Det irske nei – betalt av USA?

Fleire media, mellom anna Der Spiegel og EUObserver melder om at det var amerikanske neokonservative som betalte for den irske nei-kampanjen.

Der spiegel siterer den franske europaministeren Jean-Pierre Jouyet frå eit møte i Lyon:

«Europe has powerful enemies on the other side of the Atlantic, gifted with considerable financial means.»

Vidare

He was putting the blame for the Irish rejection of the Lisbon Treaty on some surprising shoulders: neoconservatives in the United States. «The role of the American neocons was very important in the victory of the «no,'» he said.

Utgangspunktet foir diskusjonen om dette er at ein organisajon med det i Noreg noko belasta namnet Libertas brukte 1,3 millionar euro i nei kampanjen i Irland. Dobbelt så mykje son Fianna Fail brukte på ja-kampanjen. Spekulasjone botnar i at grunnleggaren av Libertas også er direktør for Rivada Networks. Dette selskapet sel mykje til det amerikanske millitæret. Fleire av dei som jobba for Libertas var betalte av Rivada. Det er heller ikkje offentleg kor Libertas sine pengar kjem frå. The Herald skriv litt om bakgrunnen til grunnleggaren av Libertas her. Dei legg spesielt vekt på at fleire tidlegare amerikanskje milliære sit i styret for Rivada Networks. Spekulasjonen skaut fart etter at ein del kommentarar frå John Bolton, tidlegare amerikansk FN ambassadør. I følgje Der Spiegel:

John Bolton, the former US ambassador to the United Nations, was in Dublin to deliver a speech on trans-Atlantic relations a week before the vote. He warned that the treaty could «undercut NATO,» something that would be a «huge mistake.» According to Bolton, known for being one of Washington’s most outspoken hawks, if the EU had its own military capability people will think NATO redundant and that Europeans «can take care of their own defense.»

Det er vel ikkje overraskande at EU-parlamentet begjærleg har tatt tak i denne saka. I staden for å diskutere grunnane til at folk i Europa ikkje ønsker ein stadig tettare union og endre EU til noko folk vil ha. Mitt inntrykk er at EU-parlamentarikarane er noko av dei mest fødrelt innstilte folka som finst, og at dei i liten grad skjønner korfor EU blir møtt med så stor motstand blant folk. I alle fall skriv EUObserver at:

The European Parliament’s delegation to the US will on its next trans-Atlantic visit ask Congress about allegations that the Irish anti-Lisbon Treaty campaign was funded out of America.

The parliament’s political group leaders – the «conference of presidents» – made the decision on Thursday (25 September) following calls for transparency by the Irish and French governments and the European Commission.

Daniel Cohn-Bendit, leiaren for den grønne gruppa i EU-parlamentet gjev uttrykk for den underlege ryggmargrefleksen til mange på venstresida i Europa, om at CIA står bak alt som er galt i verda. EUObserver siterer han på:

«The Irish press revealed that there possibly exists a link between the financers of the No campaign in Ireland and the Pentagon as well as the CIA … If proved true, this would clearly show that there are forces in the US willing to pay people to destabilise a strong and autonomous Europe,»

Eg trur Cohn-Bendit og andre har mykje å tene på å jobbe for å gjere EU meir demokratisk og mindre føderalt enn å bruke tida si på å leite etter amerikanskstøtta konspirasjonar

Maktbasen

NRK Brennpunkt har nyleg lansert maktbasen. Dette kunne vore eit godt verkty for å kartlegge kva interessar politikarane har. Det er eit viktig område å sette fokus på. NRK Beta, NRK sin blogg, spør om dette er nyttig. Ja, det er det. I alle fall om det som stod i basen er korrekt.

Eg har sjekka litt for Troms som eg kjenn godt. Den første feilen eg finn er at basen berre inneheld 25 av 37 fylkestingspolitikarar. Ein ganske stor feil vil eg påstå. Det andre er at basen har gått glipp av viktig informasjon. Eg kan ta meg sjølv som eksempel. Eg står i denne basen som å ikkje vere representert i noko foretak. Det er no ei sanning med modifikasjonar. Eg har styreverv både i Høgskolen i Tromsø og Valnesfjord Helseportsenter. Begge deler burde vore interessant i den rolla eg har som fylkesråd i Troms for utdanning og helse. I Nordland ser eg og at fleire av fylkesrådane manglar på lista. Ein ikkje ubetydeleg feil.

