Dansk SF og Hizb ut Tahrir

Leiaren for SV sitt søsterparti i Danmark, Villy Søvndal har starta ein viktig debatt i bloggen sin. Han tar eit oppgjer med antidemokratiske strømningar i Danmark. Denne gongen spsifikt knytt til ein ekstrem muslims organisasjon Hizb-utTahrir.

Søvndal skriv mellom anna:

Jeg har en dyb, dyb bekymring over den retning vores samfund tager i de her år. En bekymring som de mange, mange mails og blog-indlæg er udtryk for. Fogh og Pia K. har haft magten i 7 år og vi har flere uroligheder i Danmark end jeg kan huske – Ungdomshuset, Christiania, den seneste uges brande osv.Helt almindelige mennesker – uanset deres baggrund – bliver dermed ofre for nogle eskalerende problemer. Nogle gange skriver jeg om sociale problemer, nogle gange om klimaproblemer, eller om kommunernes økonomiske problemer. I disse dage adresserer jeg de problemer vi oplever med integrationen – og mangel på samme. Som jeg har forstået medierne har mange med anden etnisk baggrund også fået deres biler brændt af.Der er altså i virkeligheden to diskussioner – en om demokrati og ytringsfrihed og min og SF’s afstandtagen fra Hizb-ut-Tahrir. Og så er der en debat om fejlslagen integration. De er begge vigtige.Det er mig magtpåliggende at vi siger det helt klart: Der er ikke brug for antidemokrater i Danmark. Og modsat diktaturstater som Saudi Arabien og Iran, så synes jeg ikke vi skal holde på kræfter som Hizb-ut-Tahrir og andre, der ikke vil friheden. Vi vil gøre hvad vi kan for at deres meninger ikke får et ben til jorden.

Søvndal tar opp to heilt sentrale poeng. Det første er at sosial utstøyting skaper ekstremisme. Det viktigast evi kan gjere for å unngå ekstremisme av alle valørar er å sørgje for at folk er i arbeid. At dei som ikkje er i arbeid ikkje søkk ned i fattigdom og fortvilelse. Gode støtteordningar, soialhjelp og tilgang på kunnskap er heilt sentrale ting. Heldigvis har vi ikkje enno sett slike opptøyar i Noreg som i Danmark. Men det kan skje her og. Den viktigaste reiskapen for å hindre sosial utstøyting er arbeid – arbeid for alle. Det betyr at vi kanskje må gjere noko med eigne fordommar mot innvandrarar, men det er heilt sikkert at vi må bli enno betre på norskopplæring. Men ein viktig del av å tilhøyre sosialt er at du er trygg på kulturen din, derfor må vi og ha morsmålsundervisning og kunnskap. Det eine er ein føresetnad for det andre. Integrering går ikkje berre ein veg.

Det andre viktige peonget Søvndal tar opp er at det er ei sentral plikt for venstresida å kjempe mot antidemokratar av alle avskyggingar og til alle tider. Dei som vil ta fridomen frå oss, anten det er tilhengjarar av ekstrem islamisme, kapitalisme og nyliberalisme eller stalinisme må og skal møte motstand. Fridom og demokrati er ikkje berre viktig for oss som menneske, men og ein viktig reidskap for å kjempe for eit meir rettferdig samfunn. Derfor irriterer det meg at ein del folk på venstresida forsvarer Castro og andre litt for ukritisk. Også antidemokratar som gjer ein del gode ting sosialt må vi rekne som motstandarane våre.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.