Categories
Politikk SV

Flott Kristin

I dag er eg nok ein gong stolt over partiet mitt. Det gjer godt at SV ikkje vart med på denne innstramminga. (Sjå og SV si eiga pressemelding her)Det er ei innstramming som vanskeleg kan sjåast på som noko anna enn eit forsøk på å vinne tilbake røyster frå Frp. Eg trur det vil vere mislukka. Derimot vil det lukkast i å gjere tilvereret vanskelegare for mange menneske.

No skal vi ikkje sjå bort frå at reine økonomiske betraktningar og har vore viktige i diskusjonen. Det er i så fall trist. Eg er likevel godt nøgd med at ungdomane i Arbeidarpartiet i alle fall ikkje har gått seg vill i Frp-koden.

Eg vil ellers nytte høvet til å seie meg usamd med Stian Oen som skriv:

Samstundes er det vanskeleg – ja, eigentleg umogeleg – å sjå dissensen frå SV annleis enn at det var greitt for SV å gå med på at det vert bygd forureinande gasskraftverk og sendt spesialsoldatar i Afghanistan. Men ved innstramming av asylpolitikken er altså grensa no nådd.

Det må då vere råd å ikkje kople alt galt som har skjedd saman i ein saus?  Meiner Oenat vi skal ta dissens på alt som er galt? Då hadde det blitt lite av god ekompromiss som er med på å gjere landet og verda betre. La oss no ikkje i dag la det beste bli det godes fiende.

Godt jobba Kristin. Dersom du er samd, meld deg inn i SV her.

Categories
Internasjonalt Politikk Russland USA

Kva er viktigast i verda

I løpet av den siste tida har det vore to naturkatastrofar. Ein storm har treft New Orleans, og India er utsett for flom. I Louisiana er to millionar folk evakuerte, ingen døde. Det meste har gått for seg i ordna former. I India er tre millionar menneskar heimlause, og det er umuleg å komme fram med naudhjelp til mange. Det er ingen tvil om at det er store konsekvensar begge stader, men heller liten tvil om at situasjonen er betydeleg meir alvorleg i Bihar enn i Louisiana.

Eg synst det er litt interessant å sjå kor ulik dekninga av dei to hendingane er i norske media. Eg har gjort fire enkle søk på google.

site:www.dagbladet.no bihar flom 5 treff
site:www.dagbladet.no «new orleans» gustav storm 251 treff
site:www.vg.no bihar flom 17 treff
site:www.vg.no «new orleans» gustav storm 4180 treff

Dette er på ingen måte ein vitskapleg studie, men gjev eit lite bilete av situasjoen. No skjønner sjølvsagt eg og at det som skjer i USA, spesielt i etterkant av «Katrina» er meir spennande enn det som skjer i India. Det er artig med problema til den republikanske kongressen, valet og alt det der.

Likevel er USA 245 gonger viktigare enn India, eg berre spør?