Fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag blir statsfinansiert! Dette er noko av det som Troms vil merke av Statsbudsjettet 2009. Budsjettet legg og opp til satsing på betre kvalitet i grunnopplæringa og meir midlar til forsking og høgre utdanning i nordområda.
Ein foreslått vekst i dei frie inntektene til Troms fylkeskommune på 8,8 prosent vil komme den vidaregåande opplæringa i fylket til gode.
Fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag blir statsfinansiert
Fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag har ikkje gitt tilskot frå staten til no. Troms fylkeskommune har med eit naudrop klart å prioritere midlar til eit slikt tilbod på trass av manglande statsstøtte. For 2009 foreslår Regjeringa å etablere ei eiga tilskotsordning til fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag. Dette sikrar at vi kan gje slike tilbod i framtida, og er viktig for den generelle rekrutteringa til helse og sosialfaga.
Gode lærarar og leiarar i skolen
Lærarane er nøkkelpersonar for å betre kvaliteten i opplæringa. Regjeringa vil løyve 400 mill til etter og vidareutdanning for lærarar og rektorar. Kompetansesatsinga som byrja som eit treårig prosjekt med Kunnskapsløftet i 2006, kan no halde fram med like stor kraft i åra som kjem. Regjeringa foreslår også ei ordning for å rekruttere lærarar i språk og realfag til vidaregåande opplæring. Ordninga inneber ei avskriving av utdanningsgjeld for dei ordninga skal gjelde.
Gratis læremidlar for alle elevar i vidaregåande skole blir ein realitet når regjeringa i 2009 fullfører finansieringa av læremidlar i vidaregåande skole.
Tidleg innsats og betre tilpassa opplæring
Undersøkingar viser at grunnleggande kunnskapar frå barne og ungdomstrinna er svært viktig for å klare å fullføre vidaregåande opplæring. Det ligg ei rekke tiltak i statsbudsjettet for meir tilpassa opplæring. Kartleggingssystem som gir godt grunnlag for tidleg innsats er eit av forslaga. Dersom ein lukkast med tidleg innsats for grunnleggande kunnskapar, vil dette truleg bety mykje for resultat og gjennomføring i vidaregåande skole.
Gode meldingar til høgre utdanning og forsking i Troms
Nordområdesatsinga på forsking og høgre utdanning aukar med meir enn 100 millionar kroner. Sjølv om det ikkje ligg konkrete satsingar mot vidaregåande opplæring, er dette gledeleg for kompetanse-Troms.
- Regjeringa vil bidra med 5 millionar til finansiering av bachelor i luftsfartsfag ved Universitetet i Tromsø.
- Regjeringa vil løyve 22 mill kroner til oppretting av eit kompetansesenter for is og klima ved Norsk Polarinstitutt. Dette vil vere viktig for oppbygging av slik kompetanse i vidaregåande opplæring.
- Arbeidet med marin bioprospektering i Tromsø blir styrka med 10 mill kroner. Ein million av dette skal brukast til å styrke bioteknologiforskninga (MABIT).
- Det blir oppretta fleire nye rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskolar.
Dagen for statsbudsjettet er den store pressemeldingsdagen i norsk politikk. Dette var mitt bidrag i dag.