Stemmerett for 16-åringar i Troms

Fylkesrådet i Troms gjekk i dag inn for at 16-åringar skal få stemmerett ved fylkestingsvalet i Troms. Regjeringa har foreslått ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet i 2011, no meiner vi at dette bør prøvast òg ved fylkestingsvalet.

Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande skolar og kollektivtrafikken. Dette er ting vi veit ungdom er opptatt av og har kunnskap om. Det er vel så naturleg å gjennomføre eit forsøk ved fylkestingsvalet som ved kommunevalet. Det er ikkje unaturleg å tru at ein 16-åring er meir opptatt av vidaregåande skole enn grunnskolen.

I Stortingsmelding nr. 33 (2007-2008) opnar regjeringa for forsøk med stemmerett for 16-åringar. I Stortingsmeldinga tilrår regjeringaforsøk berre i kommunane. Vi vil no ta kontakt med partia på Stortinget og be dei vurdere dette òg ved fylkestingsval. Departementet skriv i Stortingsmeldinga:

Å utvida veljargruppa er ein måte å få fleire unge inn i rolla som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine. På den andre sida er det uvisst i kor stor grad 16 – 17-åringar vil nytta røysteretten sin. Det vil òg vera spørsmål om korleis ein best kan leggja til rette for informasjon til denne nye gruppa. Det kan til dømes skje i samarbeid med skuleverket. Departementet tilrår derfor at dette i første omgang vert prøvd ut som forsøk i nokre få, einskilde kommunar. På den måten vil ein kunna få kunnskap om nivået på deltakinga. Ein vil òg kunna sjå på i kor stor grad forsøket har gjort at denne nye gruppa med røysterett, og også ungdom som i dag har røysterett, er vortne meir medvitne om si rolle i det lokale samfunnslivet og moglegheita for å vera med på å påverka dei lokale høva rundt seg.

Forslaget frå fylkesrådet kjem i ei større sak om ungdomsmedverknad på regionalpolitisk nivå som skal opp på fylkestinget i oktober. I denne meldinga foreslår fylkesrådet å opprette Troms fylkeskommunes ungdomsråd som skal veljast av ungdomskonferansen/Ungdomens fylkesting. Dette er ein del av arbeidet frå fylkeskommunen med å gje ungdom ei sterkare stemme i arbeidet i fylkeskommunen.

Fylkesrådet vil òg ta kontakt med Finnmark for å undersøkje moglegheita for å samarbeide om eit elevombod i dei to fylka.

2 Replies to “Stemmerett for 16-åringar i Troms”

  1. Stian sa:

    Personlig er jeg litt skeptisk til at 16-åringer skal ha stemmerett. Man ser jo fra skolevalgene at det er ytterst til venstre og høyre som alltid gjør det best på slike valg, selv om de på de virkelige valgene ikke gjør det langt på nær. Hadde dette blitt implementert ellers under valg tror jeg vi hadde kunnet få se noen snodige resultater.

  2. Eg er og usikker på dette, men meiner det er verd eit forsøk. Eg trur kanskje alvoret vil ta 16-åringane ved ordentlege val. Kanskje vil vi sjå andre resultat enn ved skolevala?

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.