Kong Salomos miner

Enno husker eg vagt at eg las Kong Salomos miner som ganske ung gutt. Det var ei spennande bok. Det er derfor ikkje så lite artig at forskarane no meiner at dei har funne dei gamle gruvane til kong salomo. Kong Salomo var forøvrig rekna som ganske vis, sjølv om eg heller ville kalla han ein drittsekk.  Tenk berre på denne vesle anekdota frå første kongebok, kapittel 3, 16 til 28, som skal vere bevis på visdomen hans.

Kong Salomo dømer mellom to kvinner. Bilete: Gustav Dorè, takk til Wikipedia Commons for fila

16På den tid kom det to skjøkjer og steig fram for kongen. 17 Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der budde i same huset. Så fekk eg eit barn i huset hjå henne. 18 Tredje dagen etter at eg hadde født, fekk ho òg eit barn. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hjå oss i huset. 19 Ei natt døydde guten hennar, fordi ho kom til å liggja på han. 20 Då stod ho opp midt på natta, tok guten or armen min medan eg sov, og la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm. 21 Som eg no stod opp om morgonen og skulle gje guten bryst, var han død. Men då det leid fram på morgonen, og eg såg vel på han, var det ikkje den guten eg hadde født.» 22 Då sa den andre kvinna: «Nei, den guten som lever, er min, og den som er død, er din.» Men den fyrste svara: «Nei, det er din gut som er død, og min som lever.» Såleis stod dei og tretta framfor kongen. 23 Då sa kongen: «Den eine seier: Det er min gut som lever, og din som er død. Og den andre seier: Nei, det er min gut som lever, og din som er død. 24 Henta eit sverd til meg!» sa kongen. Då kom dei inn til kongen med eit sverd, 25 og han sa: «Hogg det levande barnet i to, og lat dei to kvinnene få kvar sin halvpart!» 26 Då loga kjærleiken opp i henne som var mor til det levande barnet, og ho sa: «Høyr på meg, herre! Lat henne få den guten som lever, og drep han ikkje!» Men den andre sa: «Vi skal ikkje ha han anten eg eller du. Berre hogg til!» 27 Då tok kongen til ords og sa: «Lat henne få det levande barnet, og drep det ikkje! Ho er mora.»  28 Det spurdest over heile Israel korleis kongen hadde dømt, og folket fekk age for kongen. For dei såg at han hadde visdom frå Gud til å skifta rett.

Eg tenkjer vel heller at dette er ganske grusamt, og gjev eit godt bilete av korleis Israel den dag i dag nyttar teorien om splitt og hersk for å halde palestinarane nede.

Forøvrig er eit av dei sterkaste minna eg har frå «Kong Salomos miner» den dagen, mange år seinare då det gjekk opp for meg at boka faktisk heiter «Kong Salomos miner» og ikkje «Kong Salomos minner»

Oppdatert:

Sanneleg om ikkje Dagbladet og skriv om saka plutseleg. Skal vi vedde om VG kjem i morgo, og A-presseavisane samle i overmorgon?

9 Replies to “Kong Salomos miner”

  1. kaudervelsk sa:

    Dette ble vanskelig å lese, selv om det var interessant. Det burde vel egentlig holde med ett språk blant 5 mill. mennesker. Norge har jo blitt et slags moderne Babels tårn.

  2. per sa:

    Dersom du stryker i fransk, får du medfølelse fordi det er et vanskelig språk, men stryker du i nynorsk er det fordi språket suger og alle er enige om at det skulle vært fjernet.

    alle språk har rett til å leve. det er valgfritt. tenk.

  3. Eg kan vere samd i at bibelspråket kan verevanskeleg, men det gjeld no anten det er bokmål eller nynorsk. Men, dei fleste av oss les meir bokmål enn nynorsk, derfor krev vanskleg språk på nynorsk ofte litt ekstra insats

  4. Kjetil sa:

    Kan hende jeg tar feil, men… Er ikke en mine først og fremst en sprengladning som er gravd ned i bakken? Heter det ikke «gruve» på norsk?

  5. Nynorskordboka seier om mine:
    I mine f2 (fr av bretonsk min «snute, munn, andletsuttrykk») andletsuttrykk martyrm- / skjønarm- / (ta på seg) ei alvorleg, streng m- / ingen sure m-r! inga surmuling! / gjere m-r gje teikn med andletsrørsler / ingen gjorde m- til å hjelpe ingen gjorde teikn til å gripe inn / gjere gode m-r til slett spel ikkje vise misnøye, låst som ingenting

    II mine f2 (gj ty. og fr frå kelt. «malm»)
    1 sprengladning med tennmekanisme i ein behaldar som eksploderer ved støyt, trykk el. annan påverknad landm- / sjøm- / skipet gjekk på ei m- / leggje ut m-r / drivande m-r er farlege for skipsfarten
    2 gruve(gang), sjakt
    3 insektgang i blad el. tre

    III mine v1 el. v2 (sjå *II mine) minere

    http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=mine&begge=S%F8k+i+begge+ordb%F8kene&ordbok=bokmaal&alfabet=n&renset=j

  6. Liv Marie Austrem sa:

    Eg tenkjer nå at det er å dra det litt langt å la denne historia/lignelsen handle om Israels politikk i dag. Historia er enklare meint, trur eg. Og eg syns nå kongen var kreativ til å få fram sanninga om kven som var mora, og barnet vart spara.
    Konflikten i dag er meir urettferdig og verre å løyse.

  7. Liv Marie: Sjølvsagt er det å trekke saka i lengste laget. Men av og til må ein få lov til det og.

  8. Atle Kierkegaard sa:

    Pål Julius Skogholt..
    Når jeg leser dine tanker om beretningen av de to barna tenker jeg:
    Har tanken på at du kan ha misforstått noe grunnleggende slått deg?

    1. Den tanken slår meg til stadigheit

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version