Til punkt ein, så uttalte eg meg kanskje litt klossete. Eg har ingen grunn til å tvile på at det er slik Gilbert oppfattar situasjonen og at meldinga faktisk kjem frå nokon som er i området og opplever situasjonen på kroppen. Så blir det opp til kvar av oss kor mykje vi trur på at Gilbert si oppfatting er den rette.

Til punkt to, grunnen til at det blir demonstrasjonar no er at situasjonen eskalerer og blir sett på spissen. Då blir det reaksjonar. Det er mykje eg og mange andre sikkert burde demonstrert mot, Hamas sitt menneskesyn som er forferdeleg, overgrepa til Lords Resistance Army, situasjonen i Kongo, krigen på Sri Lanka, sjølvmordsbombing, urettferdigheita i det internasjonale handelssystemet, bruk av pengar på våpen når folk svelt, overgrepa i Tsjetsjenia, fritt Tibet!, ein sterkare offentleg sektor i Noreg, osb. Korkje eg eller andre maktar alt. Det at eg ikkje til ei kvar tid klarer å protestere mot alt, kan ikkje haldast mot meg i denne saka.