Kva er viktigast i verda

I løpet av den siste tida har det vore to naturkatastrofar. Ein storm har treft New Orleans, og India er utsett for flom. I Louisiana er to millionar folk evakuerte, ingen døde. Det meste har gått for seg i ordna former. I India er tre millionar menneskar heimlause, og det er umuleg å komme fram med naudhjelp til mange. Det er ingen tvil om at det er store konsekvensar begge stader, men heller liten tvil om at situasjonen er betydeleg meir alvorleg i Bihar enn i Louisiana.

Eg synst det er litt interessant å sjå kor ulik dekninga av dei to hendingane er i norske media. Eg har gjort fire enkle søk på google.

site:www.dagbladet.no bihar flom 5 treff
site:www.dagbladet.no «new orleans» gustav storm 251 treff
site:www.vg.no bihar flom 17 treff
site:www.vg.no «new orleans» gustav storm 4180 treff

Dette er på ingen måte ein vitskapleg studie, men gjev eit lite bilete av situasjoen. No skjønner sjølvsagt eg og at det som skjer i USA, spesielt i etterkant av «Katrina» er meir spennande enn det som skjer i India. Det er artig med problema til den republikanske kongressen, valet og alt det der.

Likevel er USA 245 gonger viktigare enn India, eg berre spør?

3 Replies to “Kva er viktigast i verda”

  1. Det er lang tradisjon for virkelighetsfordreining i media, på alle områder. Resultatene av den menneskeskapte globale oppvarmingen burde virkelig ha fått langt større oppmerksomhet og blitt satt mer i sammenheng. Nyhetene om at nordpolen snart vil være isfri feks blir bare nevnt i forbifarten.

    Men når det er sagt og også i denne sammenheng så ER det en enorm nyhet at en vestlig moderne storby faktisk stod/står i fare for total utslettelse. At denne orkanen ikke hadde stor nok styrke til det er ikke noe argument. New Orleans lever på lånt tid. Bare tre år etter den forrige katastrofen står nye i kø.

  2. Grenseløs: Det er openbart at New Orleans er ei god historie, og ei historie som må fortellast. Eg aksepterer tvert at den får meir spalteplass enn det som skjer i India. Likevel, forskjellen er for stor til at reine journalistiske kriterie kan forklare det.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.