Skolestrukturen i Indre Midt-Troms

I Troms og spesielt i indre Troms har vi eit breitt og godt tilbod innafor vidaregåande skole. Regionen har nesten alle dei utdanningsprogramma som finst, og vi har eit tilbod innafor eit utal fag og yrke. Det sterke fylkeskommunale tilbodet innafor vidaregåande opplæring i indre Troms er ei stor styrke for regionen. Indre Troms vidaregåande skole er ein sterk og velfungerande skole med sterke og kompetente fagmiljø som bidrar til utvikling og utdanning. Slik skal det vere i framtida og.

Likevel er det slik at vi må diskutere frå tid til anna om vi har organisert oss på den beste måten. Får vi eit godt nok tilbod til elevane og regionen i forhold til dei pengane vi bruker. Dette er ein debatt vi må ha kontinuerleg. Vi blir aldri gode nok, aldri perfekt organisert. Det finst alltid betre måtar å gjere dette på. I ein slik debatt er det og naudsynt å sjå på om vi brukar pengane rett i samband med struktur.

Eg håper folk, politikarar, elevar og lærarar vil delta i ein debatt om dette, slik at vi kan vere sikre på at vi gjer ting på best muleg måte. For meg er det viktig å slå fast ein del grunnleggande prinsipp og premiss som eg meiner bør ligge til grunn for ein slik debatt.

1. Det er både fordelar og ulempar med dagens struktur
2. Det er fordelar med små skolar
3. Det er fordelar med store skolar
4. Kostnadene med dagens skolestruktur ligg opp i mot 30 millionar over kostnadene med ein struktur som utnyttar alle stordriftsfordelar.
5. Kvaliteten på ein skole blir i stor grad avgjort av menneska i ein skole, ikkje av betongen rundt menneska i skolen.
6. Økonomien i skoletroms er pressa og vi har ikkje pengar nok til kvalitetsutvikling, kamp mot fråfall og kompetanseauking for lærarane.

Den viktige debatten framover blir, slik eg ser det, er om mange små skolar i form av oversiktlege skolemiljø, nærleik til elevane ol. er verd dei økonomiske utgiftene dette gjev oss. Er det verd at vi ikkje får råd til ei rad andre viktige tiltak i skolen? Eg må innrømme at eg er i tvil. Eg trur heller ikkje det finst eit fasitsvar på dette spørsmålet. Og, eg er heilt sikker på at det er gode argument som eg ikkje har tenkt på for alle alternativ. Det er viktig at desse argumenta kjem fram, før det blir aktuelt å ta ei beslutning om å endre på strukturen.

La det og vere sagt at det er mykje som talar for at det kan vere fornuftig å samlokalisere Bardufoss og Høgtun vidaregåande skolar. Bardufoss vgs har stort behov for oppussing. Det kan vere ein del å hente på fagleg samarbeid mellom skolemiljøa – og det vil vere ein økonomisk gevinst. Dersom dette i tillegg kan vere med å bidra til å hjelpe Målselv kommune er det fint. Kommunen og fylket må jobbe saman om desse problemstillingane. Dersom vi etter ein debatt skal ende med at vi samlokaliserer Høgtun vgs og Bardufoss vgs vil det vere ein absolutt føresetnad frå mi side at det er to samla fagmiljø som skal samlokaliserast. Det skal ikkje skje endringar i utdanningsprogram eller fagstruktur i negativ retning som følgje av ei slik samlokalisering.

Ei eventuell samlokalisering av Høgtun og Bardufoss vil bety store investeringar. Dersom vi skal samlokalisere dei to skolane må det byggast nytt på Bardufoss for å få plass til Høgtun – og gje Høgtun gode arbeidsvilkår. I tillegg har vi eit oppussing og rehabiliteringsbehov på Bardufoss. For å kunne skape Nye Bardufoss-Høgtun vidaregåande skole må det sannsynlegvis investerast mellom 100 og 200 millionar.

