10 000 ulike grunner

Dagbladet har i dag ein artikkel om unge uføre. Det er ingen av oss som er glad for at mange ikkje er i stand til å jobbe. Dei aller fleste ønsker å bidra til samfunnet, og ikkje minst dei fleste ønskjer seg ein betydeleg betre økonomi enn det ein får gjennom uføretrygd. Det er viktig å huske på at det er 10 000 ulike grunnar til at 10 000 unge menneske er uføretrygda. Nokre på grunn av fysisk eller psykisk sjukdom, andre på grunn av skader dei har fått anten i arbeidslivet eller på anna måte.

Det er og viktig å huske at 10 000 menneske er eit stort tal, men det ergodt under ein prosent av den aktuelle gruppa. Dersom du stilte opp 100 tilfeldige menneske på gata, ville du blitt overraska dersom ein av dei hadde ei eller anna plage som gjorde det vanskeleg å jobbe. Det ville ikkje eg. Det er godt at vi har eit samfunn som tar ansvar for at vi ikkje skal ha fattige i dette landet. Som SVar er eg stolt over å vere representert av folk som Karin Andersen.

Sjølv om det er ei spesiell historie bak kvar einaste som er uføretrygda veit vi og ein del generelle trekk. Vi veit mellom anna at dei som ikkje gjennomfører vidaregåande skole i større grad enn andre blir uføretrygda i ung alder. Kanskje er grunnane til at dei ikkje gjennomfører skolen og grunnane til at dei blir uføre den same, men sannsynlegvis er det noko skolen kan gjere med det.

I Troms har vi tatt konsekvensen av dette, og satsar på at fleire skal komme seg gjennom skolen. Vi har til hausten fleire eigne program for skoletrøytte og andre som treng spesiell oppbakking. Desse tilboda gjev elevane mykje praksis i bedrift og lite teori på skolen. Vi gjennomfører og eit program for at fleire skal få læreplass tidleg. Dette er eg svært stolt av at vi har fått til.

I tillegg skal vi ha ein skikkeleg gjennomgang av alle hjelpetenstene i den vidaregåande skolen for å kunne gje eit enno betre tilbod til alle elevane. Målet er fleire som gjennomfører med bestått, og forhåpentlegvis færre unge uføretrygda.

Litt småleg

Audun Lysbakken ein ei dei mange gode sjefane mine i SV-leiinga, framstår litt småleg i bloggen sin i dag synst eg. Lysbakken skriv at han ikkje er imponert over at USA/Bush har nytta 15 milliardar på å bekjempe AIDS i Afrika, fordi så uendeleg mykje meir er brukt på krigen i Irak. Lysbakken har sjølvsagt eit poeng, men alternativbruken av pengane hadde sannsynlegvis vore skattelette til rike amerikanarar. Betre trass alt, men lat oss no glede oss over at USA faktisk gjer det dei gjer i Afrika for å bekjempe AIDS.

Stort trykk bak jernbaneutbygging

Odd Richard Olsen hadde onsdag 13. februar ein god kommentar om satsinga på jernbane i Nord-Noreg. Eg er svært glad for at Harstad Tidende nyttar dyrebar spalteplass på å sette trykk bak eit krav om alternative transportformar i nord. Det er ingen tvil om at vi i framtida ikkje kan basere oss på vegtransport på same måte som i dag.

Eg vil likevel knytte eit par kommentarar til det Olsen skriv, i og med at eg blir direkte utfordra. Eg sit no som fylkesråd og er er svært glad for at fylkeskommunen gjennom RDA-midla har tatt ansvar for å forsere arbeidet med ei planlegging av ein bane mellom Narvik og Tromsø med eventuelle sidebanar når staten dessverre ikkje har gjort det den burde.

Olsen kan vere trygg på at Troms SV bruker alle kanalar for å påverke våre representantar i denne saka. Men tilbake til det som skjer i Troms. Fylkeskommunen er no inne i eit samarbeid med Bardu kommune om ei konsevensutgreiing av ei baneløysing. Det er sett av åtte millionar til denne utgreiinga. Dette vil kunne bli eit beslutningsgrunnlag for regjeringa når dei skal ta stilling til den vidare utviklinga. Fylkesrådet vil og utfordre regjeringa til å gå saman med oss om denne utgreiinga. I tillegg har fylkestinget sagt at fylkeskommunen skal vere planstyresmakt for ei jernbaneutbygging.

