Det er underleg å høyre på eldste guten min av og til. Ofte når han leikar, legg han om til eit slags oslomål. Eg skuldar på Barne-TV, filmar og liknande (korfor er det så få som snakkar anna enn austlandsk i filmar for barn?). I alle fall i dag laga han bæsjesuppe, og det skjedde på austlandsk. Lettare irritert påpeikte eg at han kanskje kunne snakke ordentleg, og ikkje knote. Svaret kom kontant:
— Men pappa, vi leika at vi ikkje er i Norge.
— Å, kor dokk er då, spurte eg.
— Vi er i Oslo, kom sluttkommentaren.
Den er god.
Av fulle folk og ungar får ein sanninga. Grattis med smått att!
Eg trur det er for enkelt å seie at det berre er barne-tv sin feil, barn har eit behov for å markere skilje mellom «ekte» og «lat», og dette kan ein gjere gjennom språk. Men det som er sikkert, er at kva dette leikemålet høyrest ut som, har noko med maktsentrum å gjere. Då farmora mi frå Vesterålen var lita fanst korkje fjernsyn eller barneprogram i noko særleg grad, og dei hadde leikespråk. Men det var ikkje austlandsk, men bergensk! Kvifor det? Sjølvsagt pga. handling med fisk, og om nokon reiste nokon stad anna enn på Lofothavet, så var det til Bergen. Så barn veit å identifisere statusspråk. Når det gjeld barnetv er eg ueinig i at det er så mykje austlandsk, dei siste åra har jo veldig mykje av dubbinga og presentørane hatt andre dialektar enn austlandsk. Mellom anna nyttar dei ofte barn frå Volda til dubbing, og barnetvpresentørar som Heidi Marie og Wilhelm har andre dialektar enn austlandsk. Eg kunne tenke meg å sjå tal på dette, mitt gjett er at NRK er innanfor og kanskje over 25% representasjonen når det gjeld barnetv.
Gode poeng Ragnfrid, eg synst heller ikkje barne-TV er verst. Eg har reagert mest på filmar – delvis og filmar på TV. Artig poeng med bergensk og statusspråk