Visuell likestilling

Eg har nettopp kjøpt meg eit nytt kamera. Eit med alt for mange funksjonar, knappar og innstillingar til at eg nokon gong kjem til å bruke alt. Eg tenkte likevel eg skulle lese gjennom manualen for i alle fall skaffe meg eit bilete av mulegheitene i kameraet. På kameraet er dei ei innstilling for portrett, der skriv Canon:

Sikrer pæne hudfarver. Billedet ser forholdsvis skarpt og klart ud. Velegnet til nærbilleder av kvinder eller børn [sic!]

Spørsmålet til Canon blir då, dersom eg skal ta eit portrettbilete av ein mann, skal eg då bruke innstillinga for landskap, eller kanskje neutral? Det er kanskje ein måte å unngå å gjengje urein hud? Eg har sendt ein e-post til Canon og spurt. Svaret kjem her.

Andre forslag tar eg mot med takk i kommentarfeltet.

Auka eksportavgifter, lurt av Russland

Russland har auka eksporttolla på rundtømmer. Dette er tømmer som ikkje er saga til plank eller på anna måta er gjort klart til bruk. Dette viser at russiske styresmakter har skjønt ein del grunnleggande om økonomi som dei fleste vestlege og norske økonomar har latt gå i glømmeboka. Denne lærdomen er at ingen land kan bli rike på å eksportere råvarer og importere ferdigvarer. Dette som eigentleg er så lett å skjønne er noko vanleg økonomisk teori fornektar. Er det rart fattige land forblir fattige når økonomane i verdsbanken og andre stader hevdar med stor styrke at dei kan bli like rike om dei satsar på kamelal som om dei byggjer ein nasjonal industri som kan tilføre verdiar og aukande løner?

Erik S. Reinert viser til eit døme i boka si «How Rich Countries Got Rich … and Why Poor Countries Stay Poor» der ein engelsk økonom på 1700-talet foreslo dødstraff for råvareeksport. Det er kanskje å gå litt langt, men poenget er likevel rett. Kanskje kan Noreg vere eit døme på at råvareeksport kan gjere eit land rikt – eg tenkjer då på olja. Men det er viktig å vere merksam på ein av dei viktigaste delane av oljerikdomen vår er all den industrien og dei sørvisnæringane som er bygd opp rundt olja. Det at dyktige norske politikarar tok valet om at vi skal bruke olja til å bygge opp kunnskap og industri er ein av dei viktigaste skilnadene på Noreg og land som Angola eller Nigeria med tilsvarande oljeinntektar.

Skal eit land bli rikt må det få høve til å bygge opp industri bak tollmurar slik alle rike land har gjort. Frihandel er fattige lands svøpe, men bra for dei rike.

Oppdatert:

Russland utsett innføringa av ekportavgifter

Krabbemos

For nokre år sia skreiv eg eit utkast til eit barne-/biletbokmanus. Eg sendte det til eit par forlag, men dei ville ikkje ha det. Ei av grunngjevingane var at det var for skummelt. Eg er vel tildels samd, no når eg har fått eigne ungar. Men eg vil gjerne ha hjelp og kommentarar. Er dette håplaust, eller kan det bli noko av det?

1.
Joakim hatar krabbar. Dei har stygge tynne føter, stikkande auge og fæle klør.

— Mamma, eg går i fjæra!

Han raskar med seg lighteren dei bruker til å tenne i peisen før han spring ut døra.

2.
Nesten kvar dag er Joakim i fjæra. Han og hunden Burgund fangar krabbar. Burgund stikk heile hovudet under vatnet, og dukkar opp med ein sprellande krabbe i munnen. Burgund et krabben.

3.
Joakim leitar etter krabbar under steinar. Han veltar steinane vekk og ser etter krabbar. Når han ser ein krabbe tar han fram spaden sin og mosar heile krabben til krabbegraut. Det er så vidt han kan kjenne igjen krabbeføtene når han er ferdig.

4.
I heile sommar har Joakim og Burgund leita etter krabbar, Burgund spiste dei og Joakim mosa dei. Sola har varma dei, og regnet har plaga dei, men krabbar har dei funne.

5.
I går hadde pappa slått plenen. Joakim hadde sett på før han gjekk i fjæra for å leite etter krabbar. Han hadde sett at pappa fylte bensin på grasklipparen. Då Joakim såg det hadde han fått ein ide til kva han kan bruke bensinen til.

6.
Stille stiltrar Joakim seg inn i vedbua der pappa har bensinkanna. Det er eigentleg ikkje skummelt fordi pappa er på jobb og mamma aldri kjem hit.

Joakim tar etter bensinkanna, men holder på å miste ho når ein edderkopp spring over handa hans. Joakim bit tennene saman og tviheld på bensinkanna. Raskt spring han ned i fjæra.

