[…] Eg må innrømme at eg har tatt feil. Eg har lenge trudd at Senterpartiet var ein alliert i klima og miljøkampen. Eg har lenge visst at SPs Irene Lange Nordahl var berusa av oljedampen, men at også SPs Ola Borten Moe, oljeminister, har tatt til å sniffe petroleumsprodukt er rett og slett trist. Det er nesten ingen tvil om at vi står framfor store menneskeskapte klimaendringar — om vi ikkje får redusert utsleppa av klimagassar. Bevisa er så trygge at vi må handle. I Tromsø vil SV satse på buss og gang- og sykkelvegar, for at vi skal gjere vårt. Men det nyttar ikkje så mykje om vi held fram med å pumpe opp oljeressursane våre i aukande tempo. Eg hadde trudd at Senterpartiet var ein alliert i kampen for ein ansvarleg oljepolitikk. Det kan virke som eg har tatt feil. Borten Moe seier til VG: Han mener det er et «paradoks» at det i den norske samfunnsdebatten er et motsetningsforhold mellom det å være for olje og gass og å være miljøvennlig og foroverlent. Men, og om vi ser bort frå klima er det mange gode argument for å redusere tempoet i oljeutvinninga i Noreg. Olja og gassen vår blir ikkje verdilaus i framtida. Det er derimot mykje større sjanse for at investeringane våre i internasjonale aksjar og handlegater skal bli mindre verd i framtida. Det er mykje betre å spare til framtidige pensjonar på botn av havet enn på internasjonale børsar (eg har skrive litt om dette tidlegare). […]