5 Replies to “Skolestrukturen i Indre Midt-Troms”

  1. Jonas Bertelsen Johnsen sa:

    Alternativ Setermoen
    Kvifor ikkje bygge ein ny stor skule på Setermoen til 500 millionar, som vil ha eit mykje større nedslagsfelt enn ein oppussa skule på Bardufoss.
    Gratangen, Lavangen, Salangen og kanskje Dyrøy vil vere kommunar som vil retta synet mot ein eventuell ny skule på Setermoen.
    Og ja, dette forslaget medførar ei nedlegging av alle dei tre skulane som utgjer Indre Troms Vgs.
    Med ein ny stor skule på Setermoen vil ein få eit svært utval av utdanningsløp samla på ein plass, og tilbodet til elevane i Midt-Troms vil bli tilsvarande tilbodet i Tromsø og Harstad.
    I dag er «lekkasjen» frå Astafjord-kommunane(ikkje medregna Skånland og Ibestad) til Narvik og Harstad stor grunna manglande utdanningsløp og stor avstand til Midt-Troms.
    Ein skule på Setermoen er i leveleg pendleravstand frå disse kommunane. 25km frå Sjøvegan tilsvarar same avstanden som det er mellom Bardufoss og Setermoen. Disse kommunane vil vere dei aller største vinnarane om Alternativ Setermoen blir valt.
    Målselv kommune vil ikkje stå igjen som ein stor tapar ved val av Alternativ Setermoen, da dei fleste elevane i Målselv har ein meir enn leveleg pendleravstand til Setermoen. Med eit så godt Alternativ som Setermoen, trur eg og man slepp elevar som ønskjar seg til Tromsø for å ta utdanninga si der. Fleirtalet vil ønskje å bu heime når dei går på vgs.

    Når det gjeld dei eksisterande skulebygga har eg følgjande tankar:

    Bardufoss er ein elendig skule med tanke på oppbygging og plassering av bygg, og ei endring av dette vil medføre mykje riving, noko som førar til at undervisninga ikkje kan finne stad der imens det byggjast nytt.
    Som du og nemnar er det mykje gammalt. Sjølv det nyaste bygget på skulen som blei bygd i 80-åra slit med ventilasjonen og førar til eit dårleg arbeidsmiljø som ikkje oppfyller krava i Opplæringslovas §9a eller meir bestemt Veileder til Miljøretta arbeid i barnehage og Skule.
    I tillegg vil bygging av ein ny skule på Setermoen ha ei positiv innverking på rekrutteringa av nye lærarar.
    Hovudvekta av lærarar på Bardufoss er over 55 år og må jo sjølvsagt snart skiftas ut då dei går av med pensjon. Meir gyllen anledning til uskifting trur eg ikkje du får.

    Høgtun er så godt som bestemd nedlagd. Eg ser inga grunn til å oppretthalda ein så liten skule, der tilbodet til elevane blir den tapande parten. Høgtun kjem nesten garantert til å bli ein del av Bardufoss, og når det går an å gjere det slik, kan ein og gjere det som ein del av Alternativ Setermoen.
    Det er og ein dårleg skjult sanning at Målselv kommune ønskjar seg Høgtun som nytt Barne og ungdomsskolebygg på Olsborg.
    Snakk om å slå to fluer i ein smekk!

    Sjøvegan er ein skule som stadig får færre elevar. Det einaste som opprettheld eit visst tal av elevar der er innvandrarane.
    Sjøvegan og Setermoen er to plassar med stor innvandring, og ein skule der disse elevane kan vere saman med norske er det eg trur me alle ønskjer. I tillegg får man samla kompetansen rundt desse elevane.
    Dei studiespesialiserande linjene vil og tene godt på å vere samla. Da kan elevane nyte godt av eit utbredt utval av programfag, noko som ikkje er tilfelle verken på Bardufoss eller Sjøvegan.
    På Bardufoss må du nesten ta dei få faga skulen tilbyr, og eg tvilar sterkt på at dette er annleis på Sjøvegan.
    Skulebygget finns det og mange andre bruksmulegheitar for.
    Muliges same løysning som med Høgtun, men og som eit asylmottak for eksempel.

    Ved å leggje ein ny skule på Setermoen, legg ein og til rette for eit breiare tilbod på Finnsnes.

