Kystfiskeutvalet

I dag har eg vore på høyringa Troms fylkeskommune arrangerte om kystfiskeutvalet si innstilling. Det fulle namnet er «NOU 2008:5 Retten til fiske i havet utenfor Finnmark«. Innstillinga går i korte trekk ut på å anerkjenne finnmarkingane og sjøsamane i Finnmark sin rett til fiske i fjordane og kystnære farvatn utanfor Finnmark. Dette er ei god og spennande innstillinga.

Utvalet foreslår å begrense kapitalen si kontroll over fiskeria langs kysten

Innstillinga seier at basert på hevdvunne rettar og dei folkerettslege pliktene Noreg har, så får urfolka rett til fiske i fjordane og langs kysten av Finnmark. Det fantastiske er at denne retten og vil gjelde alle som bur i Finnmark, ikkje berre samane.

Denne retten vil vere personleg, uomsetteleg og knytt til at ein bur nær fiskeplassen. Dette er musikk i mine øyre (då reint bortsett frå at eg ikkje er så veldig glad i musikk – men eg er altså glad for dette). Eg har kjempa for ein slik fiskeripolitikk så lenge eg har vore politisk aktiv. Det er viktig å rett at kystfolket har rett til å fiske. At denne retten ikkje skal omsettast på ein børs og at det skal vere råd å komme inn i fiskeria utan å måtte bruke store summar på å kjøpe seg kvotar.

Det er fleire grunnar til at dette er rett. Når ein ikkje må kjøpe kvote minkar presset på fiskebestanden, fordi ein ikkje må fiske til banken før ein kan starte å fiske til seg sjølv. I tillegg må desse nye kvotane takast frå ein plass. Det er sannsynleg at desse kvotane vil komme gjennom at staten kjøper ut kvote frå havfiskeflåten. Dette vil vere med å minke presset på bestandane og redusere energiforbruket og dermed CO2-utsleppa frå næringa.

Eg håper Stortinget no vedtar denne innstillinga, og at vi kan utvide denne ordninga til å gjelde heile den nordnorske kysten. Det vil vere ein siger for verdiskaping, miljø, kystkultur og ikkje minst vere med å ta vare på den sjøsamiske kulturen.

Det er godt å kjenne seg oppglødd ein fredags ettermiddag.

3 Replies to “Kystfiskeutvalet”

  1. Irene sa:

    Hei Pål Julius

    Har bare lyst til å hoppe inn for å seie at eg synes det er veldig interessant å følge bloggen din! Det blir ikke så mye kommentarer som blir lagt igjen, men eg les.

    Irene

  2. Tusen takk, det var svært hyggeleg å høyre

  3. Liv Marie Austrem sa:

    Håpar også dette blir vedtatt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version