Nytt skolebygg på Kvaløya

Kvaløya vidaregåande skole skal endeleg få gode undervisningslokale for bygg- og anleggsteknikk. Troms fylkeskommune bygger 2600 nye kvadratmeter for nesten 45 millionar. Dette vil gjere læringsmiljøet og arbeidsmiljøet mykje betre.  Framtidige tømrarar, røyrleggarar og malarar vil få gode forhold.

Prosjektleiar Arne Meyer, rektor Bente Svenning og meg, fylkesråd for utdanning. <i>Foto: Klara Johansen</i>
Prosjektleiar Arne Meyer, rektor Bente Svenning og meg, fylkesråd for utdanning. Foto: Klara Johansen

I dag leier vi lokale i Kaldfjorden og brukar ein plasthall. Denne tida er no snart forbi. Den 1.10.2009 skal heile skolen vere samla. Då vil undervisninga og kvardagen til både elevar og lærarar bli mykje betre.

Bygginga, det vil seie gravinga starta for åtte dager sidan. I dag var eg på besøk på tomta. Eg gler meg til å sjå bygget som kjem opp.

Oppdatert:
Du kan sjå eit innslag på TV-Tromsø om saka her

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.