Goliat, olje og dissens

Det italienske oljeselskapet ENI har no lagt fram konsekvensutgreiinga for utbygginga av goliatfeltet utanfor Finnmark. Goliatfeltet ligg svært nær land og nært det store fuglefjellet Gjesværtappan. Det er eit felt som vi ikkje treng bygge ut. Det er berre 48 kilometer frå Goliat og inn til land. Olja vil bruke vel eit døgn på turen, og vi har ikkje beredskap til å stoppe dette.

Frivillige rensar opp etter Prestige i Galicia. Vi treng ikkje slike scenar frå Finnmarkskysten. Foto: Wikipedia/User:Viajero/http://tinyurl.com/6fsp2r
Frivillige rensar opp etter Prestige i Galicia. Vi treng ikkje slike scenar frå Finnmarkskysten. Foto: Wikipedia/User:Viajero/http://tinyurl.com/6fsp2r

Eg skulle vore med på å bygd ut olje om det var slik at vi trengte pengane i dette landet, eller fordi det var mangel på energi i verda. Slik er det ikkje. For å sitere meg sjølv:

Det er no på tide at vi tar lærdom av det som skjer på børsane i verda og sparer olja og gassen – ikkje som pengar, aksjer og obligasjonar, men som hydrokarbonar på botn av havet. Der ligg ressursane trygt. Det er lenge sidan det var krakk i Nordsjøen eller Barentshavet.

Derfor tok eg og SV dissens i fylkesrådet i denne saka i dag (referatet finn du her). I eit parlamentarisk styresett som det vi har i Troms er dissens ei alvorleg sak – og det er første gong eg har vore med på dette sida eg kom inn i fylkesrådet hausten 2006. Utbygging av olje og gass er ei alvorleg sak. Eg er litt fortvilt over at AP ikkje kan sjå at meir olje ikkje er det verda treng akkurat no. Eg hadde jo håpa at AP skulle følgje AUF-leiaren frå Harstad. Han er medforfattar i ein kronikk i Dagbladet som heiter Stopp Goliat. I kronikken skriv han og fleire andre:

Det å åpne for utvinning av olje og gass på Goliat-funnet er et startskudd for å åpne Barentshavet for oljeindustrien. Det gjør at kampen om Goliat ikke bare er kampen om ett enkelt oljefunn, men om et helt havområde. Vi mener Norge har inngått internasjonale forpliktelser som gjør det umulig for oss å bygge ut: både gjennom våre Kyoto-forpliktelser og gjennom at vi har ratifisert Konvensjonen for biologisk mangfold som pålegger nasjonalstater å stoppe tap av biologisk mangfold innen 2010.

SV vil halde fram med å kjempe mot utbygginga av Goliat. Og vi har enno eit ørlite håp om at fylkestinget vil snu i denne saka.

Meir:

  • Troms SV si pressemelding finn du her
  • Nordlys skriv om saka her
  • Konsekvensutgreiinga til ENI finn du her
  • Referatet frå fylkesrådsmøtet finn du her

2 Replies to “Goliat, olje og dissens”

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.