Dette betyr at Troms fylkeskommune tar ansvaret for å halde oppe trykket på bygging av jernbane. Som fylkesråd for SV er eg svært godt nøgd med dette.

Folkeavstemming om statsbudsjettet!

No nærmar tida for sjølvmelding seg med stormsteg. Vi skal alle saman fortelle stat og kommune kor mykje pengar vi tente i 2007, også får vi beskjed om kor mykje som skal betalast i skatt. Og, vi håper alle på at det skal bli litt pengar til overs, heller enn den frykta baksmellen.

Er det ikkje litt trist at den einaste gongen staten kommuniserer med innbyggarane er når dei skal ha pengane våre? Eg er ein av dei som betaler skatt med glede, eg veit at det vi får igjen i form av skole, omsorg og sjukehus er enormt mykje meir verd enn dei pengane eg betaler inn. Eg trur likevel vi kan gjere ein vri, ein vri som vil auke gleden over å betale skatt.

I 2008 har Stortinget budsjettert med at vi skal betale 170 milliardar i inntekts- og formueskatt. Burde ikkje vi fått love til å bestemme over korleis i alle fall litt av desse pengane skulle brukast? Stortinget kunne vedtatt skattesatsen og sett av – la oss tenke på eit tal – 50 milliardar som vi fekk bestemme over.

Praktisk
Det er ganske lett å gjennomføre dette i praksis. Når eg leverer sjølvmeldinga så fekk eg lov til å krysse av i eit skjema. Skjemaet kunne ha 10 val:

Eg vil at pengane skal brukast til:

  • Betre skolar
  • Meir til forskning og utvikling
  • Meir til forsvaret
  • Billigare sprit og bensin
  • Større innsats innafor eldreomsorgen og sjukehusa
  • Lågare skatt
  • Auking i bistanden
  • Fleire politifolk
  • Billigare barnehagar og SFO
  • Større overføringar til landbruket

Så ville dei kryssa vi har sett inn avgjere korleis dei 50 milliardane skulle bli brukt. Eg trur vi fort ville oppdaga at dei fleste ikkje ville ønske seg billigare bensin eller lågare skatt, men ville ønske seg betre offentlege tenester. Eg ser og for meg ein spennande offentleg debatt om korleis vi skal sette kryssa våre.

Det er openbart store utfordringar med dette, men vil vi demokrati så kan vi løyse dei utfordringane.

Reinkappkøyring

Av og til er det berre artig å vere politikar. I dag var ein slik dag. Eg hadde blitt utfordra av sametingspresident Egil Olli til reinkappkøyring under sprint-NM i Tromsø i dag. Reinsen spring med ei fart av opptil 70 km/t og kuskane heng etter på ski. Eg var livredd før det starta, men det viste seg å vere utruleg artig. Bladet Tromsø har ein video av seansen som du finn her: http://www.itromso.no/nyheter/article135960.ece

Nordlys skriv her og NRK her.

Reinkapplop

Vil meir pengar hjelpe?

Norwegian_bills.jpg

I nesten alle samanhengar der vi har eit problem i samfunnet blir det ropt på meir pengar. Anten det gjeld skole, vegar eller sjukehus. Og, det er ingen tvil om at pengar kan hjelpe. Då kan det kanskje vere verd å spørre, dersom pengar er med på å løyse problema og vi veit at Noreg har mykje av dei, korfor brukar vi då ikkje meir pengar?

Grunnen er enkel og vanskeleg. A. O. Vinja skal ha sagt ein gong at pengar er storkna mannesveitte. Det har Vinje heilt rett i. Pengar blir skapt gjennom arbeid, og poenget med pengar er å kunne kjøpe seg arbeid, anten det er vegarbeid, lærararbeid eller omsorgsarbeid. Utfordringa i Noreg i dag er at det ikkje er arbeid å få kjøpt. Arbeidsløysa er heldigvis så låg at vi ikkje har ein stor arbeidskraftreserve å ta av. Noko er det sjølvsagt å hente frå dei som jobbar deltid, og kanskje frå nokre av dei som er på trygd. Så mange blir det likevel ikkje – sjølv om omsorgsektoren nok kunne fått seg eit løft.

Men i hovudsak så betyr dette at om vi vil ha meir arbeid gjort på eitt område må vi anten flytte arbeidskraft frå eit område til eit anna, eller så må vi importere arbeid eller arbeidskraft. Hald fram med å lese «Vil meir pengar hjelpe?»