Kor høgt kjem vatnet?

Dette kartet frå NASA viser kor havet har stige, og med kor mange millimeter i perioden frå 1993 til 2008. Foto: Wikipedia
Dette kartet frå NASA viser kor havet har stige, og med kor mange millimeter per år i perioden frå 1993 til 2008. Foto: Wikipedia

Vi har alle høyrt skrekkvisjonane om at havet kan stige med sju meter. Det kan det kanskje i det aller verste tilfellet, men det skjer ikkje med det aller første. Sjølv om mange hevdar at klimaendringane går fortare enn det forskarane bak IPCC meinte.

Bjerknessenteret har saman med Miljøverndepartement gjeve ut ein rapport der dei går gjennom sannsynlege havnivåstigningar i alle kommunane i landet (jada – det gjeld sjølvsagt berre kystkommunane). Her er tala for Troms:

2050

2100

Kommune

Havnivåstigning

(cm)

Muleg stormflo

(cm over NN1954)

Havnivåstigning

(cm)

Muleg stormflo

(cm over NN1954)

Kvænangen 15 238 58 286
Nordreisa 14 233 56 280
Skjervøy 15 234 58 282
Kåfjord 14 237 56 284
Storfjord 14 237 56 284
Lyngen 14 237 57 285
Karlsøy 18 229 63 279
Tromsø 17 222 63 273
Balsfjord 13 230 54 276
Målselv 14 185 56 232
Lenvik 14 187 55 233
Berg 17 178 62 228
Torsken 17 178 62 228
Tranøy 14 187 56 234
Sørreisa 13 186 54 232
Dyrøy 13 186 55 233
Salangen 11 184 51 229
Lavangen 10 183 49 227
Gratangen 10 183 48 226
Ibestad 13 193 54 239
Skånland 13 196 54 242
Bjarkøy 16 181 61 231
Harstad 14 194 57 242
Kvæfjord 15 180 58 228

Tala er sjølvsagt usikre, blant anna fordi vi framleis har landheving i Noreg etter siste istid.

Det er sjølvsagt vanskeleg sjå for seg kva desse centimetermåla eigentleg betyr for oss. Med det er klart at det har betydning. Bloggen «Living White» har nokre bilete som viser korleis stiginga av vasstanden kan slå ut i Tromsø. for eit par dagar stod havet nesten i inngangsdøra på Tomasjordnes. Det blir i alle fall ikkje færre slike dagar, sannsynlegvis blir det langt fleire.

Sju av fjorten frå nord

Eg vil gratulere Natur og Ungdom med val av nytt sentralstyre. Sju av dei 14 i sentralstyret er frå Nord-Noreg. Det er eit godt utgangspunkt for den viktigaste miljødebatten i Noreg – skal vi bygge ut olje utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. No bør NU vere godt rusta til å bidra til at vi vinn denne debatten.

Natur og Ungdom er ein viktig organisasjon i miljøkampen i Noreg, mellom anna for å få stoppa Goliat.
Natur og Ungdom er ein viktig organisasjon i miljøkampen i Noreg, mellom anna for å få stoppa Goliat.

Eg har tidlegare skrive om oljeutvinning på denne bloggen, mellom anna her. Vi nærmasr oss ein valkamp der dette kjem til å bli ein svært viktig debatt. SV i Troms er heilt klåre på at vi ikkje treng vinne ut meir olje i dag. Vi er glade for å ha ein god alliert i Natur og Ungdom.

Natur og Ungdom har lage ein presentasjonsvideo av seg sjølv. Ta ein titt:

Eg trur det er grunnleggande viktig at vi får eit samspel mellom miljøorganisasjonen og partia i perioden framover, spesielt fordi SV er delvis bunden av å sitte i regjering av kva vi kan seie offentleg. Eg ser fram til tøffe krav frå NU framover. Saman skal vi stoppe utbygging i dei sårbare områda våre.

Ytringsfridom

Eg er ytterst usamd med dei som demonstrerte til støtte for Israel på Eidsvolds plass, men det er mykje verre at motdemonstrantane nektar dei å ytre seg gjennom pøbelaktige handlingar.

Dagbladet skriv:

Motdemonstranter kaster snøballer, egg, flasker, stein og fyrverkeri mot politiet og israelvennene.

Dette er handlingar som heile det politiske og oppegåande Noreg må ta avstand frå. Det er ikkje ofte eg er samd med generalsekretær i Frp – Geir Mo – men eg er heilt samd i denne utsegna:

Du ser det er krefter her som ikke er demokratiske.

Dersom dette blir knytt til den demokratiske venstresida er det ille. Eg trur det er viktig at SV tar offentleg og tydeleg prinsippielt standpunkt for ytringsfridomen. Det kan vi gjere og framleis fordømme Israel.

Les det andre eg har skrive om Gaza her

To sider av Russland

Eg har tidlegare skrive eit innlegg på denne bloggen om Russlands to andlet. Det innlegget handla om brutalitet og progressivitet. Det finst ein annan måte å sjå på Russlands to andlet på – tilhøvet mellom by og land. Det seier eg noko om her.