7.
I fjæra set Joakim kanna frå seg. Like ved kanna begynner Joakim å bygge ein ring av steinar. Han legg stein oppå stein. Til slutt har han eit rundt fengsel med eit høgt gjerde rundt.

No er det på tide å arrestere nokre krabbar og ha dei i fengslet.

8.
Joakim spring frå stein til stein. Han snur steinane. Under steinane er det krabbar, han fangar krabbane. Forsiktig så dei ikkje skal klype han, ber Joakim krabbane bort til fengslet og legg dei oppi. Han må halde dei fast i den fremre delen av skalet.

Joakim kjenner etter at lighteren framleis er i lomma. Snart kjem han til å få bruk for den.

9.
Plutseleg snublar han, og krabba han har i handa kjem seg fri. Raskt spring krabba bort, sidelengs spring han, men Joakim er raskare. Joakim kommer seg på føtene og hoppar fram og landar på krabben. Berre føtene på krabben viftar febrilsk eit par gonger på utsida av støvelen før det blir stilt.

Joakim går raskt vidare til neste stein, og snur den.

10.
Under steinen er det ei stor krabbe. Joakim tar den over ryggen. Krabben når han nesten med klørne. Joakim stirer på krabba og spring mot ringen. Han ser ikkje kvar han set føtene, og plutseleg sit eine foten fast. Han dett framover, landar med andletet like ved ringen. Gjennom ein sprekk i steinmuren ser han krabbane. Dei kryp over kvarandre og prøver å komme ut av fengslet.

11.
Gjørma er djup og Joakim får ikkje foten laus. Han kjempar. Den andre foten sit plutseleg og fast. Då ser han at floa kjem innover.

12.
Vatnet stig raskt. Det går over støvlane til Joakim, og han blir våt. Snart er det så djupt at Burgund må svømme rundt han. Joakim ser vatnet gå over ringen han har bygd. Ein etter ein kjem krabbene ut.

13.
Joakim kjenner at dei kjem mot han, dei klatrar på støvlane hans. No kan han tydeleg kjenn at dei prøver å klype hol i støvelen. Bensinkanna flyt sakte forbi.

14.
– Mamma, ropar han. Stemmen skjelv, det blir meir eit pip enn eit rop. Han kjenner noko røre på seg – inni støvelen

­– Maaaaaaaaammmaaaa! Hjelp meg!

15.
Vatnet når han over magen. Tårene gjer at vatnet stig raskare.

16.
Ingen ser Joakim. Burgund svømmer og svømmer, det går saktare og saktare. Sjølv ein hund blir sliten.

17.
Langt borte høyrer han mamma rope. – No må du komme inn, Joakim. Det er middag.

Joakim svarar. Stemmen er låg.

Kor mange i arbeid

Igjen går det ein debatt på dagbladet.no der mange trur det ikkje er mange som arbeider i Noreg. Dei tar feil. Eg har skrive om det før, her.

La meg sitere litt:
Det interessante er at vi i Noreg har langt fleire i arbeid enn snittet i OECD. La oss ta eit par døme. I Noreg er 76,8% av dei mellom 20 og 66 år i arbeid, medan tilsvarande tal i USA er 62,6%. Så kan ein lure på kva som skjer med dei som ikkje er i arbeid i USA eller andre land. Svaret er at svært mange av dei er i fattigdom. Ein kan seie mykje galt om trygding, men det er uendeleg mykje betre enn fattigdom, sjølv om ein ikkje blir rik av trygd i Noreg heller

200 000 fleire i arbeid

Det viktigaste den raud-grønne regjeringa har fått til er at det er skapt 200 000 nye arbeidsplassar i Noreg. Aldri har fleire vore i arbeid, og vi må meir enn 20 år tilbake i tid for å finne lågare arbeidsløyse.

I følgje LO sitert i Dagbladet, er det «regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett sikrer grunnlaget for norske arbeidsplasser«.

Regjeringa skal sjølvsagt ikkje ha æra åleine, dei internasjonale konjunkturane har og spela ei viktig rolle. Men det hadde ikkje vore vanskeleg å forspelt denne historiske sjansen til å få folk i arbeid. Når folk er i arbeid minkar skilnadene, fleire får eit godt sosialt nettverk. Lykkeindeksen stig rett og slett. Det betyr ikkje at alt er rosenraudt. Dei rettleiande satsane for sosialhjelp har auka for dei aller fattigaste, men framleis er det folk som står utan sterke nok rettar om dei blir utan inntekt i dette landet. Eg har skrive litt om det tidlegare, her.  Men langsiktig og strukturelt er det gjort to svært viktige grep for å redusere fattigdomen i Noreg.

Barnehageløftet vil vere med å løfte mange ut av ein framtidig fattigdom. Saman med minkande arbeidsløyse og ei satsing på skolen vil vi få resultat. Det neste store løftet må vere å få gjort noko med den sosiale bustadbygginga.

Kommenter gjerne kva du meiner skal til for å få redusert fattigdomen enno meir

Exit mobile version