OL, Tromsø og Noreg

Eg må innrømme at eg er litt tvisynt når det gjeld eit eventuelt OL i Noreg i 2018. På den eine sida trur eg det ville betydd svært mykje for Noreg, og Nord-Noreg spesielt med eit norsk OL-arrangement i Tromsø i 2018. Det ville betydd ei oppgradering av infrastruktur, ei profesjonalisering av reiselivet og marknadsføring av landsdelen som har stort potensiale.

Òg, ikkje minst. det ville blitt ustyrteleg artig. Eg veit ikkje heilt kor det er med deg, men eg liker å gå på fest av og til. Eg set pris på å bli invitert på middag. Då er det vanleg at ein inviterer tilbake. Liker ein å danse, så må ein by opp til dans ein gong i blant. Det meiner eg at Noreg skal gjere.

Esten O. Sæther kommenterer saka i Dagbladet i dag. Han skriv:

Den gjelder å se anlegg, idrettsutvikling og nasjonal helse under ett, der skillelinjene ikke går ved ja eller nei til en ishockeyhall i Tromsø og ellers har lite å gjøre med hvor vi bor i landet.

Det triste er at å sjå under eitt så alt for ofte er kode for å sjå det sentrale Austlandsområdet.

Men, det er dyrt, eg innser det. Eg kjenner på meg at det ikkje er med lett hjarte eg argumenterer for eit arrangement som vil koste 30 milliardar, med ein nettokostnad for samfunnet på 20 milliardar, 10 milliardar om ein reknar med materielle fordelar. Så det er kostnaden då for ein idrettsfest, for å bygge ut viktige idrettsarenaer i Nord-Noreg, for å marknadsføre landsdelen, for å samle idrettsnoreg. 10 milliardar. Det er mykje pengar, men det skal fordelast på 10 år, altså ein milliard i året. Er det mykje? Tja, 47 i staden for 48 jagerfly – omtrent. Ein avrundingsfeil på statsbudsjettet – omtrent.

Det kan ikkje vere pengane som avgjer dette. I alle fall ikkje pengane for staten. Dei finst, det handlar berre om vilje.

Eg er meir bekymra for Tromsø kommune sine kostnadar i ein periode fram til IOC avgjer kven som skal få leikane. Det kostar mykje pengar å søkje. Det er pengar Tromsø kommune ikkje har. Dei pengane er viktige i debatten. Dei 10 milliardane er ikkje det.

Viktigare i debatten er kanskje ein diskusjon om miljøkostnadane med eit OL i Tromsø. Transportøkonomisk institutt har laga ein interessant rapport om dette. Det spørsmålet eg ikkje synst dei svarer på er om eit OL i Tromsø vil føre til meir eller mindre utslepp enn eit OL andre stader.

Det vil avgjere mitt endelege standpunkt i saka. No er eg framleis for OL i Noreg, arrangert i Tromsø. Eg er inderleg forbanna på det sentrale Oslo-miljøet både i politikk og idrett som undergrev dette prosjektet, som dei undergrev så mykje anna satsing i Nord-Noreg.

Oppdatert:

Dagbladet skriv litt om saka her, spesielt om at idrettstyret blir sett under hardt press

Oppdatert to:

Så har idrettsstyret sagt nei. Det er kanskje greitt å få ei avklaring, sjølv om det var ei feil avklaring?

Ein reduksjon på 180 prosent?

Klassekampen stiller i dag opp med overskrifta: «Vil ha utslipp ned 180%». Eg er samd i at vi må redusere utsleppa, men sist eg sjekka var 100 prosent det same som alt. Kan nokon forklåre meg korleis ein reduksjon på 180 prosent er muleg?

Jubler for skolelån

I dag sendte eg ut denne pressemeldinga. Lykkeleg over at regjeringa sett i verk ei ny ordning for rentefrie lån til bygging og opprusting av skolar og svømmehallar. Du legg kanskje merke til at meldinga er på bokmål, det er eit av dei kompromissa ein må inngå, dessverre.

——–

– Jeg er lykkelig over at regjeringa nå gjeninnfører ordninga med lån til skolebygg med rentekompensasjon. Slik reagerer fylkesråd for utdanning Pål Julius Skogholt (SV) på dagens melding om at regjeringa setter av 15 milliarder til skolebygg.

-Dette er noe både kommunene i Troms og fylkeskommunen har etterspurt. Nå vil det bli mulig for kommunene å ta igjen noe av etterslepet rundt vedlikehold og bygging av skolebygg.
– Jeg er spesielt glad for at regjeringa denne gangen inkluderer svømmebasseng i ordninga, sier Skogholt. – Dette vil være med på å fylle vann i mange basseng i løpet av de neste årene.
– I Troms er det på de videregående skolene fleire store utbyggingsprosjekt de neste årene. Rå vgs i Kvæfjord, Kongsbakken vgs og Tromsø maritime i Tromsø, samt mindre prosjekt andre steder vil nå kunne gå raskere å gjennomføre med denne ordninga, sier han.

I 2009 vil det nasjonalt være tilgjengelig to milliarder over ordninga. Totalt vil det være 15 milliarder fordelt på åtte år.

  • Kunnskapsdepartementet si pressemelding om saka finn du her.
  • Dagbladet skriv om saka
  • og VG
Exit mobile version