Landsbygda i Russland slit med økonomien og framtidstrua. Foto: Wikipedia
Landsbygda i Russland slit med økonomien og framtidstrua. Foto: Wikipedia

I Noreg har ikkje alltid tilhøvet mellom by og land vore av det beste. Tvert i mot har det ofte bestått i ideologiske og økonomiske motsetnader knytt til målsak, fråhald, kristendom og distriktspolitikk. Noko av den same motsetnaden har du i mange land, tenk berre på på Tyskland og tilhøvet mellom Bayern og Berlin. Eg har likevel ikkje fundert så mykje på denne motsetnaden når det gjeld Russland, sjølv om eg har vore klår over dei enorme skilnadene mellom dei store byane og landsbygda i Russland. Eg kom over ein spennande artikkel på bloggen «Windowoneurasia» her om dagen. Dei skriv:

Like Disraeli’s description of England in the 19th century, the Russian Federation of today has split into “two Russias” increasingly different and isolated from one another and increasingly hostile to each other, a development that one provincial official argues is not sustainable for much longer whatever those in Moscow may believe.

og

These “two Russias do not understand one another,” he continues, and “their contacts are minimal,” limited in most cases to the use for a few months each year by urban residents of dachas they have had Tajik workers build for them. In every other regard, there is “a wall of silence between the victorious urban Russia and the defeated provincial one.”

Ei av dei verkeleg store endringane som skjer i Russland er ei endring i styringssystemet. Lokale og regionale politiske organ blir i stadig større grad gjort ansvarlege oppover, i staden for nedover til dei folka dei skal representere. Dette skjer samstundes med at dei føderale pengeoverføringane i stadig større grad blir gjort «like» for heile landet. Det betyr at dei får like mykje pengar per person uavhengig av korleis samfunnet ser ut. Dette fører til nedlegging av kulturtilbod og grendeskolar. Ein viktig konsekvens av dette er at ein bygg ned arenaer for sosiale relasjonar. På kort sikt kan dette gjere folk makteslause, fordi ingen har makt åleine. På lang sikt trur eg det vil bli bygd opp eit valdsamt sinne.

Det interessante spørsmålet er sjølvsagt om det er muleg å styre og halde saman eit så stort land med så store skilnader. I 2005 skreiv «Russia in Global Affairs»:

The disparity between some Russian regions on key development indicators (GRP, investment per capita) can be as great as 20 to 30 times – roughly the same as the gap between UN member countries except for some extreme cases, which include the most developed countries, sub-Saharan Africa, and the South and Southeast Asian countries. The wide disparity of resources in countries sharing the same continent, reflecting their uneven development, has re-emerged within the boundaries of individual countries.

Dei delane som kjem verst ut er Kaukasus. Kan det vere litt av bakgrunnen for uroa og krigane der?

Kva meiner du, er distriktspolitikk viktig andre stader enn i Noreg?

Russland skrur igjen gasskrana

682px-gas_stove_blue_flames
Kanskje blir det lite varm mat framover om ikkje gasstriden mellom Ukraina og Russland blir løyst? Foto: Wikipedia

I natt reduserte Russland gasstraumen til EU gjennom Ukraina med 70 prosent. Innbyggarane i Bulgaria har fått beskjed om å sjå seg om etter andre energikjelder. Bulgaria, Hellas, Makedonia og Tyrkia er ramma i første omgang melder EUObserver og Dagbladet.

Med dette går gasstriden mellom Russland og Ukraina inn i ein ny fase. Dei er usamde om pris og betaling. Russland hevdar Ukraina skuldar dei to milliardar dollar for gass og at dei stel av lasset av den gassen som går til EU. Ukraina har på si side svart med å truge med å auke prisen Russland må betale for å frakte gassen gjennom Ukraina seks gonger. Saka blir ikkje enklare av at det er politisk stillingskrig mellom statsministeren og presidenten i Ukraina, slik at ingen av dei i realiteten kan gjere noko med saka.

Dette er ei alvorleg utfordring for EU. Mange av EU-landa i det gamle Aust-Europa er nesten hundre prosent avhengig av russisk gass, men alle EU-landa med unntak av Irland nyttar større eller mindre delar russisk gass. TV2 melder at Austerrike no slit, og at Tyskland og merkar nedgangen i gassleveransane. Det blir spennande å sjå kva Tyskland vil gjere framover. Vil dene krisa sette ytterlegare fart på bygginga av ei ny røyrledning gjennom Østersjøen frå Russland til Tyskland, eller vil Tysklandendre politikk og i større grad leite etter energi andre stader? Den store miljøbekymringa er at EU-landa no går tilbake til å i større grad nytte kol til energi. Dette vil auke CO2-utsleppa kraftig. Dagbladet skriv:

Slovakia erklærer unntakstilstand og Bulgaria vil starte opp igjen gamle kjernekraftverk etter at Russland kuttet gassen til store deler av det sørøstlige Europa. Den bitende vinterkulden det europeiske kontinentet opplever setter gasskrisen ekstra på spissen, ettersom forbruket av gass dermed øker.

Så langt er det ingen som tener på denne konflikten. Russland taper sal, inntekter, og i det lange løp vil nok EU i enno større grad sjå seg om etter andre leverandørar av energi. Ukraina håper å sleppe å betale rekninga si, og å få større inntekter på transitten. Taparane er dessverre mange. Forbrukarane i EU-landa som er avhengige av gass til oppvarming og koking vil kunne komme til å li i vinterkulda om dei ikkje har tilgang til andre energikjelder.

Vil dei andre gassproduserande landa i verda tene på konflikten mellom Russland og Ukraina? Foto: Wikipedia
Vil dei andre gassproduserande landa i verda tene på konflikten mellom Russland og Ukraina? Foto: Wikipedia

Eg har tidlegare skrive om at Gazprom er i trøbbel. Indra Øverland er inne på noko av det same i Dagbladet. Dagbladet siterer Øverland slik:

Mens 2006-krisen mellom Russland og Ukraina ble sett på som et tegn på russisk maktarroganse, er dagens konflikt mer et utrykk for økonomisk desperasjon.

The Streetwise professor er inne på noko av det same. Han hevdar at Russland juksar med omsyn til valutareservane sine. Putin har endeleg innrømt at den internasjonale finanskrisa og vil ramme Russland. Kanskje fordi pengebingen tar til å tømmast?

OPPDATERT