    Elevane, som alltids er og skal vere den viktigaste parten meiner eg vil være best tent med Alternativ Setermoen.
    Sterke argumentar nemnd ovanfor og nedanfor her talar for det.

    Skulebygg og arbeidsmiljø vil bli mykje bedre.
    Fagtilbodet vil vere meir optimalt.
    Pendlermoglegheitane er større. (noko Staten kanskje sparar meir på enn fylket)
    Linjetilbodet vil være enda bedre.
    Kompetansen samlast.
    Trykket på boligsituasjonen i Tromsø vil lettast når elevar kan få samme tilbod på Setermoen.
    Alternativ Setermoen vil og hindre fraflytting, og halde ungdommen igjen i heimkommunen lengre.
    Fylket vil slippe eit svært stort problem med etterslep på vedlikehaldsida.
    Ein ny skule vil vere meir miljøvennleg.
    Elevane vil bli meir motiverte.
    Elevane blir meir samla.
    Alle elevane i Troms får eit likt tilbod.

    Men som mange med meg fryktar, så ligg ein ny skule på Setermoen 20 år framover i tid, og da vil fylket ha investert unødvendig i dei tre andre skulebygga.
    Eg håpar at politikerane ser lengre enn sin eiga nase og inn i framtida no når debatten er i gang.

    Og ikkje minst håpar eg at dei 1000 elevane som berørast av dette blir tatt med i debatten og spurd om deira meining.

    1. Spennande tankar Jonas. Eg trur dette er verd å diskutere, men er tvilande må eg innrømme. Avstanden for mange blir stor. Spesielt frå Lenvik/Senjaområdet. Det er mange derifrå som søker seg til Bardufoss på yrkesfag. Trur du elevane ønsker seg Setermoen?

  2. Jonas Bertelsen Johnsen sa:

    Eg la nok ikkje stor nok vekt på det, men ein en annan faktor med ein skule på Setermoen er eit muleg breiare og bedre tilbod i Lenvik.
    Dei fleste frå Lenvik/Senja som går yrkesfag på Bardufoss går TIP, Byggfag eller Elektro. Byggfag er den einaste linja av desse som ikkje tilbys i Lenvik. Begge dei to andre er tilbod på Senja VGS.
    Omtrent halvparten som går byggfag på Bardufoss kjem fra Senja/Lenvik, difor bør det ikkje vere for vanskeleg å etablere ei byggfaglinje ved ein av dei tre skulane i Lenvik. Den mest aktuelle skulen her vil være Senja Vgs.
    Dette vil redde Senja Vgs frå nedlegging, og vil i tillegg vere god distriktspolitikk.
    Hybelbehovet og utgiftane til Lånekassen blir med dette betrakteleg mindre.

    Reiseavstanden for elevar ellers vil ikkje være stort forskjellig. Den økar sjølvsagt for mange, frå gangavstand til 3 mil. Dei elevane som vil merke det mest er dei frå Øverbygd. Men dei havnar jo egentlig berre i ein situasjon som elevar fra Gratangen, Lavangen og Salangsdalen har vært i dei siste åra.

    Eg trur mange elever vil komme til å stille seg bak ein stor skule på Setermoen om dei får presentert alle dei reele alternativa. Det største problemet ein kjem til å møte er patriotisme blant elevar og politikarar. Da tenkjer eg spesielt på Salangen og Målselv.

  3. Hei Pål Julius. Interressant innlegg det her, men må kommentere en ting på det svaret du har jedd tell han Jonas Bertelsen.
    E det vanskeligar førr folk fra Lenvik/senjaområdan å pendle tell setermoen, enn det e førr alle dem som må pendle tell Sjøvegan førr å gå helsefagarbeider/barn og ungdom?
    Som faktisk e blant de viktigste fagan vi har.

    Det siste inlegget frå Katrine Gregussen er SnySnySny

    1. Nei, det er det sjølvsagt ikkje. Poenget mitt handla om kor mange som ville måtte pendle. Pendling er aldri av det gode. Vi klarer ikkje å unngå det, men eg prøver å begrense det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version