Eg trur dette kan bli eit svært godt verkty, men då må det basen vere komplett og korrekt. Det er ein stor jobb. Eg trur og det ville vere lurt å bruke energi på å få inn både framtredande journalistar og næringslivsfolk i basen.

Skoletragedien i Finland – kva gjer vi?

Det er vanskeleg å skrive noko om den grusomme tragedien som har skjedd i Finland, men det er likevel nødvedig og rett å prøve reflektere rundt den. Kan dette skje i Noreg, og korleis kan vi eventuelt hindre at noko liknande skjer i Noreg?

I dag hadde vi av andre grunnar samla alle rektorane for dei vidaregåande skolane i Troms. Det var eit godt høve for å snakke om katastrofen og sjå om det var noko vi kunne gjere for å hindre noko liknande. Rektorane var samstemte om var at vi ikkje må krisemaksimere, sjansen for at dette skal skje hos oss er svært liten. Samstundes må vi våge å tenkje tanken om at dette kan skje også i Troms og elles i Noreg.

Eit godt utgangspunkr for ein diskusjon er at det er ein del skilnader mellom det norske og det finske skolesystemet. Det er blitt sagt mange gonger i det siste. Då har det vore knytt til at dei finske elevane skårar mykje betre enn dei norske på ein del internasjonale undersøkjingar. Dette set kanskje fokus på ein annan viktig skilnad: norske elvar trivst betre på skolen enn dei finske elevane. Det trur eg er ein viktig verdi med den norske skolen. Det viktigaste førebyggjande arbeidet vi kan gjere på skolen er å sørgje for trivsel og eit miljø der det er lett å ta opp problem før dei blir så store at dei veks oss over hovudet. Dagbladet skriv litt meir om dette i dag.

Eg trur at det i stor grad er slik i den norske skolen at elevane tør og vil ta opp problem med dei vaksne i skolen, anten det er rådgjevarar eller lærar. Dette er noko vi må kultivere enda meir. Dersom vi skal ha oversyn over det som skjer i ungdomsmiljøet anten på internett eller andre stader, er vi avhengige å ha eit skolemiljø som dyrkar fram dialogen mellom dei vaksne og ungdomen vår. Dette er vi gode på, men vi kan alltid bli betre.

I tillegg til dette kan vi sjølvsagt bli betre til å følgje med på kva som skjer mellom ungdom på internett, anten det er youtube, nettby, facebook eller andre samanhengar. I Troms prøver vi no å skape oss eit verkty for å følgje med på kva som blir sagt om oss og skolane våre, spesielt på youtube. Dette er sjølvsagt ikkje ei løysning på problemet, men eit av mange verkemiddel for å skaffe oss kunnskap om kva elevane tenkjer om skolen og skolekvardagen også utanfor skolegarden. Dette kan vere eit grunnlag for dialog og diskusjon i skolen. Då kan vi kanskje bli enno betre på den viktige dialogen mellom ungdom og vaksne i skolen.

I media (Rana Blad, Nordlys, Radio Tromsø, Harstad Tidende og NRK) har det blitt rapportert mykje om at eg har nemt at vi må følgje med på youtube. Eg håper dette innlegget viser at eg ikkje synst det er det viktigaste.

Så kunne eg sagt mykje om våpenlov, samfunnsutvikling generelt, men det får vere til ein annan gong.

Stemmerett for 16-åringar i Troms

Fylkesrådet i Troms gjekk i dag inn for at 16-åringar skal få stemmerett ved fylkestingsvalet i Troms. Regjeringa har foreslått ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet i 2011, no meiner vi at dette bør prøvast òg ved fylkestingsvalet.

Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande skolar og kollektivtrafikken. Dette er ting vi veit ungdom er opptatt av og har kunnskap om. Det er vel så naturleg å gjennomføre eit forsøk ved fylkestingsvalet som ved kommunevalet. Det er ikkje unaturleg å tru at ein 16-åring er meir opptatt av vidaregåande skole enn grunnskolen.

