Krabbemos

For nokre år sia skreiv eg eit utkast til eit barne-/biletbokmanus. Eg sendte det til eit par forlag, men dei ville ikkje ha det. Ei av grunngjevingane var at det var for skummelt. Eg er vel tildels samd, no når eg har fått eigne ungar. Men eg vil gjerne ha hjelp og kommentarar. Er dette håplaust, eller kan det bli noko av det?

1.
Joakim hatar krabbar. Dei har stygge tynne føter, stikkande auge og fæle klør.

— Mamma, eg går i fjæra!

Han raskar med seg lighteren dei bruker til å tenne i peisen før han spring ut døra.

2.
Nesten kvar dag er Joakim i fjæra. Han og hunden Burgund fangar krabbar. Burgund stikk heile hovudet under vatnet, og dukkar opp med ein sprellande krabbe i munnen. Burgund et krabben.

3.
Joakim leitar etter krabbar under steinar. Han veltar steinane vekk og ser etter krabbar. Når han ser ein krabbe tar han fram spaden sin og mosar heile krabben til krabbegraut. Det er så vidt han kan kjenne igjen krabbeføtene når han er ferdig.

4.
I heile sommar har Joakim og Burgund leita etter krabbar, Burgund spiste dei og Joakim mosa dei. Sola har varma dei, og regnet har plaga dei, men krabbar har dei funne.

5.
I går hadde pappa slått plenen. Joakim hadde sett på før han gjekk i fjæra for å leite etter krabbar. Han hadde sett at pappa fylte bensin på grasklipparen. Då Joakim såg det hadde han fått ein ide til kva han kan bruke bensinen til.

6.
Stille stiltrar Joakim seg inn i vedbua der pappa har bensinkanna. Det er eigentleg ikkje skummelt fordi pappa er på jobb og mamma aldri kjem hit.

Joakim tar etter bensinkanna, men holder på å miste ho når ein edderkopp spring over handa hans. Joakim bit tennene saman og tviheld på bensinkanna. Raskt spring han ned i fjæra.

7.
I fjæra set Joakim kanna frå seg. Like ved kanna begynner Joakim å bygge ein ring av steinar. Han legg stein oppå stein. Til slutt har han eit rundt fengsel med eit høgt gjerde rundt.

No er det på tide å arrestere nokre krabbar og ha dei i fengslet.

8.
Joakim spring frå stein til stein. Han snur steinane. Under steinane er det krabbar, han fangar krabbane. Forsiktig så dei ikkje skal klype han, ber Joakim krabbane bort til fengslet og legg dei oppi. Han må halde dei fast i den fremre delen av skalet.

Joakim kjenner etter at lighteren framleis er i lomma. Snart kjem han til å få bruk for den.

9.
Plutseleg snublar han, og krabba han har i handa kjem seg fri. Raskt spring krabba bort, sidelengs spring han, men Joakim er raskare. Joakim kommer seg på føtene og hoppar fram og landar på krabben. Berre føtene på krabben viftar febrilsk eit par gonger på utsida av støvelen før det blir stilt.

Joakim går raskt vidare til neste stein, og snur den.

10.
Under steinen er det ei stor krabbe. Joakim tar den over ryggen. Krabben når han nesten med klørne. Joakim stirer på krabba og spring mot ringen. Han ser ikkje kvar han set føtene, og plutseleg sit eine foten fast. Han dett framover, landar med andletet like ved ringen. Gjennom ein sprekk i steinmuren ser han krabbane. Dei kryp over kvarandre og prøver å komme ut av fengslet.

11.
Gjørma er djup og Joakim får ikkje foten laus. Han kjempar. Den andre foten sit plutseleg og fast. Då ser han at floa kjem innover.

12.
Vatnet stig raskt. Det går over støvlane til Joakim, og han blir våt. Snart er det så djupt at Burgund må svømme rundt han. Joakim ser vatnet gå over ringen han har bygd. Ein etter ein kjem krabbene ut.

13.
Joakim kjenner at dei kjem mot han, dei klatrar på støvlane hans. No kan han tydeleg kjenn at dei prøver å klype hol i støvelen. Bensinkanna flyt sakte forbi.

14.
– Mamma, ropar han. Stemmen skjelv, det blir meir eit pip enn eit rop. Han kjenner noko røre på seg – inni støvelen

­– Maaaaaaaaammmaaaa! Hjelp meg!

15.
Vatnet når han over magen. Tårene gjer at vatnet stig raskare.

16.
Ingen ser Joakim. Burgund svømmer og svømmer, det går saktare og saktare. Sjølv ein hund blir sliten.

17.
Langt borte høyrer han mamma rope. – No må du komme inn, Joakim. Det er middag.

Joakim svarar. Stemmen er låg.

3 Replies to “Krabbemos”

  1. Jeg liker sistedelen best, -fra der han bygger fengsel til krabbene og videre utover. Der «lever» språket mer enn i starten, og fortellinga blir spennede.

    Tror kanskje jeg villet jobbet mer med språket. Ikke gjentatt de samme ordene for mye, bygd ut setningene noe ( de er veldig knappe), gjort språket litt mer billedrikt osv.

    Avslutninga ville vært veldig bra om det var ei novelle, men det spørs om den fungerer i ei barnebok.

    Men alt i alt synes jeg du har noe her. Og litt «farlig» må en barneboktekst også kunne være.

    Irene 🙂

  2. Les i avisa i dag at barn står for mest/mykje vald mot mindre barn så det er klart eit tema vi må ta på alvor.
    Dette manuset handlar om stor (og skjult?) aggressjon og kan kanskje vere ok som bakgrunn for samtale om temaet.
    Men eg syns slutten er for dyster – mora må finne han, elles blir det så uuthaldeleg at ein/eg orkar ikkje lese det. Men viss det er klart at guten overlever, har både guten og lesaren fått noko å tenkje på(og snakke om).
    Elles er eg eing i at språket bør smattast meir på.
    Men sidan det er eit manus for ei biletbok, vil jo bileta fylle ut det som ikkje blir sagt med ord.
    Eit intenst manus som det kunne vere verdt å jobbe meir med.
    LivM

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version