Categories
Kollektivtrafikk SV

Cominor

Smatt litt på ordet Cominor. Kva tenkjer du på, ein ny sjampo, eller treningsdrikk? Ikkje veit eg, men det er altså namnet på det nye busselskapet her i nord. 1. september blir TIRB, Tromsbuss og Ofotens bilruter slått saman.

Ein kan seie mykje om namnet, men comi (sk) i nord kan det fort bli. Korfor dei insisterer på å bruke C når første del av ordet skal stå for kommunikasjon kan ein jo spørre selskapet om, vidare kunne eg hatt lyst til å spørre om korfor dei ikkje kan skrive nord med D, men forlanger å feilstave.

Den største utfordringa er likevel at dette gjer det vanskelegare for fylket og kommunen å kunne kjøpe attende Tromsbuss til offentleg eigarskap. Eg er og redd for at dette legg til rette for at bussdelen av Hurtigruten gruop blir enklare å selje til andre. Det er ikkje usannsynleg med dei underskota Hurtigruten har. Det er trist om desse selskapa skulle bli selt ut av landsdelen.

Categories
Ikkje politikk Troms og Tromsø

Er Oslo ein del av Noreg?

Det er underleg å høyre på eldste guten min av og til. Ofte når han leikar, legg han om til eit slags oslomål. Eg skuldar på Barne-TV, filmar og liknande (korfor er det så få som snakkar anna enn austlandsk i filmar for barn?). I alle fall i dag laga han bæsjesuppe, og det skjedde på austlandsk. Lettare irritert påpeikte eg at han kanskje kunne snakke ordentleg, og ikkje knote. Svaret kom kontant:

— Men pappa, vi leika at vi ikkje er i Norge.

— Å, kor dokk er då, spurte eg.

— Vi er i Oslo, kom sluttkommentaren.

Categories
Politikk

Stor oppslutning om 1. mai i Tromsø

Kanskje var det det godet vêret, kanskje dei mange gode parolane, eller berre for å treffe folk? Sanneleg om eg veit, men god oppslutning var det. Eg gler meg over det. Her er nokre bilete.