Hver 5. natt fri

ReklameplakatenEg bur på hotell i samband med fylkestinget i Harstad. Hotell har sjølvsagt reklame for seg sjølv. I denne reklamen står det at «Hver 5. natt er fri». Fri! Det er eit fint ord, men kva er det meininga eg skal gjere denne 5. natta når eg har fri? Skal eg sleppe å drøyme? Sleppe å ha sex? Sleppe å sove?

Eg gler meg til oppfølgjinga, og kanskje spesielt; kva må eg gjere om natta når eg ikkje har fri? Gode forslag tas mot i kommentarfeltet.

Forøvrig viser vel denne reklamen nok ein gong at norskopplæringa bør bli betre i Noreg. Det burde vel stått, «Hver femte natt gratis»?

Framtida til maritim utdanning i Troms

Dei maritime næringane er viktige i Troms. Og den maritime utdanninga er eit grunnleggande fundament for å utvikle næringa.

Eg har som fylkesråd sendt eit dokument på høyring om denne saka fordi eg ønskjer innspel på korleis vi best kan utvikle den maritime utdanninga i Troms. Dokumenta finn de her. Eg håper de tar dykk tid til å lese og reflektere over korleis vi på best måte kan utvikle utdanningane, og på best måte kan vere med på å auke verdiskapinga i næringa.

Debatter og kom med innspel her.