I Stortingsmelding nr. 33 (2007-2008) opnar regjeringa for forsøk med stemmerett for 16-åringar. I Stortingsmeldinga tilrår regjeringaforsøk berre i kommunane. Vi vil no ta kontakt med partia på Stortinget og be dei vurdere dette òg ved fylkestingsval. Departementet skriv i Stortingsmeldinga:

Å utvida veljargruppa er ein måte å få fleire unge inn i rolla som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine. På den andre sida er det uvisst i kor stor grad 16 – 17-åringar vil nytta røysteretten sin. Det vil òg vera spørsmål om korleis ein best kan leggja til rette for informasjon til denne nye gruppa. Det kan til dømes skje i samarbeid med skuleverket. Departementet tilrår derfor at dette i første omgang vert prøvd ut som forsøk i nokre få, einskilde kommunar. På den måten vil ein kunna få kunnskap om nivået på deltakinga. Ein vil òg kunna sjå på i kor stor grad forsøket har gjort at denne nye gruppa med røysterett, og også ungdom som i dag har røysterett, er vortne meir medvitne om si rolle i det lokale samfunnslivet og moglegheita for å vera med på å påverka dei lokale høva rundt seg.

Forslaget frå fylkesrådet kjem i ei større sak om ungdomsmedverknad på regionalpolitisk nivå som skal opp på fylkestinget i oktober. I denne meldinga foreslår fylkesrådet å opprette Troms fylkeskommunes ungdomsråd som skal veljast av ungdomskonferansen/Ungdomens fylkesting. Dette er ein del av arbeidet frå fylkeskommunen med å gje ungdom ei sterkare stemme i arbeidet i fylkeskommunen.

Fylkesrådet vil òg ta kontakt med Finnmark for å undersøkje moglegheita for å samarbeide om eit elevombod i dei to fylka.

Konfliktar i nord

Eg har tidlegare skrive om dei potensielle konfliktane i nord mellom alle dei landa som prøver å få rettar til havbotn i polbassenget. Universitetet i Durham har laga eit godt kart som viser korleis desse krava overlappar.

Kart som viser dei overlappande krava i nord

Du finn ein større versjon av dette kartet, med forklaringar på nettsidene til University of Durham. Vel verd å ta ein titt på.

Magasinet til Dagbladet skreiv litt om dette for ei tid sida.

Betre å spare på botn av havet?

Verda er inne i ei stor finanskrise. Verdiane av aksjer og obligasjonar er i fritt fall. Med det fell og verdien av det norske oljefondet. Då er det verd å spørre seg; ville det ikkje vore betre å spare olja på botn av havet enn i aksjar? Dette har SV hevda i mange år. Eit døme kan vere B.innst.S.nr.8 (1996-1997). Der skreiv SV sin representant: «Etter dette medlems oppfatning vil det være samfunnsøkonomisk mest korrekt å spare ved å la større deler av vår olje- og gassformue ligge igjen til framtidige generasjoner.»

Treng vi dette når vi ikkje treng pengane?

Det er no på tide at vi tar lærdom av det som skjer på børsane i verda og sparer olja og gassen – ikkje som pengar, aksjer og obligasjonar, men som hydrokarbonar på botn av havet. Der ligg ressursane trygt. Det er lenge sidan det var krakk i Nordsjøen eller Barentshavet.

Det som i alle fall no er heilt tydeleg er at det ikkje hastar med å pumpe opp eventuell olje og gass utanfor kysten av Nord-Noreg. Det kan kanskje komme ei tid når dette er lurt, den tida er ikkje no. La oss nytte lærdomane frå finanskrisa til å varig verne havet utanfor Lofoten, Vesterålen og Troms mot oljeutvinning og bremse kraftig opp i Barentshavet. Goliat treng vi ikkje bygge ut no, Nucula kan godt vente!

SV meiner at vi må satse aktivt på å bygge opp andre næringar og auke lønsemda i tradisjonelle næringar som fiske og havbruk. Då bygger vi framtida utan å gjere oss avhengige av å øydelegge miljøet eller børsprisane i New York.

Du må gjerne bli medlem i SV for å styrke oss i kampen mot oljeutvinning

Eg har tidlegare skrive eit innlegg som heiter «Treng vi olja». Ta ein titt då vel.

Exit mobile version