Hver 5. natt fri

Eg bur på hotell i samband med fylkestinget i Harstad. Hotell har sjølvsagt reklame for seg sjølv. I denne reklamen står det at «Hver 5. natt er fri». Fri! Det er eit fint ord, men kva er det meininga eg skal gjere denne 5. natta når eg har fri? Skal eg sleppe å drøyme? Sleppe å ha sex? Sleppe å sove?

Eg gler meg til oppfølgjinga, og kanskje spesielt; kva må eg gjere om natta når eg ikkje har fri? Gode forslag tas mot i kommentarfeltet.

Forøvrig viser vel denne reklamen nok ein gong at norskopplæringa bør bli betre i Noreg. Det burde vel stått, «Hver femte natt gratis»?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version