Synkande kvalitet

Zett utanfrå hevdar i bloggen sin at det er ein stadig synkande kvalitet i norsk skole. Det blir som så ofte før når slike påstandar kjem fram ikkje vist til kjelder og heller ikkje sagt noko om etter kva kriterie kvaliteten er målt ut i frå. Utan at vi er tydeleg på kva vi måler, kor sikre målingane er, og kva vi ikkje måler er det vanskeleg å seie noko heilt sikkert om kvaliteten i skolen.

Elevar i hardt læringsarbeid. Foto: Baldur Blöndal/Wikipedia
Elevar i hardt læringsarbeid. Foto: Baldur Blöndal/Wikipedia

Det vi veit er at det har vore ein nedadgåande tendens i nokre internasjonale undersøkjingar. Det er ille og noko vi må ta på alvor. Men det vi og veit er at desse undersøkjingane ikkje er den heile og fulle sanninga om norsk skole. Skolen er mykje meir enn det som blir målt i PISA og liknande.  Eit viktig mål på kvalitet må jo mellom anna vere om det ein lærer er relevant for det arbeidet ein skal gjere seinare? Norske arbeidstakarar svarar i ei internasjonal undersøking at dei oppfattar utdanninga som relevant. Faktisk ligg vi på topp (ja, eg skal finne referansen, berre gje tol).

Vidare er det gjort mykje vesen ut av dei geografiske skilla i landet når det kjem til resultata på dei nasjonale prøvane. Faktum er jo at det eigentleg er usedvanleg liten skilnad. Med tre unntaket er ikkje spennet i 8. klasse større enn 2,8 til 3,3, der dei fleste fylka ligg midt i laget. Altså er hovudfunnet at det er stor grad av likskap over heile landet. Dersom vi hadde korrigert tala for skilnad i utdanningsnivå og inntekt hos foreldra, som vi veit betyr mykje for resultata, så er eg sikker på at skilnadene ville blitt enno mindre. Gjennomgåande er det slik at dei fylka med lågast utdanningsnivå generelt ligg nederst. Fylke som Finnmark og Østfold har eit lågt utdanningssnitt, og scorer dårleg på prøvane, Akershus motsett. Akkurat slikein kan forvente. Dersom dette er riktig – og det trur eg – så er det slåande kor likt det er.

Det er viktig å måle kvaliteten på skolane, i alle fall på systemnivå (dvs kommunenivå for grunnskolane og fylkesnivå for dei vidaregåande skolane) fordi veljarane har krav på denne informasjonen for å kunne vurdere om vi som politikarar gjer ein god jobb og som eit viktig premiss for den offentlege debatten. Vi må likevel vere tydelege på at ikkje alt blir målt – og heller ikkje alt av viktig kvalitet i skolen er målbar.

2 Replies to “Synkande kvalitet”

  1. Jeg er rimelig sikker på at du tar feil når det gjelder hvor likt alt er. Det er ikke bare et spørsmål om hvor store forskjellene i gjennomsnittene er. Rent statistisk er det også spørsmål om forskjellene er statistisk signifikante. Og det tror jeg faktisk de er. Du kan ikke sammenlikne tall ut fra størrelser – du må bruke statistiskk.

    Ellers takker jeg at du refererer til bloggen min. Men jeg synes du er svært usakelig. Du tør ikke ta opp tråden i mitt innlegg i det hele tatt. Mitt innlegg reiser jo spørmålet: Er det forskjeller i lærernes kvalitet mellom fylkene? Drt synes jeg faktisk norsk skoledebatt ville ha godt av om noen hadde mot til å besvare ærlig. Dette er nemlig en av de tingene det er mulig å gjøre noe med, mens andre forhold, slik som foreldrenes utdanningsbakgrunn med mer, er langt vanskeligere å påvirke.

    Peter

  2. Hei Peter, beklager at eg ikkje tok direkte fatt i lærarkompetansen. Ein interessant rapport om dette finn du hos SSB.

    Der finn du mellom anna denne:

    Tabell 13.1. Andel lærere med godkjent lærerutdanning etter
    type og fylke. Prosent
    Allmennlærerutdanning, Førskolelærerutdanning, Faglærerutdanning, Praktiskpedagogisk utdanning (PPU)
    Østfold 73 15 4 8
    Akershus 62 8 6 24
    Oslo 58 6 4 31
    Hedmark 80 10 4 6
    Oppland 76 12 6 6
    Buskerud 75 5 7 13
    Vestfold 75 7 5 13
    Telemark 72 10 12 7
    Aust-Agder 77 10 4 9
    Vest-Agder 82 6 8 4
    Rogaland 77 10 2 12
    Hordaland 79 5 3 13
    Sogn og Fjordane 82 9 1 9
    Møre og Romsdal 70 6 7 16
    Sør-Trøndelag 69 7 3 22
    Nord-Trøndelag 81 10 3 7
    Nordland 89 5 1 5
    Troms 82 5 2 11
    Finnmark 81 11 4 5

    Tabellen vart kanskje ikkje så leseleg. Det er skilnad i kompetansen. Hovudskilnaden er at det er fleire med universitetsutdanning spesielt i Oslo og Akershus.

    I rapporten skriv dei:

    13.1. De fleste har godkjent utdanning
    Kun fire prosent av utvalget oppgir at de ikke har noen form for pedagogisk utdanning. I figur 13.1 har vi uttrykt fordeling av undervisningspersonell uten godkjent utdanning i forhold til fordelingene av lærerkrefter i de ulike fylkene. Figuren viser stor variasjon mellom andel lærer uten godkjent utdanning i forhold til andel med godkjent utdanning i ulike fylker. Vest-Agder er det fylke som har størst andel av lærere uten godkjent utdanning i forhold til lærerkrefter i fylket, tett etterfulgt av Buskerud.

    Ja, du har eit poeng, men det er ikkje Finnmark som skil seg ut. Tvert i mot ligg Finmark over landssnittet. Dei fylka som skil seg ut negativt er (utan at eg har sjekka tar dette frå hukommelsen) ikkje dei som skårer dårlegast. Agderfylka hadde vel ein stor framgang i dei nasjonale prøvane om ikkje eg minnest feil.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.