Nazisvin

Harstad Tidende ringte og ville ha meg til å kommentere ei lite hyggeleg sak. Leiaren i Troms SU hadde blitt dømt til å betale 6000 kroner i bot får å ha kalla politiet nazisvin (les saka i HT her).

Denne typen sak opnar opp for ein del interessante diskusjonar og spørsmål. Det interessante er ikkje om dette var klokt. Det var det ikkje. Like openbart er det at politiet ikkje er i nærleiken av å fortene ein slik karakteristikk. Det interessante spørsmålet er om det bør vere lovleg eller ikkje lovleg å uttrykke noko slik?

Eg meiner at politiet bør tåle meir enn andre, både når det gjeld slengbemerkningar og kallenamn. Akkurat slik eg som fylkesråd bør tole meir enn andre. Korfor er det slik? Jo, fordi politiet er eit maktapparat, og eg som fylkesråd har og makt til å forandre livet til folk, både til det betre og til det verre. Dei som har makt må og tole meir enn andre.

Vi kan ikkje forvente at all kritikk skal kome i lesarbrev eller velformulerte innlegg på anna vis. Og då er det slik, at retten til å kritisere makta og maktutøving må vere ekstremt vid. Det er derfor vi har ytringsfridom, for å kunne ytre seg mot makta – også med tåpelege slengbemerkingar.

One Reply to “Nazisvin”

  1. LM Austrem sa:

    Det er vel 0-toleranseprinsippet som er in nå, eit prinsipp ein kanskje kan kalle ganske intolerant. Alle må i grunnen ha noko slingringsmon og ei romsleg tabbekvote skal det bli eit humant samfunn. Ein skulle tru at det ville vore nok om han hadde beklaga og bedt om unnskyldning for språkbruken.
    Eg er ikkje sikker på om eg er enig i at dei som har makt skal kunne tole meir. Når det gjeld ord, må vi vel kunne svare med ord, vi andre au.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.