Hei igjen Liberaler. Det er ikkje små spørsmål du utfordrar med. Eg skal ikkje ta mål av meg i denne samanhengen til å svare på alle. Men heilt konkret i høve til satsinga på kollektivtrafikk i byane. Eg er samd med deg at det kunne vore betre. Men tromsø har altså 40 prosent av alle busskilometer i fylket. Godt over ein tredjedel av alt tilskottet går til Tromsø. Samt at inntektene for selskapa sjølvsagt er høgast i Tromsø. Det betyr at vi satser i Tromsø, sjølv om eg gjerne skulle hatt pengar til meir. Ei større satsing i Tromsø ville måtte føre til eit dårlegare tilbod i resten av fylket.

Når det gjeld passasjerterminalen har fylket sagt at vi vil gå inn med 30 millionar. Ca dobbelt så mykje som vi har gjort på Finnsnes. Det vil dekke behova for buss og hurtigbåttrafikken med god margin. Heller ikkje det tyder på lite satsing i Tromsø.

Det var berre det eg rakk å finne ut i dag. Eg skal prøve å svare på dei store spørsmåla i eigne bloggpostar etterkvart.