Den «nye» skoledebatten

Både kunnskapsministeren og statsministeren har tatt initiativ til ein ny og open debatt om framtida til skolen. Den norske skolen har to store utfordringar – eller skal vi våge å kalle det problem?  

Det første er at skolen er med på å gjenskape og til dels forsterke skilnadene i samfunnet, det andre er at elevane ikkje har gode nok resultat når dei er ferdige i skolen.

La meg starte med ei åtvaring. Skal vi kunne løyse desse problema, må ikkje dette bli ein debatt om klasserom eller ikkje slik vi har sett til no. Eg trur i liten grad at det er arkitektur som avgjer korleis skolen fungerer. Like lite som vi løyser utfordringane i skolen gjennom å utelukkande å ha klasserom, løyser vi problema med opne løysingar. Det vi treng er ein arkitektur som legg til rette for ei tilpassa undervisning. Noko skal foregå i klasserom, noko i små grupper, noko i opne landskap og noko i auditorium. Vi må for all del ikkje låse oss til ein måte å tenkje på. Ein klasse er ikkje lik ein annan klasse, like lite som ein elev er like ein annan elev.

Fleksibilitet

For å kunne tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine føresetnader treng vi fleksibilitet. Vi treng lærarar med fagleg autoritet, motivasjon og tid til å finne dei gode løysingane for kvar elev. Nokre elevar treng struktur, disiplin og klasser, nokre kan jobbe fritt, andre trivst i små grupper.

Det eg trur vi vil er at skolen må få konsentrere seg om grunnoppdraget. Utdanninga skal gje elevane den kunnskapen dei treng for å kunne vere kreative og sjølvstendige. Målet må vere «gagns menneske» med evne til å utnytte kunnskap og skaffe seg ny kunnskap. For det som er heilt sikkert er at kreativitet og initiativ krev kunnskap. Og at kunnskap utan kreativitet og initiativ har låg verdi.

Kanskje betyr det at vi må fri skolane frå mange av dei oppdraga skolen har i dag som ikkje er knytt til grunnoppdraget? I mange år har skoleverket blitt sett til å løyse dei problema vi har i samfunnet. Skolen skal vere oppdragar, skolen skal gjere at samfunnet ikkje går i sosial oppløysing, skolen skal ta ansvar for folkehelse, skolen skal forhindre seksuelt overførbare sjukdomar, også vidare. Alle desse tinga er viktige, men er det skolen sitt ansvar? Eg trur kanskje vi har tenkt feil om korleis skolen skal løyse desse tilleggsoppdraga.

Skolen må løyse desse oppdraga gjennom å gje elevane kunnskap, slik at dei sjølvstendig ta stilling desse utfordringane. Ein viktig del av utdanningsdebatten framover blir ikkje korleis skolen kan løyse samfunnet sine problem, men korleis samfunnet kan bidra til at skolen betre kan løyse grunnoppdraget sitt. For det er berre gjennom å løyse grunnoppdraget at skolen kan vere med på å redusere skilnadene i samfunnet.

Dersom samfunnet skal ta større ansvar for skolen, treng vi i større grad ein debatt om korleis vi skal møte samfunnsutfordringane med kunnskap og refleksjon. Når 60 prosent av elevane i vidaregåande skole i Troms ikkje fullfører vidaregåande på normert tid, så er det sjølvsagt eit stort problem i og for skolen. Eit problem skolen skal og må løyse, men skolen kan ikkje løyse dette åleine. Korfor er det slik at så mange ikkje ser skolen som så viktig at dei vil bruke tid og energi på å gjennomføre skolen. Dette ville ikkje vore så viktig om dei som ikkje fullfører fekk seg jobb og eit godt liv. Men vi veit at dei som ikkje fullfører vidaregåande har høgare sjanse enn andre til å bli uføretrygda i ung alder.

Korfor er det så mange som fell frå allereie i grunnskolen? Mykje av dette har med skolen i seg sjølv å gjere, men mykje har sjølvsagt og med korleis skolen blir sett utanfrå. Kva endringar i forståinga av skolen samfunnet må gjennom for at skolen skal kunne utføre oppdraget sitt. Her er det ein vekselverknad mellom skole og samfunn som ikkje fungerer godt nok i dag.

Eg trur utfordringa sett frå skolen si side er at vi i for liten grad maktar å gje utfordringar og skape meistring for dei svakaste elevane og for dei mest ambisiøse elevane. I idretten seier dei at toppane er viktige for å skape breidde. Mange speler fotball fordi dei ser opp til Ronaldo og Ronaldihno. Kva seier det om samfunnet vårt når det er idolvinnarane og ikkje nobelprisvinnarane som er heltane våre? Det er ei like stor utfordring å bli ein internasjonal toppforskar som å bli ein internasjonal toppatlet. Har samfunnet vårt tatt dette på alvor – har vi same opplegget rundt akademiske talent som vi har rundt skitalent?

Skal vi ha breidde i kunnskaps-Noreg treng vi og toppar. Skal vi få fleire toppforskarar i Noreg treng vi ikkje berre ein betre skole, vi treng ei endring i korleis samfunnet ser på akademiske prestasjonar.

Det som må vere grunnlaget for ei god utdanning er at alle må oppleve meistring og nytte av skolekunnskapen. Då skaper vi læreglede og lærelyst. Det betyr at når særleg gutane vendar seg bort frå skolen, at særleg gutane mislukkast i skolen, så kan ikkje medisinen vere meir av det dei har valt bort. Då må vi sprengje dei pedagogiske rammene og finne nye undervisningsformer. Då er det ikkje sikkert fleire timar med matematikk og lesing som er svaret.

3 Replies to “Den «nye» skoledebatten”

  1. LM Austrem sa:

    Ja, det du skriv er fornuftig, men kva meiner du bør gjerast? Kva slags tiltak forslår du? Kva skal ein satse på når så mange vel bort skolen?
    Eg trur at ein må ha fokus på lærarane. Styrk lærarane, inspirer lærarane, gje dei tru på at dei kan og at det er dei som er dei viktigaste.

  2. Liv Marie Austrem sa:

    Ja, det du skriv er fornuftig, men kva meiner du bør gjerast? Kva slags tiltak forslår du? Kva skal ein satse på når så mange vel bort skolen?
    Eg trur at ein må ha fokus på lærarane. Styrk lærarane, inspirer lærarane, utdann lærarane, gje dei tru på at dei kan og at det er dei som er dei viktigaste for at elevane skal bli flinke.
    Eg er veldig enig i at det blir for mykje utanforliggande i skolen. det er eit godt poeng.

  3. Pål Julius Skogholt sa:

    Takk for innspel. Skal prøve å komme tilbake med gode tiltak etterkvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version