Russland sine to andlet

Morten Strand skriv i Dagbladet i dag om Russland sine to andlet. Han viser då til Putin og den nye presidenten Dmitrij Medvedev, men speler og på det russiske statsvåpnet som er ei ørn med to hovud.

Eit minst like interessant aspekt av dette er det fantastiske Russland på den eine sida og det brutale Russland på den andre sida. På den eine sida står det Russland som består av stor litteratur og kunst, framsynte idelogar, oppfinnarar og ingeniørar. Dei som har gjeve oss nokre av dei største undra verda har sett. Både romskip og litteratur. Dette er eit stolt, trygt og venleg Russland. På den andre sida står det landet som har gjeve oss brutaliteten i Tsjetsjenia, Gulag og redsel. Eg trur (dersom vi legg den gode, eller den onde vilja til) vi kan sjå litt av denne dualismen mellom Medvedev og Putin. Putins Russland var veikt og utrygt, etter kommunismens samanbrot.  Dette gav seg utslag i brutalitet og ei hevding av smale russiske interessar som til tider går på tvers av Russlands langsiktige interesser. På den andre sida kan vi håpe at Medvedevs Russland kan bli rikt, sterkt og trygt på seg sjølv. Eit slikt Russland kan på nytt skape storverk, utan at det må gå på bekostning av verken tsjetsjenarar eller georgiarar. Eit Russland som er trygt på seg sjølv kan bli ein faktor for det gode internasjonalt.

One Reply to “Russland sine to andlet”

  1. Tilbakeping: To sider av Russland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version