Heimebrenning i desse gourmettider

Eg har starta med heimebrenning. Det er utruleg artig, men kvaliteten er kanskje ikkje heilt der han skal vere enno. Smak og lukt kan enno bli betre. Kanskje nokon kan hjelpe meg med framgangsmåten?

lik ser kaffen ut før du brenn han, dette er "djimmah". I Tromsø får du rå kaffe hos Taras i Storgata

Nei, eg sit ikkje her framfor tastaturet og tilstår lovbrot. Det eg brenn er kaffe. Eg fekk ei bok i julegåve som inspirerte meg til å prøve dette. Boka heiter forøvrig «Black Gold: A Dark History of Coffee» av Antony Wild. I alle fall så er det mange måtar ein kan brene kaffe heime. Du kan bruke ei steikepann, du kan bruke omnen og du kan bruke popcornmaskina di. I tillegg kan du sjølvsagt bruke mykje pengar på å kjøpe ein eigen maskin. Det har ikkje eg gjort.

Derimot har eg kjøpt meg popcornmaskin. Det var ikkje ein god ide. Hovudsakleg fordi eg kjøpte feil type maskin. Dersom du søker litt på brenning av kaffe på nett vil du finne ut at det er mange som meiner popcornmaskin er den beste måten å brene heime på, men det føresett at maskina popar med varmluft. Det gjer ikkje min maskin, den nyttar ei varm panne. Det funkar dårleg. Dvs eg får til å brenne litt kaffe, men litt er det sentrale ordet. Det blir knapt til ein kopp i gongen. Det blir litt lite og litt mykje styr for kvar kopp. Eg har testa ut steikomnen. Det fungerer heilt greitt. Sjølv om eg slit med å få bønene jamnt brente. Nokre blir litt for brente, og nokre for lite. Det betyr at egmå sortere ut dei verste avvika i begge retningane. Men for lite brent er verre enn for mykje brent.

Nybrent kaffe rett frå omnen, nokre framleis med skalet på

Eg brukar varmluftfunksjonen, sett omnen på 230 gradar og legg dei rå kaffebønnen på bakepapir opp ei rist. Det tar ca. 10 minutt så er kaffebønnene ferdige. Det er litt artig at kaffebøner faktisk popar. Ikkje så storslagent som mais, men artig likevel. Eg har prøvd no med Yirgachaffe, Sidamo og Djimmah. Best resultat har eg fått med Yirgachaffe.

Når bønnen kjem ut av omnen må du skille bønnen frå skalet. Eg tømmer bønnene og alt oppi eit dørslag og går ut i vinden. Ristar litt på dørslaget og vinden bles vekk det verste. Då er det berre  å vente på at bønnene blir kalde, så kan du koke verkeleg god kaffe.

Korfor blir kaffen så god, jo fordi brente kaffebønner og i enno større grad malte kaffebønner er ferskvare. Smaken blir raskt dårlegare og smalare.

7 Replies to “Heimebrenning i desse gourmettider”

  1. Irene sa:

    Tror jeg må ta meg en tur innom Taras etter denne beskrivelsen.
    ( Der har de forresten en nydelig kanel-kaffe jeg må kjøpe med jevne mellomrom.)

    Det siste inlegget frå Irene er Billettmrk. Rødvin og peiskos

  2. kaffelsker sa:

    Hvor får du kjøpt ubrent kaffe – finnes det noen nettbutikker som selger dette i norge…

    1. Hei, i Tromsø hender det at dei har rå kaffe på Taras, eg har og kjøpt på nettet frå http://temperato.no/ og er godt nøgd med dei. Men det er ikkje alltid dei har den kaffen dei påstår dei har.

  3. Ole Andreas sa:

    Hei, jeg brenner bønnene mine i en hermetikkboks som jeg roterer over kullgrillen min. Har også prøvt med stekepanne, varmluftovn og FreshRoast (kommersielt produkt) uten å bli like fornøyd med resultatet.

    Norske nettbutikker som jeg selv har kjøpt ubrente kaffibønner fra: http://www.kaffebrenneriet.com/ http://www.teaandcoffee.no/

    Har også handlet fra en danske nettbutikk;http://www.moccabox.dk/.

  4. This one is also fine place to get Italien cofee: http://www.esprezzo.dk/kaffe

  5. Africanmarket sa:

    Hei
    Africanmarket Oslo selger også ubrent kaffe, det finses gamel Etiopisk hjemme kaffe brenning utsyr kosted 100kr, 1klasse Etiopisk moka kaffe kosted 140kr. kontakt info@africanmarket.no besøk
    http://www.africanmarket.no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version