gode løysingane for kvar elev. Nokre elevar treng struktur, disiplin og klasser, nokre kan jobbe fritt, andre trivst i små grupper.