Eg er litt i stuss om korleis eg skal svare på kommentarane frå nyx og espen. Eg skal innrømme at eg vurderte å ikkje publisere dessde kommentarane. Men, eg meiner det er legitimt å ha desse meiningane, sjølv om eg er fullstendig usamd.

Espen, du må sjølvsagt få meine det du meiner, men korleis ville det gått med Noreg utan innvandrarane. Både omrsorgssektoren, eldreomsorgen, renovasjon ol. ville fått store problem. Vi skal vere glade for den innvandringa vi får. Noreg treng arbeidskrafta. Så er det ei anna sak at vi må gjere enno meir for å få alle innvandrarar inn i arbeid. Det vil lette integreringa, redusere kriminalitet og auke velferden i landet.

Nyx, eg kan vere samd i at mange på venstresida til tider har vore for opptatt av å sette merkelappar på meiningsmotstandarane sine. Eg meiner det er viktig å prøve å imøtegå argumenta og ta meiningane på alvor. Eg prøver i alle fall. I kommentaren din har eg imidlertid problem med å finne argument mellom alle påstandane. Eg trur det må vere råd å sjå at argumentasjonen er intellektuelt redeleg sjølv om ein er usamd.

Det at folk på venstresida «behandler folk som kloakk» og «tråkker andre grupper ned i dritten» må eg få imøtegå. Ein av grunnane til at SV ønsker ein human asyl- og innvandringspolitikk er at vi ser einskildmenneska bak tala. Det er ein skjebne bak kvar einaste av dei 15 000 asylsøkjarane som kjem til Noreg i år. Vi må makte å sjå menneska også i denne saka. På same måte som vi må i alle andre saker.