Ein lærepenge

Her om dagen kom den yngste sonen min smilande opp til meg, — Eg har fått ein lærepenge, seier han.

Det kan koste mange lærepengar å lære noko. Foto: Wikipedia/Brukar Although
Det kan koste mange lærepengar å lære noko. Foto: Wikipedia/Brukar Although

Eg kjente at eg vart litt tvilande, han smilte så nøgd. Eg ville trudd ein lærepenge ville betydd ein litt mutt og småsur liten gut. Han såg kanskje tvilen min, og for å bevise at han hadde fått ein lærepenge strekte han ut handa, der låg det ein skinande ti-kroning.

Det fekk meg til å tenkje, kvar kjem eigentleg uttrykket «ein lærepenge» frå? I Nynorskordboka står det « (eigl «løn, avgift ein betaler for opplæring») tap el. skade som ein kan ta lærdom av; åtvaring det vart ein dyr l-»

Då blir det jo interessant, er det den som gjev ein lærepenge, eller den som får ein lærepenge i form av betaling som faktisk har lært noko, og frå kven?

Eg har ikkje lenger noko klårt svar. Det einaste eg veit er at eg har lært noko opp gjennom åra, og at prisen har vore ulik. Den dyraste lærdomen har eg fått i forhold til damer. Det har kosta blod, slit, tårar og pengar. Kven var det som fekk dei lærepengane? Far min . Ein formiddagen ved kjøkkenbordet etter ein tur på byen fortel eg far min om desse jenteproblemane eg hadde. Han hadde ikkje så mange og konkrete gode råd å komme med, men utbraut med innderlegheit: «Pål, må du gjere dei same feila som eg gjorde»

Har du fått ein lærepenge, dyrkjøpt, som vi andre kan lære av utan å legge gode pengar i potten? Del med oss i kommentarfeltet.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.