Ørn, eg er ikkje medlem av Palestinakomiteen og har ikkje deltatt i organiseringa av demonstrasjonane, men ja eg er engasjert i saka.

Eg trur ikkje nokon person er i stand til å vere 100 prosent objektiv. Ingen kan skildre ei sak utan å vere farga av ståstad og det ein ser. Ei objektiv sanning finst ikkje anna plass enn i delar av matematikken. Det finst sjølvsagt andre mulege skildringar enn Gilbert si. Eg trur/veit at opplevinga av situasjonen er annleis for ein innbyggar i Sderoth enn i Gaza. Det forhindrar ikkje at vi må ta standpunkt ut frå det vi veit og trur på.