Det verste med å vere politikar

Det er stort sett fantastisk artig, spenande og gjevande å få jobbe med politikk på heiltid. Det å ha fått tillit hos veljarane til å vere med å utforme samfunnet er ei gåve og eit privilegium. Likevel, det er ikkje alle dagane som er like gode. Ofte er dei verste dagane når budsjetta skal leggast og rekneskapen gjerast opp. Det er så uendeleg mykje godt og spennande eg har lyst til å gjere, ting det rett og slett ikkje er pengar til. Det er ille nok å ikkje ha økonomi til å sette i verk nye ting. Ekstra trist blir det når gode eksisterande tilbod anten må kuttast vekk eller få kutt i pengane som gjer at tilbodet blir dårlegare.

Som du sikkert skjønner kjære lesar så er dette ein klagesong, ein elegi ((frå gr av elegos «klagesong») dikt el. musikkstykke fylt av sorg el. vemod; klagesong) om du vil.

Korfor skriv eg denne elegien no, jau det skal gjerast opp status for første halvår. Prognosane bør helst tilseie at vi går i null, medan dei gjerne viser eit stort underskott. Det betyr «tiltak». Tiltak som gjer det vanskelegare for dei tilsette og gjere ein god jobb og å trivast. Tiltak som tyder at ein må utsette gode ting eg gjerne skulle gjenomført. Samstundes med alle desse lite hyggelege «tiltaka» skal budsjettet for neste år snikrast. Også det budsjettet kjem til å vere for stramt, og om eit år er det til pers med nye «tiltak». Problemet er at det ikkje alltid er like enkelt å sjå framgangen bak «tiltaka». Så må vi bli meir effektive, men meir pengar er nok og naudsynt.

Likevel, noko får vi jo til. Skolen i Troms er betre i år enn i fjor. Han var betre i fjor enn i forfjor. Det går framover. Skolane blir pussa opp, sakte men sikkert. Nytt utstyr kjem på plass – om enn litt for tregt. Lærarløna går opp, men kanskje ikkje nok. Og, på måndagen starta eit heilt nytt tilbod i den vidaregåande skolen i Troms. No kan nokre av elevane våre ta universitetsfag medan dei er på vidaregåande. Dette er eit tilbod til dei mest ambisiøse. Dersom min visjon for skolen i Troms skal oppfyllast må både dei mest ambisiøse og dei som slit i skolen får eit betre tilbod enn i dag. I tillegg starta den Norsk-Russiske skolen i Murmansk første september. Heilt forferdeleg er det sanneleg ikkje, berre eg tenkjer meg om.

Her kan du lese om korfor offentleg sektor treng meir pengar

2 Replies to “Det verste med å vere politikar”

  1. Liv Marie A sa:

    Romerriket er ikkje bygd på ein dag – det som er litt betre, er litt betre, og det er bra.

  2. Liv Marie A sa:

    Vi kan fortare enn vi trur få politikarar som riv ned

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.