I dag og på onsdagen var eg på ungdomskonferansen i Troms. Konferansen samla 80 engasjerte ungdomar frå heile fylket. Det er alltid oppløftande å vere saman med folk som trur på at det går an å gjere samfunnet betre.
Konferansen hadde fått 200 000 som dei kunne disponere til tre prosjekt som dei valde å prioritere. Det var ein god og lang prosess og konferansen valde å prioritere:
- Å opprette eit ungdomens fylkesting. Dette prosjektet gav dei 79 000 kroner
- Utvide ordninga med «Trygt heim for ein 50-lapp». Dette prosjektet gav dei 72000 kroner
- Betre formidling av sommarjobbar til ungdom under 18 år. Dette prosjektet fekk 66 000 kroner.
Eg vil no jobbe for å få gjennomført desse prosjekta så snart som muleg.
Les meir på fylkeskommunen sine nettsider