Det er ikkje så alt for lenge til dagens tiendeklassingar må velje studieløp i vidaregåande skole. Det er kanskje ikkje eit val for livet, men for mange vil dette avgjere framtidas yrke. Det er viktig både for ungdomane som skal velje og foreldra å diskutere dette grundig og skaffe seg informasjon.
I Troms tilbyr vi 12 utdanningsprogram med ulike spesialiseringar første året, og du kan utdanne deg innafor totalt 190 fag eller yrke. Det er ikkje lett å velje blant alt dette. Valet må avhenge av interesser, ønske om framtidig bustad – og sjølvsagt – kva samfunnet har bruk for. Det vanlegaste rådet i denne situasjonen er at ungdomen må velje det dei er interessert i. Det er ei enkel utsegn, men for dei fleste av oss er det heldigvis slik at vi er interesserte i meir enn ein ting. Det kan derfor vere verd å skjele til andre ting i valprosessen.
Det er vanskeleg å spå , men ein spådom skal eg driste meg på. Det kjem i Troms og i heile landet til å bli eit stort behov for folk innan omsorgssektoren. Kommunane har stort behov framover for kvalifiserte helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Dette er trygge val om du vil vere sikker på å få jobb, og det er eit trygt val om du vil jobbe med noko som betyr mykje for menneska rundt deg. Utan kvalifiserte folk i omsorgsektoren blir Noreg eit fattigare og kaldare land. Eg kan derfor trygt rå dei som har interesse for det å velje helse- og omsorgsfag i vidaregåande skole. Spesielt vil eg be gutar om å vurdere slik utdanning. Til neste år gjer vi noko nytt i Troms, vi gjev alle som fullfører læreløpet fram til fagbrev som helsefagarbeidar rett til eit ekstra år på skole slik at du og kan kvalifisere deg til høgare utdanning. Vi veit at mange som blir helsefagarbeidarar har tankar om å ta ei sjukepleiarutdanning. Det har vi gjort enklare.
Vidaregåande skole kan vere ei utfordring for mange. Arbeidspresset er stort, og det krevst at du følgjer med, er til stades og at du gjer arbeidsoppgåvene din for at du skal lykkast. Dessverre er det alt for mange som ikkje fullfører vidaregåande skole i Troms. Det er vanskeleg å peike på ein grunn til at fleire elevar fell frå i Troms og resten av landsdelen enn i Noreg som heilskap. Kanskje har det noko med kulturen vår å gjere? Kanskje tar vi ikkje skole og utdanning nok på alvor her i nord?
Eg har ikkje noko eintydig svar, men ein ting veit eg, dei elevane som blir følgt opp heimanfrå og har god vaksenkontakt har lettare for å lykkast enn andre. Derfor er det på sin plass med ei utfordring til foreldra og andre som har kontakt med ungdom i vidaregåande skole. Det er viktig at du gjev uttrykk for at skolen og skolegangen verkeleg betyr noko for korleis det går med deg i livet. Det er viktig at du er interessert og følgjer med kva som skjer på skolen. Det er viktig at du veit kva dottera eller sonen din gjer på dagane. Så skal vi i Fylkeskommunen gjere kva vi kan for at utdanningane skal vere så gode og utfordrande som muleg., og gje elevane den beste oppfølginga vi kan.
Det faglege nivået i vidaregåande skole er høgt. Vi forventar ikkje at elevane skal kunne få så mykje fagleg oppfølging heime, men vi forventar at foreldre og andre bidrar til at skolearbeidet blir gjort, og viser interesse for skolearbeidet. Det betyr og at ungdomen må ha tid til å prioritere skolearbeidet. Eg synst det er bra og rett at ungdom har arbeid i tillegg til skolen, litt arbeid kan vere med på å bidra til å lykkes i skolen. Men, det er dessverre ein tendens i retning av at arbeidet blir viktigare enn skolen. Det er ein tendens til skolearbeidet blir prioritert ned til fordel for lønna arbeid. Det er ei felles oppgåve for ungdom, foreldre og arbeidsgjevarar å sørgje for at lønsarbeidet ikkje tar så stor plass at skolearbeidet blir lidande.
Eg trur at vi saman må få til ei haldningsendring dersom ungdom i Troms skal få den same utdanninga som ellers i landet, at ungdom i Troms skal gjennomføre skolen og skaffe seg eit godt grunnlag for vidare arbeid og studiar. Då må vi saman prioritere skolearbeidet og vere tydeleg på at dette er viktig.
Godt val til alle tiendeklassingar den 1. mars, eg er heilt sikker på at det blir nokre spennande og gjevande år i den vidaregåande skolen i Troms.
Interessant
Nå var det vanskelege å lese Full story – og ikkje finn eg nokon stad å kommentere , berre Share – hm – eg vil lese alt og få lov å kommentere – einaste plassen eg fann å kommentere, var HER
Du må trykke på overskrifta for å lese heile innlegg