Kor høgt kjem vatnet?

Dette kartet frå NASA viser kor havet har stige, og med kor mange millimeter i perioden frå 1993 til 2008. Foto: Wikipedia
Dette kartet frå NASA viser kor havet har stige, og med kor mange millimeter per år i perioden frå 1993 til 2008. Foto: Wikipedia

Vi har alle høyrt skrekkvisjonane om at havet kan stige med sju meter. Det kan det kanskje i det aller verste tilfellet, men det skjer ikkje med det aller første. Sjølv om mange hevdar at klimaendringane går fortare enn det forskarane bak IPCC meinte.

Bjerknessenteret har saman med Miljøverndepartement gjeve ut ein rapport der dei går gjennom sannsynlege havnivåstigningar i alle kommunane i landet (jada – det gjeld sjølvsagt berre kystkommunane). Her er tala for Troms:

2050

2100

Kommune

Havnivåstigning

(cm)

Muleg stormflo

(cm over NN1954)

Havnivåstigning

(cm)

Muleg stormflo

(cm over NN1954)

Kvænangen 15 238 58 286
Nordreisa 14 233 56 280
Skjervøy 15 234 58 282
Kåfjord 14 237 56 284
Storfjord 14 237 56 284
Lyngen 14 237 57 285
Karlsøy 18 229 63 279
Tromsø 17 222 63 273
Balsfjord 13 230 54 276
Målselv 14 185 56 232
Lenvik 14 187 55 233
Berg 17 178 62 228
Torsken 17 178 62 228
Tranøy 14 187 56 234
Sørreisa 13 186 54 232
Dyrøy 13 186 55 233
Salangen 11 184 51 229
Lavangen 10 183 49 227
Gratangen 10 183 48 226
Ibestad 13 193 54 239
Skånland 13 196 54 242
Bjarkøy 16 181 61 231
Harstad 14 194 57 242
Kvæfjord 15 180 58 228

Tala er sjølvsagt usikre, blant anna fordi vi framleis har landheving i Noreg etter siste istid.

Det er sjølvsagt vanskeleg sjå for seg kva desse centimetermåla eigentleg betyr for oss. Med det er klart at det har betydning. Bloggen «Living White» har nokre bilete som viser korleis stiginga av vasstanden kan slå ut i Tromsø. for eit par dagar stod havet nesten i inngangsdøra på Tomasjordnes. Det blir i alle fall ikkje færre slike dagar, sannsynlegvis blir det langt fleire.

3 Replies to “Kor høgt kjem vatnet?”

  1. Havet vil stige rundt 70 meter, i løpet av noen få tiår, når all is på Jorden har smeltet. Det er allerede sjøer av store mengder smeltet is under overflaten i Antarktis, som noen hevder ikke kan smelte. IPCC er langt etter skjema. Det har de vært hele tiden. Japanske forskere var der hvor de er er nå for ti år siden.

    Farvel alle kystbyer.

    Det siste inlegget frå Grenseløs er Voldelig politi herjer i Oslo sentrum

    1. Eg trur ikkje vi skal vere så katastrofale i tankegangen vår. 70 meter føresett at all is på jorda smeltar og vel så det. Det kjem ikkje til å skje i løpet av eit par tiår

  2. Minst så fort. Det vil skje praktisk talt over natten. Alt annet er en del av den offisielle beroligetspolitikken som ble satt i gang med det samme de første nyhetene om dette brøt gjennom til det offentlige rom.

    Det siste inlegget frå Grenseløs er Voldelig politi herjer i Oslo sentrum

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.